tag:blogger.com,1999:blog-308247992009-03-02T02:53:57.347+01:00Tankar frå ei reiseVarangertankar sine reiseskildringar frå fjern og nær
Tankar frå Varanger
Varangertankarhttp://www.blogger.com/profile/04142242265428887411noreply@blogger.comBlogger17125tag:blogger.com,1999:blog-30824799.post-75350187964829300302008-08-30T09:51:00.004+02:002008-08-30T13:16:09.965+02:00Reise i nære strokDet går an å dra rundt i det nære. Og oppleva minst like mykje. Me tok på oss turistbrillene og køyrde til Syltefjord og til han klokkemannen, som lagar klokker og anna av lokal stein. Han har haldt på i mange år nå. Framleis den same. Inne i lokalet sitt, laga av drivtømmer. Trolsk stemning med klokkelydar ute i vinden og eit lite "vatnfall" inne. Og som gode turistar handla mykje hos han.
Vidare til Kjølnes Fyr og overnatting. Fekk servert lokal boknafisk og overnatta i brudesuiten i fyret. Det var jo ei slags forsinka bryllupsreise, dette.
Neste morgon frukost og lang og god prat med innehavaren, Esther. Og to franske journalistar frå Le Figaro som var overvelda over skilnaden mellom Paris og Kjølnes.
Inn til Berlevåg og glaskunstnaren Daniela. Ho held på å utvider i nye lokale. Blir sikkert bra. Handla hos henne òg.
Tilbake igjen. Sandfjorden med sitt magiske landskap.
Og til Kongsfjord, der dei har slått seg opp dei siste åra med flott antikvitetsbutikk, kunst med meir.
Fin tur i det nære.
Har tatt ein liten romjulstur. Dratt frå snø og mørketid til regn og grøne bakkar, til barndomsøya. Får treft sonen min, foreldre, slekt og diverse.
Medan me sat ved kaffebordet, såg eg brått dette vesle noteheftet. Nokre kornettnotar med julesangar. Og tankane flaug straks langt bak i tid.
Då eg sat og dingla med beina, spelte og vræla på ein kornett i skulekorpset på ein julekonsert i kyrkja.
Kornetten min var dyr og fin. Men det dumme med den var at den hadde så stort hol i munnstykket. Dermed var det vanskelegare å koma opp i dei høgaste tonane. Den hadde visst ein fin og rund tone, men det hjalp ikkje i eit korps kor det viktigaste av alt var å koma opp i høge tonar.
I barndommen skjøna eg ikkje denne samanhengen. Trudde berre at eg var for dårleg til å spela. Synd i grunnen at eg ikkje forstod det før godt opp i vaksen alder.
"Du grønne, glitrende tre (goddag)" var ein av dei som eg stadig streva med. Den første, høge e-en gjekk greit. Men så kom det ein til. Den vart tynn. Så hoppa det jammen opp i ein f. Og mot slutten var leppene mine så slitne at til og med d-ane gjekk over i forferdelege vræl.
Det var trompet eg skulle hatt. Den har som regel mindre hol i munnstykket. Og det var sannsynlegvis difor eg vart så dødsens forelska i ei (eldre) jente i korpset som spela trompet. Ho kunne nemleg utan problem støta ut tonar i g og a Gud veit kva. Så når me sat på nokre benker på kvar side av alterringen, iført mørkeraude uniformar og med instrumenta i fanget, og venta på å få spela (eg grua meg), så blei eg sitjande og nidstirra på denne jenta. Då var eg så ung at eg ikkje skjøna at slik stirring kunne bli lagt merke til. Det blei det. Ho og alle venninnene hennar som sat ved sida av henne (dei var alle forferdeleg store, sånn i min målestokk)byrja å stirra tilbake, kviskra til kvarandre og knisa. All framtid kjendest som øydelagt. Og verre vart det då me gjekk fram og satte oss på stolane for å spela julesangane. Eg vifta med beina. Dirigenten heva takstokken. Så byrja me på "Du grønne glitrende tre. Goddag."
Har tatt ein tur sørpå. Vore i Oslo på filmanalysekurs på Universitetet med sambuar og kollega. Rart å vera på gamle tomter. Og det må vera minst eitt nytt, stort hus som ikkje var der sist på Universitetet. Flotta oss på hotell. Leita etter ei bok. Kom innom ein bruktbutikk i Hegdehaugsvegen, som var overlessa med gamle bøker. Og mest imponerande var det at innehavaren hadde full oversikt. Og kunne straks fortelja at boka eg såg etter, hadde han ikkje (Dag Skogheim; Sulis).
Men me kjenner nokon på Deichmanske. Og der var den. Forsåvidt berre på lån.
Samstundes har eg kjøpt meg ein ny duppedings. Ein liten blinkande boks som er ein gps. Den koblar seg til mobilen min, og så kan eg finna fram overalt.
I Vadsø er det forsåvidt ikkje så mykje bruk for den. Er jo godt kjent der frå før. Og det går enten den eine vegen eller den andre i den byen.
Men så skulle me liksom finna Deichmanske i Oslo. Me stod midt i sentrum. Eg plundra med mobil og gps. -Ring henne og finn ut kva adressa til biblioteket er. Eg meinte bestemt å høyra at det var Arne Garborgsvei 4. Så gjekk me. Mobil og gps viste veg. Til høgre. Og venstre. Og rett fram. Me gjekk og gjekk. Og kom aldri fram. For adressa var visst feil. Var på veg rett ut av byen.
Eg drog seinare på kvelden til Stavanger. Vitjar sonen min som går på skule der. Dessutan bur bror min der. Han ringte meg og tilbaud å henta meg på flyplassen.
Det var jo fint. Det var seint på kvelden og eg var trøtt. Men det dumme var at eg hadde gleda meg til å bruka gps-en frå Stavanger sentrum og til hybelen til sonen min.
Så nå får eg jo aldri brukt denne gps-en!
Varangertankarhttp://www.blogger.com/profile/04142242265428887411noreply@blogger.com3tag:blogger.com,1999:blog-30824799.post-33505129473756750402007-05-12T11:28:00.000+02:002007-05-12T11:49:09.927+02:00Fuglesang om morgonen
Vakna opp morgonen til denne lyden.
Har tatt ein helgetur til Halsnøy, barndommens øy, sidan eg først på desse trakter. På grunn av store avstandar blir det som regel ikkje meir enn toppen ein gong i året det skjer.
Og når eg har reist frå iskald kuling og snø i Vadsø og kjem hit, blir det unekteleg eit kraftig natursjokk.
For ikkje å snakka om å vakna til lyden av vakker fuglesang.
<object width="350" height="350"><param name="movie" value="http://www.youtube.com/v/CoN83ka6Its"></param><embed src="http://www.youtube.com/v/CoN83ka6Its" type="application/x-shockwave-flash" width="425" height="350"></embed></object>
Varangertankarhttp://www.blogger.com/profile/04142242265428887411noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-30824799.post-66838967096484841652007-05-12T10:47:00.000+02:002007-05-12T11:04:18.352+02:00Kjendisane og eg
Har vore ein tur i Bergen og kikka. Samling blant medielærarar først. Og så Nordiske Mediedagar. Diverse spanande seminar. Blant anna frå BBC som fortalte om korleis dei laga naturprogram og historiske dokudrama.
Kjendisar overalt. Nokon kjenner eg. Og nokon helsa eg på. Av typen;
-Nei, hei, er det du? Det var lenge sidan. Kva gjer du på nå? Nei, men me snakkast vel igjen.
Der borte stod ein som seldte ei vannseng til meg ein gong. For 20 år sidan. Kunne ha gått bort og minna han på det. Men lot vera.
Og borti der stod Dorthe Skappel med blåveisen sin. Ho snakka energisk med ei gruppe. Kunne ikkje unngå å høyra kva temaet var då eg rusla forbi; Sjølvsagt om korleis ho fekk blåveisen.
Det var ein ting eg var glad for på denne samlinga. At eg sosialt sett kunne slappa av. Eg slapp å gå kvilelaust omkring å pleia gamle og skaffa nye konktaktar. Eg kunne berre rusla omkring og sjå det heile litt på avstand.
Og ta ein og annan avstikkar bort frå sirkuset, til sjølve Bergen, med kafear og vårluft.
Er av og til i Tromsø for å henta nye impulsar.
Og var i helga på ei spesiell forestilling.
Medan det stod ei framme og fortalte og las, kunne eg høyra nokon bakerst i blant publikum som snakka i telefonen.
Eg blei meir og meir irritert. Tenkja seg til! Endåtil i Tromsø er det nokon som forstyrrer slik! Andre snudde seg og såg undrande bakover.
Så viste det seg at dette høyrde til forestillinga. I ein stor boks kom det ut ei stemme. Til og med latteren til to jenter rulla ut av boksen iblant.
Kva som foregjekk framme på scenen fekk eg ikkje særleg med meg. Men det var jo ein god og nyskapande ide.
Så slo tanken meg; Kvifor har me ikkje slike boksar i Vadsø?
Varangertankarhttp://www.blogger.com/profile/04142242265428887411noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-30824799.post-76862424546930884922007-01-20T16:16:00.000+01:002007-01-20T16:37:21.918+01:00Nytt år mellom opera, techno og tiggararMe gjekk inn i det nye året i hovudstaden denne gong. Ville flotta oss litt og sjekka inn på Hotel Plaza. I 26. etasje.
Ville oppleva litt kultur. Drog til Munchmuseet.
Stengt.
Kan du tenkja deg. Omtrent alt var stengt den siste dagen i det nye året, fordi det var søndag. Nokre turistar rista skuffa i den låste døra.
Men operaen var klar til å ta imot folk. Med Mozart sin historie om den romerske keisaren Titus. På veg til operaen støtte me stadig på narkomane med pappkrus. Ein av dei såg ut til å ha sete på det same fortauet heile dagen i kulda. Eller kanskje dei veksla på å sitja på forskjellige postar.
I operaen blei me servert champagne.
Ut av operaen støtte stivpynta publikumarar frå Oslos Beste Vestkant på ein gjeng ungdommar som strauma ut av ein buss. Frå bussen dundra det siste nytt innan techno. Ungdommane skråla og sprang bort til ein vegg for å pissa.
Me gjekk inn på ein italiensk restaurant. Kjende lukta av middelhav og livsnytelse.
Skunda oss til slutt tilbake til hotellet. Opp på rommet i 26. Høgt heva over alt bråket der nede. Såg klokka segla mot eit nytt år. Og på rakettane som eksploderte under oss.
Og så var det nye året der.
Varangertankarhttp://www.blogger.com/profile/04142242265428887411noreply@blogger.com2tag:blogger.com,1999:blog-30824799.post-54939178007373683682007-01-20T14:32:00.000+01:002007-01-20T16:16:23.398+01:00Det Indre Austland i julaDrog sørover til det Indre Austland i jula. Til Akershus og Hedmark. Der gamle, amerikanske bilar står rundt kvart hushjørne.
Til juleselskap med ribbe og kaffe. Og lune menneske. Som fortalte om jul i gamle dagar. Då alt var slit og arbeid. Då det største som kunne henda var å få eit par beksømstøvlar i julegåve. Så glad at han sov med støvlane på om natta.
-Me skjønar ikkje kor godt me har det i dag, sa ein av dei. Og kikka ut på bakken som ikkje var dekka av snø.
Dette er menneske som kan den edle kunsten å småsnakka;
-Nå, har du fått i deg mye god julemat i helga?
-Joda, det har da blitt noe, ja.
-Kanskje litt for mye av det gode?
-Joda, det har vel blitt litt mye, også, ja...
og så vidare...
Og ingen stader er julenissen meir ekte enn på Austlandet.Det er som å gjenoppliva alle åra med Snekker Andersen. Men dagen etter då ein onkel kom innom og spurte om julenissen hadde kome, svara fireåringen tørt;
-Ja, det var deg, det.
Ingenting er som før.
Naturen består i stor grad av skog. Innimellom ei og anna gammal hustuft frå eit småbruk i hine hårde dagar.Nokre halvvegs frosne småbekkar. Store kornåkrar som ventar på ny kornsesong. Store, flotte gardsbruk. Med bønder som berre jobbar og jobbar.I motsetnad til oss turistar som berre gjekk korte turar før me åt meir julemat.
Varangertankarhttp://www.blogger.com/profile/04142242265428887411noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-30824799.post-1153422268417633172006-07-20T21:03:00.000+02:002006-07-21T01:49:28.270+02:00Madeira juli 2006
Nokre gonger må ein berre godta sin stand; Å vera turist.
Det vil seia å overgi seg til late dagar under sola, eta gode middagar med vin kvar dag, slenga rundt seg med euro. Alt som høyrer turistlivet til.
Gjekk ut av flyet, blei møtt av ein mild vind og god varme, blei køyrd til "Hotel Tropical" litt utanfor hovudstaden Funchal. Inn på hotellet, og til verdas mest nydelege utsikt frå balkongen.
Vakna neste morgon til lyden av havet. Og forsiktig klirring i knivar og gaflar frå turistar som åt frukost på verandaen under oss.
Her var det ingen discomusikk og grisefestar, nei. Berre rolege turistpar som sat ved kvart sitt bord og kviskra til kvarandre. Dei madeiranske kelnarane gjekk like stille , men effektivt rundt og sørga for at alle hadde det dei trengte.
Me gjekk ned og "para" oss blant dei andre, som typiske turistar gjer (altså satte oss ved eit bord for oss sjølve og kviskra medan me åt frukosten).
Madeira er ei portugisisk vulkanøy eit stykke utanfor Marokko. Kjent for Madeiravin. Sånn før me kom.
Det er varmt så langt sør. Men bris frå havet gjer klimaet mildt. Øya har ingen sandstrender. Berre steinar og steile vulkanklipper.
Hotellet vårt er bygd som eit terassehus nedover ei slik klippe. Garantert balkong og skikkeleg havutsikt på alle romma. Litt nedanfor balkongen vår var det basseng. Trappa vidare ned ein liten bar. Og til slutt trappa heilt ned til sjøen. Litt mykje bølger og straum, litt fisk å sjå viss ein leigde snorkelutstyr.
Drog på utflukter til Funchal, hovudstaden. Overalt bratte fjell og djupe dalar, laga av vulkanar. Tunnellar og bruer gjer det mogleg å koma raskt gjennom og over.
Opp i gondol. Og ned i ein merkeleg farkost. Ein trekasse som segla i full fart nedover brusteinane, gjennom dei smale, bratte gatene.
Litt dyrt var det. 25 euro. Men artig.
<object height="350" width="425"><param name="movie" value="http://www.youtube.com/v/Cy2FuEIIsyo"><embed src="http://www.youtube.com/v/Cy2FuEIIsyo" type="application/x-shockwave-flash" height="350" width="425"></object>
Nede i byen; Marknader. Frukta såg innbydande ut. Fekk prøvesmaka. Og kjøpte eit kilo. Det kosta svimlande 20 euro. Me blei sikkert lurt. Men kunne samstundes utføra ei viktig turisthandling; Å gremma seg litt over prisar og slikt.
Innimellom turistane, fekk me eit lite innblikk i lokal kultur. Ei mengde med menn som stod og såg på nokon som spelte kort. Mogleg det var høg innsats i kortspelet som skapte slik interesse.
Ned til havna. Ny middag. Og eit par paraplydrinkar til forrett. Og koma opp i ein typisk mislykka turistsituasjon som; "lukkeleg-par-sit-ved-bordet-med-kvar-sin-paraplydrink-og-tar-bilete-med-sjølvutløysar-utan-å-ha-sjekka-vinkelen-først".
Ut i båt saman med andre turistar for å sjå på delfinar og kval. Og DER var det jammen eit par kvalar.
<object height="350" width="425"><param name="movie" value="http://www.youtube.com/v/k17DlFMjS6g"><embed src="http://www.youtube.com/v/k17DlFMjS6g" type="application/x-shockwave-flash" height="350" width="425"></object>
Så leiga bil for å sjå meir av øya. Opp til eit av dei høgaste fjella. Over 1800 meter over havet. Går nokre hundre meter langs ein godt utbygd sti som kunne ført oss langt bortover fjella. Nedanfor på begge sider var det stupbratt og langt, langt ned til ein byrjinga på ein sovande vulkan.
<object height="350" width="425"><param name="movie" value="http://www.youtube.com/v/EX6sLgAi2Ns"><embed src="http://www.youtube.com/v/EX6sLgAi2Ns" type="application/x-shockwave-flash" height="350" width="425"></object>
Vidare til nordsida av øya. Som er meir grøn og frodig. Mindre befolka. Nærast klaustrofobiske, høge, bratte fjell ned mot sjøen overalt. Som har veldig smale vegar enkelte stader. Sjølv for ein vestlending.
Og som skapte temmeleg spanande situasjonar for oss og leigebilen.
<object height="350" width="425"><param name="movie" value="http://www.youtube.com/v/zdLSwzdXGg8"><embed src="http://www.youtube.com/v/zdLSwzdXGg8" type="application/x-shockwave-flash" height="350" width="425"></object>
Det var ikkje det. Folk på Madeira var avslappa både i trafikken og elles.
Men etter ei veke med sol, sjø og mengdevis med middagar og vin. Så var det på tide å avslutta.
Er du ute etter ei avslappa veke. Dersom det ikkje er viktig å få sand mellom tærne. Dersom du vil oppdaga hav, fjell, skog, god mat og vin på ein gong. Så er Madeira rette staden.
Varangertankarhttp://www.blogger.com/profile/04142242265428887411noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-30824799.post-1152380554355308642006-07-08T19:35:00.000+02:002006-07-20T18:37:17.716+02:00Den tropiske øya - Halsnøy, juli 2006
Synes denne Halsnøya berre blir meir og meir grøn og overgrodd. Eller er det berre eg som har blitt endå meir vant til den sparsame vegetasjonen i Vadsø?
I alle fall; Øya der eg har gått barneskoa og litt større sko kan opplevast som den reine tropeøya. Når ein kjem sånn direkte frå austleg, sur vind i Vadsø og til sol og varme på Halsnøy.
Så det...
Varangertankarhttp://www.blogger.com/profile/04142242265428887411noreply@blogger.com2tag:blogger.com,1999:blog-30824799.post-1152377477514286992006-07-08T17:57:00.000+02:002006-07-20T18:36:11.896+02:00Mareritt og minner vest i havet - Utsira juli 2006 Å reisa på ferie til Utsira var ingen lek før i tida. Då Sirafjord la ut frå kai i Haugesund, visste me at marerittet var i gang. Båten var ein ombygd lastebåt. Motoren romla og brølte nede i lasterommet. Familien vår hadde klart å okkupera mest mogleg plass på dei største benkene. Ungane måtte eta appelsiner med nokre svært beiske tablettar inni. Eit kraftig dopmiddel mot spysjuke før i tida. Så blei me kommanderte til å leggja oss ned på benkane for å sova.
Det var sjølvsagt umogleg.
Motoren brølte endå meir då den gjekk ut mot havet. Så byrja båten å rulla. Meir og meir frå side til side. Baugen gjekk oppover og oppover. Innan den brått stupa nedover igjen mot ei uendeleg avgrunne.
Så kom dei fyrste lydane. Frå folk som ikkje hadde tatt reisesjuketablettar. Så den forferdelege lukta. Ei blanding av diverse oppgulpa middagar blanda med lukta av olje.
Og alt me ungar kunne gjera, var å klamra oss til benkane, medan frådande bølger kasta båten omkring. Og innhaldet frå revna papirposar flaut overalt på lasteromsgolvet.
Det føltes som om halve livet vårt forsvann i berre ein slik tur.
Då me endeleg kom i land på den steinete øya vest i havet, sjangla me, fullstendig neddopa og utslitte oppover den smale vegen.
Det er ikkje difor det har tatt så lang tid før eg kom tilbake til øya. Trur det er 13 år sidan sist. Det har vel meir med at eg nå bur så veldig langt borte. At det blir eit tiltak å ta avstikkaren rett vest.
Så når turen blei tatt igjen, vart minnene veldig sterke. Over å sjå steinknausane igjen. Som ligg der dei alltid har vore.
Dei fleste husa held seg merkeleg godt etter så mange år i storm og solnedgangar.
Døde og levande står som alltid tett samanknytte i eit så lite samfunn.
Noregs første, kvinnelege ordførar (1926) vaktar utover livet på øya.  Ser litt mistenkeleg på endringane. Konstaterer at to store vindmøller er plassert i aust. At skog er planta.
Og gamle Sirafjord er for lengst borte. Nå er det ein hypermoderne båt som drar til øya på rekordtid utan å la seg merka noko særleg av bølger.
Så spyposane ombord kan dei vel strengt tatt pakka bort.
Varangertankarhttp://www.blogger.com/profile/04142242265428887411noreply@blogger.com2tag:blogger.com,1999:blog-30824799.post-1152366079427956782006-07-08T15:40:00.000+02:002006-07-20T18:36:44.936+02:00Mormor på 97 - Utsira, juli 2006
Har framleis ei mormor. Ho bur på Utsira. Øya vest i havet utanfor Karmøy. Og ho har rukke å bli 97 år.
Det er lenge sidan eg har sett henne. Alt for lenge. Men denne gong kunne eg setja meg ved sida av henne på aldersheimen.
Så der sat ho. Like karrig og fast som landskapet på øya. Men med det same glimtet i auget.
Det byrjar å gå i surr for henne med barnebarn og oldebarn. Særleg når ho blir presentert for moderne "mine og dine"-familiar.
Men ho hugsa meg. Sjølv om det var lenge sidan sist.
-E det deg, spurte ho undrande.
-Er du ennå oppe i Nordland?
Alt nord for Trondheim er Nordland på ei lita øy som Utsira.
Mormor blei enke i 1966. Mannen hennar døydde av ein sjukdom som kunne vore lega i dag.
Sidan den tid budde ho mykje åleine i huset sitt på øya. Gjekk i fjæra om vinteren for å henta drivved. Gleda seg over det som kom av vitjing frå barn og barnebarn om sommaren.
Det at ho til slutt måtte flytta til aldersheimen har ho aldri forsont seg med.
-Eg får vel bli nokre dagar til, innan eg fer heim igjen, sa ho inne på aldersheimen. Medan rullatoren stod klar ved sida av henne.
Hugsar ein gong eg som tenåring skulle ta avskjed med henne, etter å ha vore ei stund på øya. Som tenåringar flest ville eg etterkvart markera at eg var uavhengig. Og ga henne difor ingen avskjedsklem.
Ein klem fekk ho denne gong. Innan eg måtte dra ifrå henne igjen.
Varangertankarhttp://www.blogger.com/profile/04142242265428887411noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-30824799.post-1152357918019004752006-07-08T13:20:00.000+02:002006-07-08T14:41:31.970+02:00Far og sønn på juletur til Berlin 2004
Alles gut
Mykje rart for to bønder i byn
Historie und spass
Herzliche neue jahr
Viele leute
Varangertankarhttp://www.blogger.com/profile/04142242265428887411noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-30824799.post-1152357537744726442006-07-08T13:15:00.000+02:002006-07-08T14:46:29.786+02:00Halsnøy 2005
Barndommens Øy
Ikkje køyr ombord på ferjo!
Varangertankarhttp://www.blogger.com/profile/04142242265428887411noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-30824799.post-1152356846209164762006-07-08T13:05:00.000+02:002006-07-08T13:13:44.553+02:00Far og sønn i Mexico 2003
Tur til Mexico 2003.
Sjå nettstaden
http://home.no.net/hamiso/
Varangertankarhttp://www.blogger.com/profile/04142242265428887411noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-30824799.post-1152355730913071752006-07-08T12:46:00.000+02:002006-07-08T13:14:42.070+02:00Far og sønn til Ungarn og Kroatia 2001Tur til Ungarn og Kroatia 2001.
Meir info seinare.
Varangertankarhttp://www.blogger.com/profile/04142242265428887411noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-30824799.post-1152350612761037922006-07-08T11:10:00.000+02:002006-07-20T18:38:17.050+02:00Malaysia 1993Tur til Malaysia i 1993. Meir info seinare.
Varangertankarhttp://www.blogger.com/profile/04142242265428887411noreply@blogger.com0