tag:blogger.com,1999:blog-302560972009-06-03T00:38:43.912+03:00verda sett frå austsidaobservasjonar frå eit kvardagsliv. no på vestsida.austsidanoreply@blogger.comBlogger193125tag:blogger.com,1999:blog-30256097.post-50480588935633627662009-06-03T00:03:00.007+03:002009-06-03T00:22:03.531+03:00Eit nytt syn på verda
Eg vakna ein morgon og såg på meg sjølv med nye auge. Auge utan raude briller framom. Og eg fann ut at eg likte synet av meg sjølv heilt som meg sjølv.

Eg stakk innom optikeren min og bestilte time. Eg kom inn dagen etter og eg sa at eg hadde lyst på nye linser. Slike som eg kan ha på meg ei veke i strekk, dag og natt. Optikeren skisserte ein vekeplan for meg. Eg gjekk heim og fire dagar seinare ringte han: Linsene har komme.

Eg traska ned til optikeren att. Han hadde bestilt seks linser til kvart auge. Men eg fekk berre med meg to linser heim. I lag med ein bærepose med linserekvisittar, lekseplan og ny avtale med optikeren. Eg var immatrikulert på linseskolen.

Første dag gjekk fint. Eg putta linsene rett inn. Og tok dei av på kvelden. Neste dag var verre. Vondt på det høgre auget. Linsene av på kvelden. Og slik heldt det fram i fire dagar. Heilt til i går kveld: Første natta med linser på. Og kvelden før eg skulle opp i linseeksamen hos optikaren.

Det var litt rart å opne augene i dag tidleg, men det gjekk fint. Verre var det då linsa på det venstre auget datt ut. No har eg stroke, tenkte eg.

Eg gjekk ned til optikaren att. Eg bestemte meg for å vere ærleg. Og eg stod. Linseeksamen gjennomført, tenkte eg, og venta berre på å få utlevert resten av linsene og starte mitt nye liv som linsebrukar.

Men nei. På tur ut, mens eg står klar for å betale, gir optikaren meg to nye linser. Og ny lekse: Ha på deg desse linsene ei veke i strekk, dag og natt, og kom tilbake neste tysdag.

Mitt nye syn på verda møter motstand. Vil eg nokon gong sjå ljoset i enden av tunnelen?

austsidanoreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-30256097.post-74608238164005785132009-05-26T01:00:00.003+03:002009-05-26T01:24:19.968+03:00Kampen mot klokka, krona med sigerEg har alltid kjempa ein hard kamp mot klokka. Mot vekkarklokka, armbandsuret. Tida har alltid gått litt fortare enn meg, rett og slett.

Eg har aldri vore spesielt god til å stå opp. Eg sprang alltid dei siste metrane til skulen - og rakk det nesten aldri. På vidaregåande sykla eg for livet og kom alltid springande opp trappa tre minutt for seint, med blodsmak i munnen, uorden i håret og svettedropar på ryggen. Den siste resten av pust brukte eg til å pipe ut den daglege orsakinga: "Unnskyld at eg er så sein", før eg kapitulerte på pulten ved vindauget. Dessverre synst læraren min at eg var for sein på ein sjarmerande måte, noko som ikkje akkurat bidrog til å dra meg ut av tidsklemma.

Alle særoppgåvene mine, heimeeksamenar og mappeinnleveringar er skrive ferdig siste natta og levert eitt sekund før fristen. På heimeeksamenen min på nordisk grunnfag hamna eg såpass i tidsklemma at eg ringde heim for å få hjelp. Klokka 5 om natta. Eg tvang far min, agronomen, til å finne fram universitetsprofessoren i norsk litteratur i seg, mens mor mi, sjukepleiaren, snakka med roleg røyst og tilrådde meg å sove litt. Og ikkje kaste datamaskina ut vindauget før eg kom så langt. Eit halvt år etter sprang eg mot Blindern med ein diskett i handa for å levere mellomfagsoppgåva mi, då eg traff på eit menneske eg såvidt var på hels med og tvang ho til å låne meg sykkelen min. Dagen etter leverte eg den andre mellomfagsoppgåva mi, i ein tilstand der eg knapt var i stand til å uttale mitt eige namn. Men eg rakk det sjølvsagt. Med god margin. 30 sekund er meir enn nok.

Eg har kjempa mot klokka i 27 år. I dag, klokka 23.58 leverte eg eksamensmappa mi på det nettbaserte deltidsstudiet mitt 38 timar og 2 minutt før fristen gjekk ut. Med andre ord; 38 timar før eg i det heiletatt burde begynne å tenkje på å levere oppgåva, 37 timar og 57 minutt før eg vanlegvis begynner å skrive konklusjonen. 36 timar og 37 minutt før eg skal bli råka av panikk. 36 timar og 19 minutt før eg tenkjer at eg har full kontroll. 35 timar og 17 minutt før eg må ta den siste kvilen før innspurten. 24 timar og 2 minutt før eg innser at eg får ei heil natt framom macen.

Kampen er endeleg krona med siger. Ny personleg rekord. Kva eg føler no? Eg føler meg rar, ikkje heilt som meg sjølv. Roleg. Avslappa. Men litt tom. På ein stressa måte.

For kva skal eg gjere dei neste 38 timane?

austsidanoreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-30256097.post-86050976207352515702009-05-20T01:31:00.006+03:002009-05-20T12:41:04.737+03:00Glipa i rullegardina
Det er glipa i rullegardina. Den lille strimla mellom gardina og vindaugskarmen. Ho som slepp inn akkurat nok ljos til at augene aldri vil lukke seg, at hovudet aldri vil kople heilt ut, at svevnen aldri heilt vil ta tak.

Det er glipa i rullegardina som gjer sommarnatta kortare enn vinternatta, som får sommardagen til å vare evig bak nedtrekte gardinbreidder. Det er glipa i rullegardina som lager ljose drømmar.

Det er glipa i rullegardina som får deg til å tru at stova står i brann og at klokka er 8 når ho berre er 4. Det er glipa i rullegardina som riv av deg dyna og sparkar deg inn på badet, når du trur at du har forsove deg.

Det er glipa i rullegardina som får turistane til å sende postkort heim, som gjer tilflyttarane gale og måsane oppmerksomheitssjuke.

Det er glipa i rullegardina som for deg til å glømme dei korte vinterdagane, dei sure vintermorgonane og dei kalde nettene. Det er glipa mellom rullegardina og veggen som fortel deg at det ikkje er nokon vits i å prøve å sove bort sommarnatta. Og at du elskar sommaren i Nord-Noreg.

austsidanoreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-30256097.post-53751141046874576012009-05-11T19:34:00.006+03:002009-05-11T20:12:05.225+03:00Ein observatør frå to kvardagsliv
Den litt strenge fiskarkallen, fura, vêrbitt. Vore ute i eit stormkast tidlegare. Han hang over telefonen til bestemor mi før. På veggen i den mørke gangen, over den lille telefonhylla i teak, der det var ei skuff til telefonkatalogen, ei hylle til ei brun telefonbok og ein telefon med store tal og god lyd. Han hang der og kika overberande over hovudet på bestemor mi, som satt i ein stol og snakka i telefonen. Ho snakka ikkje mykje i telefonen og sjeldan lengje og det var som regel godt planlagt. Det var slektningar og vennar, det var ønskje om god jul, gratulasjonar og små beskjedar. Ho ringde meg til Austlandet, Vestlandet og Nord-Noreg. Og same kvar eg var i verda, starta samtalen med eit spørsmål om kva vêr eg hadde. Og så eit spørsmål om korleis eg hadde det. Og så fortalde ho kva vêr ho hadde, korleis ho hadde det, kva ho hadde gjort den siste tida. Dei små kvardagstinga. Ho ringde ikkje kvar veke, kanskje berre ein gong i månaden. Ho sparte opp litt før ho ringde igjen.

No står han over skatollet mitt og kikar overlegent over hovudet på meg, når eg sitt på stolen og klikkar på Macen min. Og kommuniserer ut til resten av verda. Eg twitrar, facebookar, bloggar, sjættar, skypar, mailar. Om dei kvardagslege tinga. Eg brukar 140 teikn til å fortelje at eg gler meg til å reise på landsleir til sommaren, eg fortel 621 nære og fjerne vennar at eg nettopp har stått opp og skal drikke kaffi, at eg har vore på byen, på ferie, på jobb, at eg har sove, eg fjasar og slår i hel tid med vennar på msn og fortel kva eg opplever nesten før eg har opplevd det. Eg fortel kva eg har ete, kven eg har møtt, kva eg har tenkt, gjort og vurderer å gjere. Og når nokon endeleg ringjer er det så lite å fortelje. Alt er allereie kvitra ut. Eg har glømt å spare opp.

Fiskarkallen har observert utviklinga. Eg veit ikkje kva han tenkjer. Om han i det heiletatt bryr seg. Men noko er no som før. Han sjølv, vêret som skiftar. Og kvardagslivet, som framleis er ganske kvardagsleg.

austsidanoreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-30256097.post-7534042560964142422009-05-01T03:57:00.002+03:002009-05-01T03:59:58.088+03:00Frå eit vindauge i tredje etasjeDet er den siste dagen i april. Det er vår i lufta. Men i parken utafor vindauget mitt ligg snøen framleis standhaftig og grå og underbyggjer mistanken min om at vinteren framleis er her. Sjølv om han er på overtid.

I parken står det eit dissestativ. Dissa har så vidt rom til å røre seg fram og attende over det tjukke laget med hardpakka snø. Ved dissa ligg to vottar. Svarte og grå polvottar. Dei er små, men store nok til å gå ute aleine, på hendene til ein gut. Ein liten gut som sikkert også har kjent at det er vår i lufta og kasta frå seg vottane mens dissa bevega seg i stor fart over snøen.
Inne i vottane står det nok eit namn. Sikkert fire namn. To førenamn, to etternamn. Og ein stad i nabolaget, der ein liten gut utan vottar nettopp har komme heim, spør mora eller faren kvar han har gjort av vottane sine. Helst er det nok mora som spør, det er mødre som ser slike ting. Fedre er nok betre på å sjå heilskapen; guten er jo heime.

Og når nokon spør kvar guten har gjort av vottane sine, så veit han ikkje det. Kanskje ber dei han om å tenkje over kvar han har vore. Jodå, han var på skulen, så gjekk han på SFO. I mellomtida hadde han forresten vore nede i gata og sett på kongen og dronninga og ropa hurra. Etter SFO gjekk han heim. Og her er han no, utan vottar. Ikkje kjem han på at han stoppa i parken og dissa på veg heim. Og at han tok av seg vottane.

Det er jo vår i lufta. Det går an å leike seg i sola. Det er bar asfalt, det går an å gå i joggesko. Ingen tenkjer på vottar då.

No leitar mora i sekken for andre gong. Ho spør guten ein gong til om han har vore nokon andre stader. Snart tar ho helg likevel. Og gjømmer vottane til kvardagen. Det er den første helga i mai. Det er kanskje sommar snart. Sjølv her kor vi bur. Det er lysare dagar no, seinare kveldar, lysare netter i vente.

Men i kveld går sola ned. Det er ikkje lengje til. Vottane ligg framleis ute i parken. Og lengtar tilbake til vinteren.

austsidanoreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-30256097.post-78919844437468706802009-04-28T12:42:00.000+03:002009-04-28T12:43:53.530+03:00Rapport frå 2. serierundeEg var klar over at vintersportsesongen var på hell, men eg hadde ikkje tatt innover meg at sommaridretten var i gang igjen. Ikkje før ein måndagskveld i halv sju-tida. Eg såg ut vindauget. Alt var kvitt. Bortsett frå nokon figurar i raudt, kvitt og blått som gjekk oppover bakken utafor vindauget mitt. Blå skuterdressar med raude og kvite TIL-skjerf. På veg mot årets første heimekamp. Like etter ringde telefonen. ”Vil du ha ein billett til TIL-Rosenborg om ein halvtime?”

10 minutt seinare gjekk eg etter lyden. Av fotballspeaker i snøstorm. Eg var kledd til trengsel. I mangel av ein skuterdress hadde eg tatt på meg alt anna som er varmt, vindtett og vasstett. Eg sleit med å røre armane. Og eg var meir nærsynt enn nokon gong før; brillane var fulle av dogg og eg såg berre min eigen nase.

Oppe på Alfheim prøvde eg å finne plassen min mellom bannande skuterdressar. Banen var kvit. Ein mann gjekk fram og tilbake og kosta sidelina. Gjennom doggen kunne eg så vidt sjå at den oransje ballen bevega seg mot bortelaget sitt mål. Lyden av applauderande ullvottar hørtest ut som teppebanking. I småskala. Og alt eg greidde å tenkje på var korleis heimelaget kunne spele i berre kortbukser.

Bortelaget leia stort til pause. Ein traktor brøyta banen mens eg prøvde å få kontakt med nedre del av kroppen min. Det var dessverre ikkje teikn til liv inni selskinnsskoa. Heimelaget fekk straffe. Dommaren fann ikkje straffemerket. Det hadde snødd ned. Spelarane var kvite i håret. TIL-supportaren til høgre for meg hadde slutta å snakke. Eg var usikker på om det var på grunn av baklengsmåla eller temperaturen.

Kampen vart blåst av. RBK-supporteren på mi venstre side jubla ein stad bakom skjerfet og boblejakka. TIL-supporteren til høgre snøfta. Han levde iallfall. 5000 utmatta skuterdressar gjekk i samla flokk nedover mot byen. Ei einsleg røyst brumma gjennom lyden av tap, frost og skuterdress:

”Vi spelte no iallfall ikkje med stillongs”.

Og ein stad innimellom blaut ull, neddogga briller og iskalde kinn måtte eg innrømme det for meg sjølv. At det er noko eige med sommaridrett.

(Norsk Tidend 2/2009)

austsidanoreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-30256097.post-25798502147593647432009-04-22T01:54:00.003+03:002009-04-22T02:16:41.127+03:00Busstur ved verdas endeEg stod på fiskarheimen og betalte for middagen min. Saltkjøtt og stappe. Eg var sjukeleg mett og hadde god utsikt til den gule bussen som skulle forlate verdas ende og kjøre meg litt lenger inn i landet. Om ti minutt. Logistikken var nøye planlagt over to heile arbeidsdagar og eg hadde full kontroll. Inntil den gule bussen begynte å kjøre. Ti minutt for tidleg.

Eg fekk hjartebank - og la på sprang. Føtene var blytunge av saltkjøtt og halsen full av stappe. Eg sprang midt i vegen. Og såg heldigvis at bussen stoppa ved postkontoret. Eg var sjeldant letta - og tungpusta.

Inne i bussen satt det to sjåførar. Eg spurte om eg kunne få setje meg inn sjølv om postkontoret ikkje var den eigentlege busstoppen. - Eg liker å vite kvar de er, sa eg til sjåførane. Og slapp inn.

Fem minutt seinare begynte vi å kjøre. Eg, sjåføren - og sjåføren. Etter eitt kvarter gjekk det opp for meg at eg ikkje hadde betalt. Eg var einaste passasjer på ein buss med to bussjåførar - og eg greidde å snike.

Vi kjørte i ein halv time. Då stoppa bussen ved sida av ein buss som var på veg andre vegen. Eg fekk ny sjåfør. Berre ein denne gongen, men han såg heller ikkje ut til å ville ta betalt. Til slutt gjekk eg fram; eg har jo god oppseding og det ville vore så flaut om det vart billettkontroll.
- Eg har ikkje betalt. Eg trur ikkje dei andre sjåførane merka at eg var her, sa eg.
- Åh, eg kan lukte at det er kvinnfolk på bussen, sa den nye sjåføren.
- Jaha, tenkte eg. Og fann plassen min.

Bussen stod berre der. Lengje. Så begynte han å kjøre, i 20 kilometer i timen. Sjåføren såg på meg i spegelen.
- Har du det travelt? spurde han.
- Nei, sa eg.
- Bra, for det eine bakhjulet har låst seg.

Eg må ha sovna. For eg vakna av at nokon snakka høgt.
- Herregud, så stygg skuter du har!
Eg kjente att røysta til sjåføren. Vi kjørte framleis sakte. Og han snakka ikkje til meg. Midt på vegen, ved sida av bussen, kjørte ein snøskuter. Sjåføren hadde rulla ned vindauget og prata kjenning.

Det kom aldri nokon fleire på. Men sjåføren fekk opp tempoet. Han kjørte meg til døra. Og eg takka for turen.

austsidanoreply@blogger.com1tag:blogger.com,1999:blog-30256097.post-74259838992375717362009-03-09T22:28:00.002+02:002009-03-09T23:03:03.082+02:00Barbie og egEg fekk mi første Barbiedokke då eg var 4. Det var ei venninne av mor mi som hadde kjøpt ho til meg. Frå før av hadde eg ei dokke som var på storleik med ein ordentleg unge. Ho heitte Johanna. Oppkalla etter ho eg hadde fått ho hos.

I løpet av ein sjuårsperiode opparbeidde eg meg ein liten Barbiepark. Eg trur eg var oppe i fem utgåver av arten. Dokkene med tilbehør fylte eit skuff i kommoden min. Tilbehøret var mellom anna ein genser far min hadde strikka, to lommetørkle som eg laga kjoler av og dokka som hadde pynta dåpskaka til bror min. Ho funka bra som baby.

Når Barbie no rundar 50 år er omdømet noko variert. Mange hadde gjerne vald seg nekrologar framfor jubileumstalar. Sjølv hender det eg kallar folk Barbie. Inni meg. På ein ondsinna måte. Hadde eg hatt ei dotter ville eg ikkje kjøpt Barbiedokker til ho. Kanskje ei tjukk, rund babydokke med eit traust namn, men ikkje ei Barbiedokke. For hadde eg hatt ei dotter hadde eg ikkje ville at ho skulle tru at det er slik ein skal sjå ut.

Men på ei anna side har eg ikkje tatt spesielt skade av det sjølv. Mine Barbiedokker hadde trauste norske namn, var kledd i ull og inngjekk i mine komplekse familiesagaer, som gjekk i månadsvis, gjennom fleire livsfasar og inneheldt alle element som ikkje fannst i min eigen familie. Eg trur kanskje eg hadde lese om det meste i vekeblad hos tanta mi.

Rosagenet var ikkje spesielt framtredande i min generasjon. Venninnene mine og eg gjekk i Henry Choice-bukser og store Adidas-gensrar til vi var omlag 16. No ser jo små jenter ut som dei er små damer. Eg veit ikkje om dei nokon gong er unge nok til å leike med Barbie lenger.

Eg trur uansett ikkje Barbie i seg sjølv er det største problemet. Verre er det vel at jenter blir født med lyserosa klede og gutar med blå. At jentene ser vaksne ut før dei har begynt på ungdomsskolen og at det er mykje viktigare, uavhengig av korleis Barbie ser ut, å vere pen og søt og tynn. Og at rosagenet dominerer fullstendig.

For oss som vaks opp i ein blå altfor stor arva skidress med eit velutvikla fantasigen, var Barbie ein heller harmlaus skapning. Ein brikke i eit fantastisk univers. Utan rot i røynda. Ei dokke, rett og slett.

Sånn sett kan eg gjerne utbringe ein skål på dagen.

austsidanoreply@blogger.com3tag:blogger.com,1999:blog-30256097.post-24780146130251989642009-03-01T17:01:00.003+02:002009-03-01T17:28:42.927+02:00Rapport frå akademiaEg opna historiebøkene for første gong på lengje. I to år hadde dei stått og tatt seg bra ut frå bokhylla. Som eit prov på at eg har hang til det akademiske. No skulle eg veksle dei inn i intellektuell kapital og nye byggjesteinar i min akademiske karriere. Frå skatollet i hjørnet i den altfor lille eittromsleiligheita ein søndags føremiddag skulle deltidsstudenten revolusjonere norske historieforsking.

Første gløtt i boka gav gode minne frå heiltidsstudenttilværet. Eg kjente at eg sakna flørtinga på lesesalen og kaffipausane. Eg burde tatt hintet allereie då.

Men eg gjekk på. Med krum rygg. Og haka tungt parkert i handa som lente seg på pensumlitteraturen, auga hardt plassert på oppvaskhaugen på kjøkkenbenken og tankane i vintersportmenyen til NRK. Er det nokon interessante skirenn på fjernsyn i dag?

Eg var i ferd med å innsjå at direktesendt vintersport, mitt nyaste strikkeprosjekt og store svarte hol i utføringa av husarbeidet kunne bli ei utfordring for konsentrasjonen i mitt deltidsstudenttilvære. Men eg bestemte meg for å fullføre.

Siste lesedag før første oppgåvelevering tilbragte eg borte hos naboen. Mannen i huset er jo trass alt postdoktor. I historie. Det var myke trivelegare der enn heime hos meg sjølv og min provisoriske lesesal. Og dessutan er det jo viktig å ha eit fagmiljø rundt seg, er det ikkje?

Oppgåva vart utdelt. Eg vurderte lengje fram og tilbake om eg kom til å greie det. Eg måtte nemleg innrømme for meg sjølv at eg ikkje hadde komme heilt dit i pensum. Men eg såg lyset.

Og plutseleg var ikkje det viktigaste å delta. Men å vinne. Å få toppkarakter og vise min lysande intelligens for faglæraren på det nettbaserte deltidsstudiet. Eg la opp til ein knallhard innspurt med lite svevn, mykje pulverkaffi, minimalt med frisk luft og eit einsidig kosthald.

Fredag morgon nærma eg meg målet. Med tomt blikk, skakkjørt tarmsystem, livlaus hudfarge og i akutt karbohydratsjokk, kunne eg nokon timar seinare sende oppgåva til læraren.

Og norsk akademia går inn i ein ny vår.

austsidanoreply@blogger.com3tag:blogger.com,1999:blog-30256097.post-44541518906336363912009-02-26T12:32:00.001+02:002009-02-26T12:36:02.854+02:00Rapport frå grenselandEg såg ut av ein altfor stor oransje overlevingsdrakt. Båten seilte sin eigen sjø. Ein isbjørn hadde nett svømt forbi, havet var einerådande til alle kantar, det var uråd å sjå kva som var nord og kva som var sør. For ikkje å glømme vest og aust. Men instrumentet framme i båten synte at eg hadde nådd 79 grader. Nord.

Så langt nord hadde eg ikkje vore før. Eg såg heller ikkje for meg at eg kom til å komme noko særleg lenger. Nord altså. Og sjeldan har eg vore utsett for så mykje sør. Omlag resten av verda. Kjensla var ikkje overveldande. Men eg kjente at det kunne vere noko å skrive heim om. Sørover. Til Nord-Noreg.

Vi var alle i same båt. Vi hadde nådd eit nytt nord. Kryssa ei ny grense. Nord for Polarsirkelen og sør for Stadt kjentest meiningslaust i denne samanhengen. Og Rolf Jakobsen var utdatert. Landet var framleis langt. Men det meste var ikkje lenger nord.

Litt seinare hadde vi komme sørover att. Til 78.55 grader. Nord.

- Eg hadde aldri vore lenger nord enn Namsos før eg kom hit, sa han eine.
Greitt, tenkte eg. Det ligg no iallfall i Nord-Trøndelag. Folk ramsa opp. Trondheim, Bodø, Kåfjord og Kristiansund vart nemnt. Og eg var usamd i at Nordmøre er nord.

- Før eg kom hit hadde eg ikkje vore lenger nord enn Bergen, sa plutseleg ho eine. Søring.

Der går grensa. Ein kan seie mykje om Bergen. At det er vest. Og sør. Men virkeleg ikkje nord. Sør for Stadt er ikkje nord.

Grensa til ein annan kjenning av meg går lenger nord. Han flyttar aldri lenger sør enn Kautokeino. Sjølv har eg bodd i det som tidlegare var verdas nordlegaste by. Han ligg like sør for det som no er verdas nordlegaste by. Der gjekk mi grense.

- Kjem du sørover igjen, spurte kjentfolk sørpå då.
- Ja, sa eg. Og flytta til Tromsø.

(Norsk Tidend 1/2009)

austsidanoreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-30256097.post-52957984324848960762009-02-10T21:55:00.005+02:002009-02-10T22:57:16.533+02:00Kjærleik med tjukk LEg har så langt ikkje funne den store kjærleiken. Heldigvis, kan ein kanskje seie. For kjærleik med tjukk L er ikkje berre berre. Det finnast truleg dei som bedriv kjærleik med tjukk L (eg har no iallfall inntrykk av at folk er glade i kvarandre på Austlandet utanom Vest-Telemark, i Romsdal, på Nordmøre, i Trøndelag og i Nord-Noreg sør for Hamarøy òg). Men ikkje i det offentlege rom.

For når folk elskar kvarandre på fjernsyn, i radio eller i bøker, så elskar dei einannan heilt rett fram. Med tynn l. Til og med i bryllaupstalar gjer dei det. Og det hørast og ser bra ut. Og er bra. Vakkert. Romantisk. Og ganske ukomplisert.

Men plutseleg, ein søndag i fjor, skvatt eg til i sofaen. Eg hørte nokon snakke om kjærleik.

- Æ æLske dæ Marit. Æ har aLdri æLska nån før, men æ veit at æ æLske dæ. Sa RoLand. Ute på Helgelandskysten. Det var på fjernsyn. Men ikkje så romantisk. Og langt frå ukomplisert.

Eg satt på jobb og parodierte han. Og folk lo. Inntil ho eine sa: - Han snakkar no sånn som deg.

Og det gjekk opp for meg kor gale dette er. Og enno har RoLand noko eg ikkje har: Han har endingar på ord.

- Æ æLsk dæ.

Kort. Konsist. Og utruleg lite grasiøst.

Vil eg nokon gong finne kjærLeiken?

austsidanoreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-30256097.post-34344835083321662162009-02-01T13:13:00.002+02:002009-02-01T13:32:17.474+02:00Dei små sigraneEg er ikkje tilhengjar av lovbrot, men eg kosar meg når nokon glømmer å følgje dei reglane dei er pålagt. Då kjennast det som om eg har vunne over ei eller anna form for overmakt som har pålagt nokon desse reglane. Dette har skjedd så langt i år:

1. Eg gjekk inn på ein butikk og kjøpte eit par småting. Dette var ein samvirkelagsbutikk med medlemskort. Men guten i kassa glømte å spørje om eg hadde medlemskort. Då eg skjønte kor det bar skunda eg meg å dra kort, ta varane og springje. 1 til meg, 0 til Coop-sjefen.

2. Eg greidde å snike meg ut av SATS utan at nokon sa hadet til meg. Dei som jobbar på SATS har tydelegvis lært at dei skal seie hadetbra til alle som går ut døra. Sjølv om dei står og snakkar med nokon andre og det er 12 personar i kø, brølar dei hadetbra med sånn snillstemme når eg hastar ut døra. Denne gongen gjekk eg roleg, men bestemt, såg ikkje på nokon andre enn døra. Målet. Då eg var ute utan at nokon hadde greidd å seie hadetbra til meg, måtte eg flire. 1 til meg, 0 til SATS-sjefen.

3. Butikken Glitter sel ræl i form av smykke. Mykje er plast og lite er ekte vare og dei jentene som jobbar der er unge, blonde og har overdrive pipstemme, som dei snakkar til deg med når du kjem inn i butikken: - HEEEEEEIA!!! KAN Æ HJELPE DÆ MED NÅKKA? Eg er av og til innom og handlar ræl til å ha i øyra. Her om dagen hadde eg framleis hørselen intakt då eg gjekk ut. Ingen hadde spurt i fistel om eg treng hjelp. 1 til meg, 0 til ein eller anna salssjef med sans for blonde folk med lyse røyter.

4. På veg til sikkerheitskontrollen på flyplassen oppdagar eg at eg har glømt å legge flaska med Spenol i kofferten. Eg går derfor rundt med potensielt livsfarleg materiale i veska, berre få meter frå maskina som skal skanne veska mi for terrormateriale. Like ved står søppelkassa der ein kan hive slikt materiale. Men eg bestemmer meg for å prøve. Eg legg Spenolflaska mellom macen og avisa. Fem minutt seinare sitt eg innafor, med ei flaske Spenol. 1 til meg, 0 til han EU-fyren som har funne på reglane. (Men sjølvsagt bra at det var meg og ikkje ein som har farlege ting i Spenolflaska).

Elles vann eg i brettspel i går, men det blir no liksom noko anna.

austsidanoreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-30256097.post-6409718349271345622009-01-16T20:52:00.003+02:002009-01-16T21:13:44.322+02:00Ein minneverdig filmfestivalDet var endeleg klart for den tida på året då filmfestivalen inntar byen. Det skulle bli ei veke full av smale filmopplevingar. Eg hadde saumfart katalogen og lagt opp eit stramt løp som begynte med film klokka 15 om ettermiddagen og som heldt fram utover kvelden med ulike filmar på ulike stader i byen. I dette løpet var inntak av mat i småjoggande tilstand rekna med i tidsskjemaet. Det var mykje tsjekkisk, ein del asiatisk, ein italiensk film, tre russiske og noko vestleg som truleg ikkje vil komme på kino. Her skulle ein boltre seg og leite etter gull.

Søndag føremiddag starta eg med oppvarminga. Tsjekkisk kunstfilm, gratis visning for oss på jobb. Etter fem minutt var tsjekkisk film med engelsk teksting det mest naturlege i verda og filmfestivalen kom inn under huda igjen. Eg såg fram til tysdag og festivalstart.

Måndag ettermiddag jobba eg overtid for å byggje meg opp litt godt samvit til resten av veka. Sånn i halv-femtida kjente eg at eg begynte å få vondt i arma. Det spreidde seg utover i ryggen. Halsen begynte å svulme opp, det same gjorde hovudpina. Det heile kjentest som eit kritisk punkt i ein episode av House, berre i litt saktare kino. Klokka halv seks var eg full av feber, svimmel og hadde vondt i tennene. Eg vurderte å ta taxi dei fem hundre metrane heim, sjølv om bilen min stod på utsida. Men eg greidde no å karre meg heim ved hjelp av eigen maskin og eigen bil. Og etter eit par timar på sofaen, der formen vart verre og verre, skjønte eg det:

Dette er starten på eit ufrivillig influensaeksil. Under filmfestivalen. Og dermed vart det ein litt annan filmfestival enn eg hadde sett for meg. Dette har eg fått med meg så langt:

Måndag: Såg ein del fjernsyn utan lyd, fordi lyden var så støyande. Endte til slutt opp med å sjå ein kvart episode av Der ingen skulle tru at nokon kunne bu i reprise og med lyd. Valet vart tatt utelukkande fordi røysta til Oddbjørn Bruaset var god å høre på.

Tysdag: Hørte ein reportasje på Norgesglasset. Han handla om influensa. Løyste kryssordet i avisa Sør-Trøndelag frå laurdagen før. Såg ein episode av den amerikanske tv-serien What about Brian. Med lyd. Og litt grining. Veit ikkje om det var ordentege tårar eller febertårar.

Onsdag: Såg dei lokale tv-nyheitene på NRK1. Spretta julegåva frå bror min; House sesong 1. Lanserte diverse teoriar om min eigen sjukdom. Snakka litt høgt med meg sjølv.

Torsdag: Fekk time hos lege. Greidde å halde meg i skinnet, men hamna inn på temaet House. Fekk sjukemelding. Las eit Allers. Såg fleire episodar av House.

Fredag: Såg sprinten i NM på ski. Las ei avis. Hadde to kinobillettar. Den eine, ein film om italiensk homopolitikk starta akkurat no. Tre hundre meter borti gata her. Men hovudverket heldt meg inne. No ventar Gullrekka og Mesternes mester. Men eg skal ikkje klage; det er no ikkje kvar dag ein kan benke seg framom tvn og høre Gøran Sørloth snakke om sine vardebyggjestrategiar heller. Kan fort hende at det blir høgdepunktet under denne filmfestivalen.

austsidanoreply@blogger.com1tag:blogger.com,1999:blog-30256097.post-58076127826431684852009-01-10T18:54:00.002+02:002009-01-10T19:06:53.853+02:00Med blanke arkEit nytt år var i gang. Etter ein dag på jobb kom ei ny helg, med nye mulegheiter til å slette ut det gamle året og fjorårets juleferie og starte opp det nye. Med blanke ark.

Laurdag kveld skrudde eg på macen. For å surfe. Og drømme meg bort. Eg tenkte på kva eg skulle gjere i 2009. Bortsett frå å trene meir. Og kline meir. Kva med å kjøpe ny leiligheit no når prisane er låge og renta låg og den passeleg dårlege økonomien ikkje så aller verst? Eg fann drømmeleiligheita og klikka på biletet av den irrgrøne kjøkkenveggen.

Ingenting skjedde. Bortsett frå at noko inne i maskina begynte å dure. Litt som eit gjøkur med hakk i. Og ein gjøk med dårleg utvikla språk. Til slutt skrudde maskina seg av. Og aldri på igjen. Alt eg satt att med var eit blinkande spørsmålsteikn og ein sirenelyd. Det lét ikkje lovande. Eg fekk hjartebank og ei panisk kjensle i magen.

Ei veke seinare har eg henta macen igjen. Den gamle, sjuke harddisken ligg i ein sølvpose som eit minne om tidlegare tider (og ei påminning om at sikkerheitskopi er ein lur ting ein bør begynner med). Eg opnar macen og restartar 2009. Med fullstendig blanke ark.

austsidanoreply@blogger.com1tag:blogger.com,1999:blog-30256097.post-59339137863437613802008-12-31T17:46:00.003+02:002008-12-31T18:22:27.977+02:00Gammalt år, nytt årDet kjennast nesten bortkasta når eg sitt på ettermiddagen den 31. desember og druknar det gode humøret eg har bygd opp i løpet av eit heilt år i ein snikande melankoli som får meg til å tru at 2008 var nok eit år eg berre brukte til å bli eitt år eldre. Og det før raudvinsrusen er i ferd med å sige inn, før rakettane går til himmels, frøskjerringane brenn hol i votten, før klemmane og tekstmeldingane sendast rundt - og før ein tuslar heimatt etter to timar i taxikø på telefon og kjenner at det er eit år til neste gong ein skal sitje sånn igjen og vere halvdrukna i ikkje-innfridde forventningar og attgløymde høgdepunkt - og plutseleg er trist for at det er eit heilt år til neste gong.

Kan hende heng det saman med at eg er dårleg på avskjedar. Eller at eg ikkje er god på obligatoriske festdagar. Og gløymer at det trass alt er kvardagar det er flest av i løpet av eit år. Og at det var dei eg brukte til å gjere alle dei tinga som har blitt til gode historier frå 2008, som eg skal plage folk med i året som kjem. Anten dei handlar om barfotgåing på snødekt januarveg, høglydt kjoleshopping på overbefolka kjøpesenter, utagerande karaokeverksemd, på finsk, i Finland, grøftegraving på 79 grader nord, ingefærspritfyll, juletregang, gummistøvldansing, upassande latterkrampar, ruteknusing, smugstrikking, snøenglar på New York-fortau. Eller berre alle folka eg møtte, både dei eg kjente og ikkje kjente i 2007.

Og dermed gløymer at det er fint lite å vere sur for. Synd at ein aldri kan huske på kor fint ein har hatt det.

austsidanoreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-30256097.post-71746891289590167662008-12-24T00:47:00.003+02:002008-12-24T01:41:06.924+02:00Oss. Jul.Vi satt på jobb og snakka om julefeiring. Om kva folk et, korleis dei opnar pakkane og kven dei er i lag med.

- Vi er no berre oss vi, sa eg. - Vi er no også berre oss, sa dei andre og lo.

Oss i mitt tilfelle er mor mi, far min, bror min og eg. Vi har det kjekt, tradisjonelt og utruleg avslappande. Vi syng songar, gaflar i oss mat, opnar gåver, takkar, klemmer, prøver. Og er no berre oss, som feirar ei heilt vanleg jul. Og eg liker det. Det er dette som er jul for meg. Eg reiser hit frivillig jul etter jul. Og bror min og eg har blitt samde om at det er slik vi skal feire jul, i lag, til vi blir 70 år.

Men nokon gong kunne eg tenkt meg å be nokon andre. Eg kjenner mange som ville likt å vere med oss. Men julaften er ikkje tidspunktet for å be andre heim til seg. Grunnen er som regel at det er nokon andre som skal ha dei den kvelden. Det er berre vi single halvvaksne og foreldra våre som bestemmer over oss sjølv på denne tida av året.

Dei som har små ungar er ønska av alle. Då seier alle plutseleg at jula er ungane si høgtid. Og dei tar opp kampen om sitt barnebarn denne jula. Mot svigerfamiliar og andre som kunne finne på å vere så frimodige å invitere dei til seg. I den andre enden av skalaen er det dei eldgamle besteforeldra. Dei er populære og bør helst bli frakta land og strand rundt for å glede barnebarn og barn og andre slektsledd med berre å vere der. Om dei vil eller ikkje.

For dei som ikkje kjenner seg heime i det oss-et dei har blitt plassert i, kunne det nok vore hyggeleg å bli invitert heim til nokon andre. For eksempel til oss.

austsidanoreply@blogger.com1tag:blogger.com,1999:blog-30256097.post-37527767682441472942008-12-02T23:57:00.003+02:002008-12-03T00:13:52.271+02:00Ut og lufte gymtøyMåndag morgon. Eg går til jobb, litt seint ute, med eit stort raudt sjal surra rundt halsen og halve andletet, ei kvit topphuve dratt ned over ørene og skoa godt stampa ned i eit par selskinnssko. Over skuldra ei stor veske med alt ein treng og ikkje treng i løpet av ein arbeidsdag. Og over veska; prikken over i-en: eit tøynett med gymtøy. Halvvegs møter eg ein fyr eg kjenner og som eg liker. Eg merkar at eg kjenner meg ekstremt sporty og at eg liker det. Og ikkje minst at eg osar av idrettsglede og friskheit og sånn.

Sju og ein halv time seinare er eg så trøytt at eg knapt orkar tanken på å gå heim. Eg er svolten. Og eg loggar meg inn på SATS sine heimesider for å melde meg av sykkeltimen eg skulle gå på. Så tar eg med meg tøynettet med gymtøy. Og går heim.

Tysdag morgon. Eg går til jobb, litt seint ute. Sjalet og huva er dei same, selskinnskoa også. For ikkje å glømme tøynettet med gymtøy. Eg kjenner meg framleis duggfrisk. Men meir pressa. I dag MÅ eg trene.

Sju og ein halv time seinare er det mørkare enn i grava, eg er trøytt som ein dupp og ser mørkt på å gå heim. Eg loggar meg inn på SATS sine heimesider og melder meg av timen eg skulle på. For sikkerheits skuld melder eg meg på ein time dagen etter. Eg tar med meg tøynettet med gymtøy. Og får skyss med sjefen min heim.

Onsdag morgon. Seint ute, som alltid. Sporty, som alltid. Prikken over i-en er sjølvsagt med. Eg har høg puls; eg tenkjer på at eg skal trene. Må trene. Og ikkje minst at eg vil trene. Sju og ein halv time seinare har treningsvilja hamna i skuggen av ei lett hovudpine og eit blodsukker som lengtar etter innhogg av eit eller anna. Eg gjer det eg må; loggar meg inn på SATS sine heimesider og går heim. Med tøynettet over skuldra.

Torsdag morgon. Snart helg. Nest siste forsøk. Altfor seint ute. Gymbagen er heldigvis ferdig pakka. Eg småspring ned til jobb. Sju og ein halv time seinare drar eg halen mellom beina heim att. Og bestemmer meg for at i morgon, i morgon. DÅ skal det skje ting.

Fredag morgon. Vaknar ti på åtte. Minst ein halvtime for seint. Prioriterer håret, herregud, ein må no sjå fin ut på håret, nedprioriterer frukost, ein har då ein pakke rugsprø på jobb. Slengjer på meg jakke, sjal, sko, vottar, huve. Og røskar med meg gymtøyet. Subbespring til jobb og er djevelsk glad det snart er helg.

Sju og ein halv time seinare har eg gitt opp. Eg tuslar heim i sakte tempo. Med eit tøynett fullt av duggfriske treningsklede over skuldra. Og kan iallfall trøyste meg med at eg slepp å bruke helga til å vaske gymtøy.

austsidanoreply@blogger.com1tag:blogger.com,1999:blog-30256097.post-5821086724769484442008-11-06T23:58:00.004+02:002008-11-07T00:25:23.769+02:00Når eliten eter Hjem-IsDet er noko utruleg småleg tilfredsstillande å ferske dei som alltid er litt meir pompøse enn oss andre når dei dristar seg ned på vårt nivå. Og kanskje enno lenger ned.

Sånn som for eit par år sia då eg hadde forvilla meg ut til ei lita bygd. Det var typisk nordnorsk viseidyll med sommardag utover vatnet. Vi hadde funne oss ei strand, så lengje det varte. Snart stod floa opp til leggen - akkompagnert av tonane frå Norsk dans nr to. Griegs kjente musikkstykke - på boks. Og det var ikkje Norge Rundt-tid. Men istid. Hjem-is.

Og når eg då ser at eit av medlema av den norske intelligensmafiaen lurer seg fram til bilen for å hamstre is, så flirer eg litt inni meg. Dei som meiner mykje om mykje, og gjerne om folk som ikkje forstår det dei forstår. Altså ifølgje dei. I sommar såg eg eit anna medlem av same klasse, eit sånn menneske som snakkar språk vi ikkje forstår og eter mat vi ikkje har hørt om. Ho stod i kassa på Burger King og gomla Whopper Cheese-burger.

Det gjorde på ein måte litt godt. For neste gong eg les ein litt arrogant og betrevitande kommentar frå vedkommande, så ser eg ho berre for meg med sylteagurkflekk på blusen og litt dvask ost på albuen. Og då kan eg tenkje at - haha, du er ikkje noko kulare enn oss. Heller tvert i mot. Vi vanleg dødelege greier iallfall å ete burgeren utan å søle.

austsidanoreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-30256097.post-85500296573240111712008-11-02T22:30:00.002+02:002008-11-02T22:45:54.644+02:00SellerihelveteNederst i kjøleskapet mitt, inne i den gjennomsiktige skuffa som er til for å putte grønnsaker inn i, har det utvikla seg eit aldri så lite sellerihelvete. Der dyrkar ein bukett selleristenger sitt hat til denne verda og til meg, ved å leggje seg sjølv i bløytt og råtne, om ikkje på rot, så iallfall i ein kollektiv forråtningsprosess.

Det er andre gong i løpet av kort tid at denne prosessen startar, utviklar seg og sluttar inne i botnen av mitt kjøleskap. Og då snakkar eg berre om selleri. Eg kunne også nemne brokkolihelvete gulrothelvete, opna hermetikk-helvete, kjøttpålegghelvete. Når ein bur aleine og stort sett et middag aleine er det eit sant helvete berre å skulle få brukt opp all den maten ein kjøper.

Eg fann ei oppskrift på ei suppe som inneheldt selleristang og mykje anna digg. Det andre var lauk og gulrot, blant anna, og det går jo an å bruke til så mangt. Denne eine selleristanga eg måtte kjøpe, hang sjølvsagt i hop med ei rekkje andre selleristenger, som eg også måtte kjøpe. For ikkje å hamne i det tidlegare nemnte sellerihelvetet bestemte eg meg for å lage ein matrett med selleri dagen etter òg. Men i tillegg til det eg hadde i kjøleskapet trengte eg matfløyte til denne retten. Den tredje dagen var eg rett og slett tom for selleriidear. Og eg tok ikkje sjansen på å kjøpe inn ein tredje råvare litt utafor mitt vanlege bruksområde for å få fortært all sellerien.

Resultatet vart som det måtte bli. Selleriet råtna i botn og fløyten surna på toppen. Og då eg skulle lage den gode matretten med selleri igjen, måtte eg kjøpe selleri på nytt. Med eit frisk minne om dei oppbløytte selleribitane i kjøleskapet mitt, men med gode intensjonar om større inntak av selleri i kokt, stekt, rå og innbakt form.

Men kva slags stakkars menneske kan sitje heime kveld etter kveld og ete selleri? Mi gamle bestemor kunne gjort det då ho levde; ho åt eingong gelè til ho såg mannen med ljåen og angra seg djupt og bittert for at ho ein litt sur måndag hadde hatt så innmari lyst på gelè til dessert. Då fredagen kom hadde ho ete bringebærgelè i fem dagar i strekk, for å sleppe å hive restane. Gelèlysta meldte seg ikkje att med det første.

Løysinga på mitt problem er at eg må finne meg ein mann. Som er djevelsk glad i selleri.

austsidanoreply@blogger.com2tag:blogger.com,1999:blog-30256097.post-76025072433431670122008-10-18T17:51:00.002+03:002008-10-18T18:16:25.268+03:00RådvilligEg har ei eiga evne til å stole blindt på tilfeldige menneske i ein del spørsmål i livet. (No snakkar eg ikkje om dei situasjonane der det handlar om å kjøpe seg leiligheit, teikne forsikringar eller seie opp jobben. Då ringjer eg far min.) Men i kvardagslege val mellom A og B må eg ofte, i panisk avgjerdsvegring, strekkje ut ei rådvillig hand og hanke inn råd. Meir eller mindre dårlege råd.

I dag tidleg hoppa eg i kleda, drog ei huve ned over sovehåret og gjekk ned på garnbutikken for å kjøpe garn til ein kjole. I heile går, djupt inspirert av haustkledde tre, hadde eg tenkt på min nye oransje ullkjole. Eigenhendig strikka av meg. Nede på butikken fann eg det garnet eg skulle ha. Ein nydeleg oransjefarge, nett slik eg hadde sett han for meg. Men ved sida av låg eit lysegrønt nøste. Eg vart plutseleg rådvill. Men òg rådvillig.

For mot meg kom ei av dei tilsette på butikken. Omlag 6o år, grått hår og med ei genser i sånn juksepelsaktig garn som eg hatar, fordi eg synst det er meiningslaust stygt. Meir estetisk vart det ikkje av at ho hadde strikka inn nokon paljettaktige plastgreier i genseren. Ho spurte om eg trengte hjelp. Eg tok opp det grøne og det oransje garnnøstet.

- Kva farge synst du eg skal velje?

Det stod eg altså i lag med dama som var kledd i byens minst vellukka handarbeidsprodukt og bad ho bestemme kva farge eg skulle ha på mine nye drømmekjole. Heldigvis for meg svarte ho:

- Eg synst begge er fine, eg.

Dermed måtte eg ta avgjerda sjølv. Hardt, sjølvsagt. Heldigvis kom eg ut av butikken med den fargen eg hadde komme dit for å kjøpe. Og eg prisa meg lukkeleg for det. For eg veit at dei rådvillige kan komme skeivare ut av det.

Skrekkeksemplet var den gongen eg skulle på skitur i Nordmarka og ikkje greidde å bestemme meg for kva farge eg skulle smøre med. Dette var midt i den tjukkaste vakraste skisesongen og ved Sognsvann krydde det av skigåarar med Swixutstyret og smørekunnskapen i orden. Midt oppi dette eldoradoet av skigåarar kom det eit gammalt ektepar stavrande. Begge hadde skistavar, godt humør og fornuftige klede, men hadde bytta ut skia med isbroddar. På stilen deira såg ut som det var nokon sesongar sia dei hadde gitt opp skigåinga.

- Orsak, seier eg til det gamle ekteparet.
- Kva vil de anbefale å smøre med i dag?

Eg trur dei anbefalte noko lilla. Og eg følgde villig rådet.

50 meter lenger opp i skiløypa måtte eg stoppe. Og smøre om.

austsidanoreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-30256097.post-86843584298882032742008-10-07T18:32:00.003+03:002008-10-07T18:51:33.178+03:00KjentfolkNår eg reiser bort reiser eg oftast heim. Og når eg reiser derifrå reiser eg også heim. Barndomsheimen og staden der eg har vakse opp er mest heime. I lag med heimen som er min heim.

Samstundes kjenner eg meg heime fleire andre stader. Iallfall etter at eg har flytta derifrå. For eit par veker sia var eg heilt nordaust i landet, der eg budde før. Eg budde der berre eitt år og var glad då eg reiste. Men samstundes kjente eg, då eg kjørte buss gjennom det haustfarga flate landskapet, at eg kjente meg litt heime der. Eg huskar den første dagen eg budde der, då kjørte eg gjennom eit slikt landskap i slike fargar for å dekke ei sak. Eg var heilt overvelda over kor flott der var.

Litt sånn vart eg no òg. Mens andre i same situasjon begynner å fotografere eller skrive melankolsk poesi, begynner eg å prate kjenning. Eg hadde ikkje komme meg ut av drosja, før eg begynte å prate kjenning. Med ei eg hadde møtt ein gong før.

- Takk for sist. Veldig triveleg. Åh, det er så koseleg her. Nei sjå, har de pussa opp? Utruleg kult!

Vi sette oss ned for å ete mat, eg, ho og sjefen min. Vi begynte å snakke om nokon eg visste kven var.

- Kva? Har ho flytta? Men var ikkje ho i lag med han? Åh, det vart slutt ja. Veldig synd.

Dagen etter heldt eg fram på same måten. Og berre for å ha det sagt; eg er sånn. Og eg trivst med det. Så eg kosa meg.

- Hallo! Takk for sist! Korleis går det?
- Nei hallo, er du her òg ja. Så kjekt. Fint å sjå deg. Korleis går det med det prosjektet du jobbar med?

Det vart tid for lunsj. Eg sette med ved eit bord med ein fyr eg meinte det var noko kjent med. Han tygde ut kjøttbiten han hadde i munnen.

- Eg trur ikkje eg har helsa på deg, sa han.
- Jo, eg trur no eg har møtt deg før, sa eg.

Så begynte eg å nøste. Kunne eg ha møtt han der? Eller der? Eller, kanskje eg har intervjua deg. Ikkje det nei. Vi kom liksom fram til løysinga på mysteriet om vår felles fortid.

- Du, eg har no jobba i lokal-tv. Det er ikkje der du har sett meg då, sa han.

Eg såg på han igjen. Og raudna.

- ..eh, jo, det er det.. eh

austsidanoreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-30256097.post-46156013061064712092008-09-17T00:02:00.005+03:002008-09-17T00:16:48.051+03:00FintfolkNokon gonger og nokon stader kjenner ein seg altfor fin. Og det er ikkje nødvendigvis positivt. Det er dei gongane ein kjenner seg fin i same tydinga av ordet som når ein Frp-politikar snakkar om opera og teater. Det er finkultur. For fiffen. Snobberi.

Her ein kvardagskveld havna eg på eit nordnorsk vertshus. På reke- og karaokeaften. Vi kom frå ein middag på ein fin restaurant. Alle jentene hadde svarte kjolar, høge hælar, raude kinn og hald i håret og strømpebuksa. Mennene hadde frakk. Og med det same vi datt inn på reke- og karaokeaften fekk vi denne kollektive kjensla av å vere for fine.

Vi var rett og slett overpynta for denne onsdagens reke- og karaokeaften. Og ikkje dansa vi på bordet, ikkje dedikerte vi 10 minutt lange Pink Floyd-songar i karaokeversjon til jenta i baren. Vi stod mest i baren og såg, ja, litt for fine ut.

Men så kom det ein gut bort. Han hadde mykje øl bak dei nedsenka augelokkene. Og han studerte oss nøye mens han gliste.

- Æ må sei at dokker va fette fin i kveld!

Finare enn det blir det vel ikkje.

austsidanoreply@blogger.com2tag:blogger.com,1999:blog-30256097.post-65742476583996053292008-09-02T01:25:00.005+03:002008-09-02T13:22:44.287+03:00MiljøfråtseriDet var dags for å gjere opp rekneskapen. Eg såg meg sjølv djupt inn i kvitauga og starta sjølvransakingsprosessen. CO2-utsleppa mine skulle ut av skåpet. Eg hadde lite å frykte. Trudde eg.

Det starta bra, med spørsmål om brukte møblar, brukte klede og kjeldesortering. Eg liker gamle ting og eg sorterer søppel i fem ulike kategoriar med autistisk presisjon. Spørsmåla om straum og varmtvatn og fyring og isolering og materiale svarte eg på, men fråskreiv meg glatt alt ansvar. Eg veit knapt kvar sikringsskåpet til leiligheita mi er og eg anar ikkje kvar varmtvasstanken står. Eg betaler husleiga mi (med glede sjølvsagt) og ser aldri noko straumrekning. Men eg slår av lyset når eg søv. Førebels eit godt menneske.

Men så kjem den store utgiftsposten. Den store issmeltaren; den globale fyringskjelen. Kor mange innanlands flyreiser har du hatt på fritida det siste året? Eg begynner å rekne - og endar på 33. Pluss 8 utanlands.

Først blir eg sur. Eg bur i Nord-Norge og vi har ikkje tog. Og du kan ikkje reise ned utan å reise oppatt. Det blir både tur og retur. Etterkvart får eg litt dårleg samvit og begynner å gå igjennom lista.

Tur til Berlin via Trondheim og Oslo. Og heimatt. Ferie. Fortent.
Tur sørover. Rømmer pga kjærleik og sånn. Livsviktig. Hadde eg rømt ein annan plass ville det vore i bil og er det så bra for miljøet kanskje?!
Tur sørover igjen. Speidartur. Sympatisk og oppbyggjande. Sunt, ikkje minst.
Tur heim. Sjukdom. Nødvending.
Tur heim. Gravferd. Absolutt nødvendig.
Tur heim. Juleferie. Fortent og nødvending, men litt langvarig. Brukte miljøvennleg gåvepapir.
Tur til Oslo-New York-Oslo. Ferie. Fortent, viktig, oppbyggjande.
Tur heim. Påske. Godt for helsa. Turar på fjell og vidde. Og ikkje minst fortent.
Tur Oslo- Stockholm-Oslo. Sympatisk, familiesamlande, fortent.
Tur heim. Konfirmasjon. I overkant sympatisk, kanskje ikkje så nødvendig. Men muligens fortent?
Tur sørover. Fest og moro to dagar til ende. Unødvendig, kanskje, men kjekt. Bra for humøret. Om ikkje så sunt for kroppen. Jo, såg sol. Det er sunt.
Tur til Longyearbyen og Ny-Ålesund. Ferie. Verdt ein mengde co2. Direkte vakkert. Og så innmari fortent.
Tur heim. Litt plikt, litt hygge. Ferie.
Tur til Oslo og Hellas. Ferie. Fortent. Sol. Viktig.

Det hjalp ikkje stort. CO2-hjernen konkluderte med at eg var ein biffblodig feit amerikanar. Ei plage for denne fredelege uskuldige jorda. Også hjalp det liksom heller ikkje at eg berre nokre timar seinare sette meg på eit fly igjen.

Tur til Oslo. Tre timar møte i ein organisasjon som kjem til å skape fred på jord. Amen. Og så heim igjen.

Då eg landa i Tromsø igjen åtte timar etter at eg hadde reist her i frå, kjente eg at jordkloden dirra. Truleg av aggresjon. Mot meg. Eg forsøkte bot og betring og valde kollektivtransport heim. Eg parkerte meg i eit sete langt bak og venta på at bussen skulle bli fylt opp og gå.

Etter ti minutt ser eg meg rundt. Eg hører at bussjåføren lukkar døra.

- Er eg åleine?
- Ja, det kjem ikkje fleire. Kor skal du?
- (eg nemnar eit busstopp som ligg utafor den ruta han vanlegvis kjører). Men det er no ikkje på ruta di.
- Jodå, eg kan kjøre deg heim.

Ti minutt seinare hoppar eg av bussen, nokre meter frå blokka mi. Eg kjenner CO2 i nasen og blodig biffsmak i munnen når han kjører vidare. Ein miljøfråtsar går heim. Tar kvelden. Men slokkar lyset.

austsidanoreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-30256097.post-10901267184547632202008-07-15T23:14:00.002+03:002008-07-15T23:27:18.579+03:00PratmakaraneDet er så mange pratmakarar der ute. Dei som berre pratar og prate. På inn- og utpust, med og utan mat i munnen, dei som pratar når du står ved sida av dei, når du går i frå dei, når du pratar med nokon andre. Pratmakarane pratar gjerne til ei kald skulder eller eit flakkande blikk.

Og av og til får ein så nok. Ein får berre lyst til å be pratmakaren ryke og reise eller i det minste halde kjeft. Men i staden står du der og blir prata til.

Eg kjenner mange pratmakarar. Men her om dagen vart ein av pratmakarane stille. Pratmakaren såg igjennom meg; helsa ikkje på meg med eit hallo pakka inn i metervis med innskotne leddsetningar. Pratmakaren forstyrra meg ikkje når eg snakka med nokon andre. Pratmakaren var stum.

Og eg fekk heilt hetta.

- Kva har eg gjort?
- Kva har eg sagt?
- Kvifor pratar ikkje pratmakaren til meg meir?

Det var uendeleg ubehageleg. Det eg hadde sett på som ein utopi var no blitt røyndom mot alle odds.Og stilla var tjukk og klam.

Men plutseleg hørte eg lyden. Av prat. Eg vart prata til av pratmakaren igjen. Stilla var brutt. Summinga var tilbake. Alt ved det normale. Og godt var det.

For tru meg. Ein pratmakar som ikkje pratar er skremmande. Veldig skremmande.

austsidanoreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-30256097.post-46338137562201244302008-07-14T00:48:00.004+03:002008-07-14T01:05:45.085+03:00RaudtEg har ein raud radio, raude stolar og raude lysestakar som spreier raudt ljos. Eg har ei raud matte, ein raud boks og to raude koppar som eg drikk kaffi frå.
Eg går på tur med ein raud sekk, raud sovepose og raude gamasjar.
Eg kler på meg raude sko, raud handveske og eit stort raudt sjal.
Eg skriv tankane mine i ei raud bok og finn orda mine i ei anna. Ho er også raud.
Eg teiknar raude hjarte når eg er glad og ser raudt når eg er sint. Eg blir raud på øyra når eg er flau og raud i augene når eg er sliten.
Eg tenkjer raude tankar, har raude strømpar og røyster raudt.
Eg liker raude dagar, raude netter og blir raud av sola.
Eg pyntar meg i raud kjole, raud kåpe og med raude lepper.
Og eg håpar at nokon blir raud i kinna når eg smiler til dei.

austsidanoreply@blogger.com5