tag:blogger.com,1999:blog-146310892009-07-12T17:44:00.812+02:00flimreverda flimrande utanfor innanfor overalt inni deg inni meg på skjermar i hovud tankane trafikken lydane luktene eit drag som stryk seg inntil deg
flimre flimrande flimrarAinahttp://www.blogger.com/profile/03146997507456324538aina.basso@gmail.comBlogger894125tag:blogger.com,1999:blog-14631089.post-31911043885391368242009-07-12T17:19:00.005+02:002009-07-12T17:40:47.326+02:00Du elsker megDå eg spurte Steffen R. M. Sørum om kva for ei av bøkene hans eg skulle lese, viss eg skulle lese noko av han, sa han at eg kunne byrje med debutromanen hans Du elsker meg frå 2000.

Nokre veker seinare var eg innom min lokale bibliotekfilial for å gjere heilt andre ting. Levere noko, låne nye filmar. Og nett då hadde dei eit utsalsstativ med bøker til fem kroner stykket. Den første boka eg såg var Du elsker meg.

2

Fra før mitt fjerde leveår har jeg minner om hvordan luft smakte, fargen på et tilfeldig hus, det gule feltet i en bakke, at noen plasserer meg i en sofa. Våkne i bunnen av en bil og bli båret ut i mørket.

Hovudpersonen i romanen er sonen, før, etter og medan mor hans skyt seg i naborommet. Romanen er bygd opp av korte tekstar, nærast som kortprosa. Eller kanskje høver det faktisk i dette tilfellet å nytte omgrepet punktroman. Vi forflytter oss fram og tilbake i tid, frå sonen er ganske liten, til han blir vaksen og har stifta si eiga familie.
Stilen er knapp og nøktern, og nettopp dette finstemte språket, samanstillinga av setningar og element, som i lyrikk, gjer at historia verkar endå sterkare på meg. Det objektivt registrerande.

27

Prosjektilet bryter gjennom kjøtt, sener, tarmer, luften, skapet, veggen, klesskapet. Dempes i tøyet, blir liggende. Blod som setter seg i klær, sommerklær, mine sommerklær som lå nyvasket og brettet i stabler. Kulen stopper bare en halvmeter fra mitt eget hode. Øyne åpnes, ører søker ut i stillheten. Jeg ropte. Mor. Ingen svarte.

Det er, naturleg nok, ein forferdeleg, skremmande og brutal tekst. Som samtidig er vakker. Dette vakre og vonde som blir så sterkt når det kjem saman.

Steffen R. M. Sørum har gitt ut tre vaksenromanar og fire barnebøker. Til dagleg jobbar han som forlagsredaktør i Cappelen Damm, men har no fått arbeidsstipend for yngre kunstnarar for tre år, så eg tippar det kjem meir for vaksne frå den kanten i tida som kjem.
Du elsker meg kom som pocket i fjor. Ta ein kik på henne.

Ainahttp://www.blogger.com/profile/03146997507456324538aina.basso@gmail.com0tag:blogger.com,1999:blog-14631089.post-51549113594054818212009-07-11T18:07:00.004+02:002009-07-11T18:51:25.535+02:00Å lese ein film Det er to ting som slår meg med Vente, blinke av Gunnhild Øyehaug.
1. At ho er ein film.
2. At forteljarstemma (eit vi) stadig fortel oss ikkje berre kva vi ser (eller les), men også korleis vi skal reagere og fortolke det vi ser (eller les).

Vente, blinke byrjar med eit klassisk trekk ved filmen, nemleg å introdusere hovudpersonane, i kvar sine meir eller mindre definerande scener som det klippast mellom.
"Her ser vi Sigrid."
"Her ser vi faktisk Kåre Tryvle."
"Her ser vi derimot, i ei for stor lyseblå herreskjorte og med ingenting anna under enn ei truse, filmregissøren Linnea (27) stå, i 12. etasje i eit hotell i København, klokka ni om morgonen."

I heile sitt visuelle, skildrande og forteljande språk minner teksten om ein skriven film. Men ikkje som eit filmmanus, sjølv om det også kjem ein liten tekstbit i manusstil, med replikkar. Eit døme på den filmatiske måten romanen er skriven på, er til dømes dette utdraget frå historia til Viggo:

"Han må reise seg, sleppe ut armane og stå med dei litt ut, og perspektivet kan rotere rundt og rundt han, oppover i lufta, slik at ein får kjensla av at han er eit lite menneske på jordoverflata med utstrekte armar som på ein måte omfamnar alt: jorda, og hans eigen skjebne, som ein lesar, som ein drøymar, som ein tenkar, og ikkje som ein festar, og vi får, på grunn av det roterande perspektivet oppover og oppover frå ein liten mann i ein bedehuskjellar med utstrekte armar, denne rare kjensla av sentrifugalkrafta: total omfamning og utviding, og ekstrem konsentrasjon, rundt eit punkt. Som er Viggo. Og i Viggo: Viggos hjarte. Men det roterande perspektivet når ikkje lenger opp enn til bedehustaket, før det må gi opp med eit dunk. Og då Viggo slepper armane ned att, kjenner han seg framleis like skjelven."
(s. 107-108)

Her ser vi også døme på korleis forteljarstemma fortel og fortolkar, i setninga "og vi får, på grunn av det roterande perspektivet oppover og oppover frå ein liten mann i ein bedehuskjellar med utstrekte armar, denne rare kjensla av sentrifugalkrafta".
Vi - forteljarane, og vi - lesarane.

Det undrar meg at ingen av kritikkane eg har lese har peika på dette svært openberre trekket ved boka. At ho er ein film. Øyehaug bruker også filmen som ein raud tråd gjennom historiene. Studenten Sigrid skriv om filmtemaet "kvinner i for store herreskjorter", mellom anna basert på Lost In Translation, filmregissøren Linnea, i for stor herreskjorte, er i København for å lage film, Wanda og Kåre har Kill Bill 2 som referanse for og i sitt nyleg avslutta forhold, mv.

Kritikarane har fokusert meir på at det er ei utprega litterær bok. Litteraturstudenten Sigrid, som har bilete av litteraturteoretikaren Paul de Man på veggen, forfattaren Kåre Tryvle, Sigrid, Elida og Viggo som alle les Dantes guddommelege komedie, og så bortetter.

Og eg må vel seie noko om handlinga, òg. Kort fortalt møter vi i hovudsak åtte personar som på kvar sine måtar strir med kjærleik og nære band, kven dei er og kven dei vil vere, kva dei skal velje. Det er historier som flokar seg inn i kvarandre, som kommenterer kvarandre. Vi har ein allvitande forteljar (eller to) og som lesarar får vi vite ikkje berre kva alle karakterane gjer, sett gjennom ein eller to karakterar sine auge, men kva alle gjer og kva alle tenker.

Stilen er på eit vis litt merkeleg. Det er mykje bruk av kolon og "telling", som i desse "Her ser vi"-setningane som ofte kjem. Forteljarane refererer samvitsfullt kva alle tenker, uansett kor dumt dette måtte vere, men har ein ironisk distanse til det heile og kan gjerne kommentere det om det er dumt. Her er det ingen ektefølte, vakre og poetiske skildringar som får stå åleine, ukommenterte, uironiserte over. Det er mykje humor her, og eg lo fleire gongar.

Eg las denne boka på to dagar. Eg blei hekta. Det er noko her som driv meg som lesar framover, helst ville eg lese heile tida, sjølv om eg av og til blei lei (slik eg blir av å lese det aller meste, etter å ha halde på ei stund). Eg kunne skrive mykje meir om denne boka. Eg veit ikkje heilt kva ho er, kva ho skal vere eller prøver å vere. Men eg likte henne.

Ainahttp://www.blogger.com/profile/03146997507456324538aina.basso@gmail.com5tag:blogger.com,1999:blog-14631089.post-65737500732132802502009-07-11T14:08:00.007+02:002009-07-11T14:17:37.248+02:00Når reisa går på skjener
Eg sit på eit tog. Eg har vald komfortsete med ekstra god plass, kaffi og aviser inkludert. Førebels har eg fire seter med bord mellom heilt for meg sjølv. Faktisk har eg ein liten kupé heilt for meg sjølv. På bordet framføre meg ligg romanen eg les for tida, ei reiseskildring frå Noreg på 1800-talet, skriveboka mi og to aviser. Eg har henta meg ein kopp kaffi. Akkurat no lener eg olbogane mot bordplata og ser ut av vindauget. Det er tidleg på morgonen. Reisa har nett byrja.

Toget, eg, glir gjennom landskapet. I dag glir vi frå Oslo og nordover, før eg skal skifte tog og dreie vestover, heim. Eg har eit trist ærend denne gongen. Likevel nyt eg turen. Eg nyt synet av landskap som endrar seg. Frå bygardane langs skjenene ut frå Oslo S til stadig meir grøn mark og blankt vatn. Elver og innsjøar, kollar, åsar, fjell. Eg tenker det same om kvart einaste vindauge og hus eg passerer. Kven bur der? Korleis er liva deira? Korleis ville eg hatt det om det var der eg var?

Togkroppen krenger svakt, det kjem eit jamnt, tungt sus frå skjenene. Noko ristar og tikkar ein stad, med jamne mellomrom kjem det små dunk frå eit punkt like framføre meg. Eg lener meg tilbake og legg merke til eit feittmerke på vindauget, i hovudhøgd frå setet midt imot. Eg ser føre meg eit hovud, som i nattas løp, på nattoget mellom Trondheim og Oslo, har lent seg til glaset. Ein ung mann, med voksmetta hårstrå, sovande andlet, lett gapande munn. Kvit hettejakke, kan hende, og det eine kneet kvilande mot bordkanten.

Eg tek ikkje så ofte tog. Kanskje er det difor eg er så glad i å reise med det. Eg har teke så lite tog at eg hugsar dei fleste turane, både innanlands og utanlands. For nokre år sidan drog eg på interrail. Eg var student og hadde spart i eit halvt år til turen. Vi tok toget frå Trondheim til Oslo, frå Oslo til København, København til Hamburg, Hamburg til Amsterdam, Amsterdam til Paris, Paris til Nice, Nice til Roma, Roma til Napoli, Napoli til Pompeii, Pompeii til Napoli, Napoli til Firenze, Firenze til Pisa. Så snudde vi og reiste heim.

Tida mellom togdistansane var sjølvsagt spekka med flest og mest interessante opplevingar. Kanalar, tulipanar, Louvre, Versailles, parisarhjul, Eiffeltårn, rullesteinsstrand, varm sjø, store bølgjer, Harry Potter, Vatikanet, Colosseum, Trevifontena, Vesuv, Det Skeive Tårnet, ein jazzkonsert på fortauskafé. Men eg hugsar togturane. Eg hadde musikk på øyret gjennom Tyskland. Det er den same musikken som eg forbinder med ein busstur gjennom Sunndalsøra. Eg hadde sikkert musikk på øyret gjennom Italia, òg, men der hugsar eg landskapet. Utsikta mot solvarme landsbyar. Korleis hadde livet mitt vore der?

Det er mange ting eg liker med å reise med tog. Eg liker rytmen i togkroppen, eg liker lydane. Eg liker at det går raskt, men at ein likevel merkar at ein forflyttar seg over store distansar. Eg liker at det er miljøvenleg. Men det beste med å ta toget er ikkje noko av dette. Det beste er alle liva som ligg der ute. I det kvite huset ved åkeren, den slakke hagen ved sjøen. Livet i storbyane, livet i landsbyane. Livet her heime, livet der ute. Det beste med toget er tanken. Det beste med reisa er tanken som flyg.

Laurdagsspalte i Nationen, 11.07.2009. Illustrasjonen er stolen herfrå, eg veit ikkje kven som har teke det fine biletet.

Ainahttp://www.blogger.com/profile/03146997507456324538aina.basso@gmail.com3tag:blogger.com,1999:blog-14631089.post-37751030203195200382009-07-10T15:18:00.003+02:002009-07-10T15:26:11.643+02:00Skrivereiser og spor-oppgåingHer ein dag fekk eg så lyst til å lese oppigjen Jenny av Sigrid Undset, og kom deretter på at handlinga føregår i Roma. Og eg skal jo til Roma for å skrive til våren, i leilegheita til Samlaget. Så då tenkte eg at eg kunne lese Jenny i samband med Romaturen, som oppvarming eller liknande.

Og så kom eg på at eg også har lyst å reise til Berlin i haust, for å skrive. Og at eg då kan lese oppigjen 16.07.41 av Dag Solstad, som i stor grad handlar om Berlin. Og så tenkte eg at eg kunne ta med boka og freiste gå opp Solstad sine spor medan eg er der. Ja, eg skal jo dit for å skrive, sjølvsagt, men ein kan jo ikkje skrive heile døgeret, ein må jo lufte seg litt, òg. Få inspirasjon og lære litt om byen.

Og då lurer eg på, heilt til slutt: Kan ein gå oppigjen Roma i spora til Jenny, eller er dei for gamle og forvitra?

Ainahttp://www.blogger.com/profile/03146997507456324538aina.basso@gmail.com9tag:blogger.com,1999:blog-14631089.post-82495802794063943732009-07-08T21:47:00.005+02:002009-07-08T22:09:00.752+02:00Handlar det eigentleg om Hildr?Nok ei lesesirkelbok er fortært og fordøyd, og deretter dissekert. Eg meiner diskutert.
Denne gongen var det Jens Bjørneboes biografiske roman om Ragnhild Jølsen Drømmen og hjulet som stod på plakaten. Men er det eigentleg ein biografisk roman?

Drømmen og hjulet er både ein tradisjonell historisk roman, kva form og ingrediensar angår, og også ein typisk Bjørneboe-roman, med kva det måtte medføre av sosialt engasjement og ikkje minst -agenda.

Historia byrjar med Ragnhild Jølsens farfar, Peder Jølsen, og med ein samtale mellom han og sonen Holm om framsteget. For vi er i byrjinga av modernitetens tidsalder, med kva det måtte medføre av industri, kapitalisme, arbeidarrørsle og klassemotsetnadar. Og kanskje er det nokså breie og langstrekte familiehistoriske og industrielle bakteppet naudsynt for å forstå mennesket og forfattaren Ragnhild Jølsen. Iallfall bruker Bjørneboe nokså mykje tid på å skrive om alt anna enn ho eg trudde boka skulle handle om. Ja. kanskje er det naudsynt. Og kanskje er det det ikkje.

Når Ragnhild, eller Hildr som ho seinare skal kalle seg, endeleg kjem inn i historia, er det først nærast som ein biperson. Det er samfunnet og brytningstida som står i sentrum, i god Bjørneboe-stil, kan hende. Eg er ikkje så vel bevandra i Bjørneboes forfattarskap, skal eg villig innrømme. Eg har lese og likt Jonas, to gongar, og forsøkt å lese, men absolutt ikkje likt, Uten en tråd. Eg har ikkje, som alle unge menn i ein viss alder gjer, lese Bestialitetens historie, og trur nok heller ikkje eg vil gjere det.

Kanskje er Drømmen og hjulet vel så mykje ei bok om Bjørneboe. Om hans eigne syn, om dei likskapar han finn mellom seg sjølv og Jølsen, om hans eigen kamp med si eiga skriving og med rusen. Eg er ikkje nøgd med måten denne romanen er skriven på og forstår ikkje kva tittelen viser til. Eg ville lese ei bok om Ragnhild Jølsen og det synest eg ikkje at eg har gjort. Alt som står der kunne eg funne ut på langt enklare måte - har eg allereie funne ut på langt enklare måte, og med langt mindre bruk av tid. Det er nesten så eg tenker at nokon burde skrive ein ny biografisk roman om denne kvinna. Der ho står i sentrum, ikkje samfunnet rundt henne, før henne, og av ein eller annan grunn, etter henne. Ho var jo ikkje eingong samfunnsmedviten.

Ainahttp://www.blogger.com/profile/03146997507456324538aina.basso@gmail.com3tag:blogger.com,1999:blog-14631089.post-62079461609829520222009-07-06T22:07:00.004+02:002009-07-06T23:55:47.246+02:00PushwagnerEtter ein månad kunne eg endeleg hente velkomstpakken frå Bokklubben Epp, som i tillegg til Vente, blinke (Gunhild Øyehaug), Borte en vinter (Heidi Marie Kriznik) og ein filmboks med Woody Allen-filmar, inneheldt det som reknast som storverket til den nyleg gjenoppståtte norske kunstnaren Hariton Pushwagner: Soft City.

Soft City er ein biletroman, med eit imponerande detaljnivå. Pushwagner laga bileta på 1960- og 70-talet, dels i amfetaminrus, men bileta forsvann og var borte i tjue år, før dei dukka opp igjen i 2002 og no altså finst i bokform.

Romanen er ein samfunnssatire og føregår i løpet av ein einaste dag i den monotone Soft City, der alle er like og alle slavar, ufrie, for krigsindustrien.

Ainahttp://www.blogger.com/profile/03146997507456324538aina.basso@gmail.com5tag:blogger.com,1999:blog-14631089.post-32365877642090320282009-07-06T14:52:00.007+02:002009-07-06T18:33:06.363+02:00Late dagar i EirabuDen første delen av sommarferien er over, og eg er tilbake i byen. Både eg og plantane er solbrente, og gråskapen som ligg over hovudstaden desse dagane høver godt til å sitje inne og skrive og lese.

Størstedelen av tida på øya blei også brukt til å lese, men der på ei solseng i hagen. Aviser og bøker fylte gapet, deriblant (og hovudsakleg) debutromanen til Kristine Tofte, Song for Eirabu, som har fått mykje merksemd og mange gode omtalar allereie.

Det er eit stort epos og eventyr Kristine har skapt i dette første bindet av to, om verda før vår og verdsdelen Eirabu. Her har vi minnefolk og menneskefolk i nord, vi har Storhavet i midten, alvar i forbodne skogar i aust og ei krigersk stormakt i sør. Det går mot endetida for denne verda, og spådommar skal setjast ut i live. Lagnaden ligg tung over dei to unge søstrene Ragna og Berghitte, som skal bli ståande på kvar si side i den store krigen der makt og fridom står på spel. Ragna og Berghitte er døtrer av den umedgjerlege kongssmeden Sakse, og veit heilt frå dei er små at det kviler ein ukjent lagnad over dei. Mor deira, den lute og tunge Kjellaug, veit frå dei blir fødde at ho ikkje skal få behalde dei, og knyter seg mest til yngstemann Kjerald, ein stygg og underleg skapnad.

Året jentene er 14 og 15 år skjer det endeleg. Ragna blir henta til kongsgarden i Blåinn for å gå i lære hos blotgydja Okar, og Berghitte blir ei tid seinare sendt sørover til Syrren, for å bli dronninga til den aggressive krigarkongen Jorol, som freistar ta makta over heile Eirabu. For meg personleg er det Berghitte si historie og det som skjer i stormakta Syrren som er aller mest spennande. Boka har ein allvitande forteljar, og vi følgjer fleire ulike karakterar, noko som stort sett fungerer godt. Men det er Berghitte eg vil tilbake til, og historiene om klosteret, om guden i berget, og den kvite prinsessa i slottet. Eg vil vite meir om opphavet til søstrene, om lagnad og spådommar, om kva det heile betyr.

Historia er godt fortalt og byr på ein solid mytologi, basert på den norrøne, og eit solid oppbygd univers, vist på vakre kart teikna av forfattaren. Vi møter mange slags vesen, både menneskefolk og minnefolk, herduegane i berget, byttingar, alvar, gudar, verger og ei volve. Boka byrjar med ein prolog om volva Áma, som eg er glad forfattaren ikkje strauk, slik visse krefter ville ha henne til å gjere. Her slår ho an tonen, ikkje berre eksplisitt for forteljinga vi skal lese, men for det som ligg bak, det som styrer det heile:

Djupt nede i mørk mold som ein gong var ei myr, låg ei kvinne, svart av elde. Ho var kledd i ullkjole og kappe med bronsenål, og på føtene var leivningane av mjuke kalveskinnssko. Dei nakne armane låg falda kring ein seidstav av ask.

Lyset på gamlemyra var bleikt, og morgondisen strekte seg tynn over halm og pors heilt til kveldskulda krølla ny skodde fram mellom trestammene.

Det er eit stort og mangefasettert univers vi blir tekne med inn i, dette er ikkje noko lettvint spel på allereie etablerte storleikar. Historia er tidvis brutal, tidvis vakker og kjenslevar. Språket og stilen er stort sett forteljande, men der finst fine, poetiske passasjar og skildringar, noko som ofte kan vere ein mangel i bøker i denne sjangeren.

Kristine Tofte satsar høgt med denne boka, og etter mi meining lykkast ho. Eg ser fram til å lese meir av henne, og ser spent fram til å følgje forfattarskapen hennar vidare.

Ainahttp://www.blogger.com/profile/03146997507456324538aina.basso@gmail.com5tag:blogger.com,1999:blog-14631089.post-61505544890045027222009-06-29T17:03:00.004+02:002009-06-29T17:44:18.089+02:00Sigrid FinneDå mor mi hadde bursdag for ein månads tid sidan, gjekk eg i den lokale bokhandelen på Grünerløkka for å finne ei bok. Dette er ein liten bokhandel og han har ikkje særleg godt utval, unnateke når det gjeld mjukinnbundne bøker, der han har det meste av det som har vore på bestselgjarlistene, og nokre klassikarar attpå.
Men eg fann éi bok.

Eg fann Sigrid Finne av forfattaren Marit Tusvik. Om forfattaren (Marit Tusvik) som skal skrive om mor si (Sigrid Finne) etter at ho er død. Det er ei særskilt historie ho vil skrive, og ho vil skrive henne på riktig måte. Men det er ikkje så enkelt å få dette til. Ho prøver heime, det går ikkje, ho reiser til Island og til Sicilia.

Eg gav kanskje denne boka til mor mi dels av ein egoistisk grunn. Eg tenkte at det kunne bli ein parallell der ein gong, ein dag. At eg (forfattaren) vil skrive om mor mi (mor mi), og at denne boka var ei vi kunne lese, begge to, og tenke oss inn i. Setje oss sjølve i ei fjern framtid inn i rollene til Marit og Sigrid, kanskje snakke om det etterpå, om boka, om oss, om å skrive om mor si, om å vere ei mor det vil bli skriven om. Men mor mi har gløymt å lese boka. Faktisk hadde ho forlagt henne.

Men då ho til slutt fann henne fram (ho var ikkje langt unna) la eg meg til å lese henne innimellom slaga med Song for Eirabu. Og sidan boka er velskriven, interessant, passe lang (omlag 200 sider) og lettlesen, gjekk det på eit par solarøkter.

Det er ei fin bok som har fått fine kritikkar. Det er ei historie om forfattaren, om skrivinga, det er ein metaroman, men det er også ei historie om Sigrid Finne. Ei historie eg forstår at Marit Tusvik ville fortelje.

Jeg ser på notatene i fanget mitt, side opp og side ned med ord nedskriblet i full fart. I mørket ligner de et barokt broderi improvisert etter et fastlagt mønster der vrangsiden skal være like fin som retten. Hvordan skal jeg greie det?

Kanskje ser hun min bekymring, for hun sier: Nå har vi kjent hverandre i hele ditt liv. Tror du at du noengang kommer til å omtale meg som en som var opptatt av å være nøyaktig?

Nei, sier jeg. Og så ler vi. Sammen. Og så begynner jeg å gråte fordi hun omtaler seg selv i fortid og fordi det er sant det hun sier, hun er det mest inkonsekvente og unøyaktige menneske jeg har kjent, og jeg, datteren hennes, skal ikke bekymre meg for bagateller på hennes vegne i en hellig stund som denne.

Nøyaktighet er for pedantene, sier hun. De engstelige, de som er redde for å bli tatt i små feil, de kan holde på med pirk (hun ler en søt liten latter) - du og jeg har ikke tid til å passe på sånt.

Ainahttp://www.blogger.com/profile/03146997507456324538aina.basso@gmail.com6tag:blogger.com,1999:blog-14631089.post-57782766401704210832009-06-26T21:25:00.009+02:002009-06-27T17:52:55.997+02:00Ei nynorsk superstjerne- Må du sjå sjøen?
- Nei, eg må jo ikkje. Ein må finne seg i alt her i livet. Også å ikkje sjå sjøen.

(Unisont latterbrøl frå salen.)

Mann møter myte

Jon Fosse fyller femti år i september, og feirast i både inn- og utland, av forlag og av heimbygd. Sidan debuten i 1983 har Fosse skrive ei rekke bøker innan fleire sjangrar og for både barn og vaksne. Særleg kjent er han kanskje som dramatikar, og stykka hans er sett opp i ei rekke land, det har vore over åtte hundre førestellingar. For meg er det forteljingane som er viktigast, særleg den vakre romanen Morgon og kveld frå 2000.

Vi fekk treffe ein Jon Fosse i storform på Dei Nynorske Festspela i Aasentunet i går. Det finst ei rekke myter om denne mannen. At han er taus og tung, at han ikkje stiller opp på noko, at han er vanskeleg å intervjue. Men i møte med Cecilie N. Seiness, forfattar og journalist i Dag og Tid, og haustaktuell med portrettbok om Fosse, var han overraskande lettliva og morosam. Både han og salen lo godt mange gongar, historier og anekdoter kom på løpande band, og det blei ein riktig interessant og fint møte med Jon Fosse - på fleire måtar.

Etterlikning og dikting

På vidaregåande skreiv Jon Fosse tekstar sterkt inspirerte av Tarjei Vesaas.

- Har du talent kan du etterlikna.

Forskjellen på om ein har talent eller ikkje viser seg, ifølgje Fosse, i om ein lett får til å etterlikne det andre gjer eller ikkje. I tekst fann Fosse eit talent for dette, i musikken - enn kor viktig han var i ungdomsåra - fall det ikkje like lett.

Som alle store diktarar, som er omgrepet Fosse bruker om seg sjølv, har han sine aksiom som han framfører med djup sikkerheit og overtyding. Aksiomet eg merkar meg i denne seansen er følgjande:

- Ein diktar skriv ikkje synopsis. Ein som skriv synopsis har ein ikkje forstand på dikting. Det meiner eg.

Utsegna kjem i den delen av samtalen som går inn på dramatikken og korleis han kom til å byrje skrive for scena. Og eg høyrer kva han seier. Sjølv om eg personleg er av den oppfattinga at det ikkje finst berre éin god måte å vere eller gjere verken det eine eller andre på. Men kanskje vil eg nettopp på grunn av dette tvisynet ikkje nå like langt som Fosse, som etter seiande markerte seg med ei sterk stemme allereie som debutant, då han reiste seg og kom med følgjande utsegn:

- Fløgstad, eg er ikkje einig i litteratursynet ditt.

Fosse skil skarpt mellom seriøs prosa og kommersiell og underhaldande prosa. Implisitt ligg at ein diktar skriv prosa av det seriøse slaget.

Men korfor skriv Fosse? Jau, av nødvendigheit, kjem han til. Men også for gleda av det, på grunn av lykka det gir.

Fosse og Sex Pistols

Ei av mine medpublikummarar sa etterpå at Fosse sa så mange enkle ting som verka så sanne og viktige.

- Han har nok tyngde til at ein tek det han seier alvorleg, sa ho.

Eg grunna litt over denne tyngda. At vekta av det som blir sagt er proporsjonalt med tyngda til mennesket som seier det. Kven skaper vekt, kva skaper tyngde?

Eg blei elles svært imponert over det Cecilie N. Seiness fekk til i samtalen som hadde tittelen Desse auga, desse orda. I tillegg til at det tydeleg er ein nær og god tone mellom henne og Jon Fosse, er ho ein god intervjuar, ho legg opp til dei riktige historiene, ho stiller oppfølgjingsspørsmål på nett rett stad. Hadde det ikkje vore for henne og for den gode og avslappa tonen mellom dei to ville det truleg ikkje vore ei like fin oppleving.

- Kommer til å bli som da Sex Pistols spilte i Oslo. Men jeg var der denne gangen folkens!, twitrar leiaren i Norsk forfattersentrum, Ingvild C. Herzog, etterpå.

Og det kjennest litt slik. Som noko eg er glad eg tilrettela ferien min for å få med meg. Og eg kjenner fortsett lyst til å lese meir av det denne mannen har skrive. Som Naustet, til dømes, romanen som var Jon Fosses gjennombrot som forfattar i Noreg, i 1989. Og som han fekk si første melding i Dagbladet for, noko som var noko på den tida.

- No er det vel nesten for ei skam å rekne å bli meldt der.

(Nok eit unisont latterbrøl frå salen)

Ainahttp://www.blogger.com/profile/03146997507456324538aina.basso@gmail.com2tag:blogger.com,1999:blog-14631089.post-36861856215095177692009-06-24T20:54:00.004+02:002009-06-24T21:12:49.542+02:00Eg kjem med togetEg kjem ikkje med toget, eg kjem med fly.

Eg opnar boka allereie på flyplassen. Eg har kjøpt panini og iskaffi, eg legg boka framføre meg på kafébordet, eg legg mobilen på venstre side for å halde boka opa.

Eg les:

Eg kjem med toget. Eli møter meg på stasjonen i den vesle byen, det er fleire år sidan me sist såg kvarandre.

Eg les:

Sjøen går kvit, skummet samlar seg i gulkvite render inne på stranda. Eg går så nær sjøen eg kan utan å bli blaut. Dei største bølgjene slår inn over føtene mine, vaskar over støvlane. Når eg går vekk frå huset har eg vinden i ryggen.

På flyet har eg vindaugsplass, men eg ser ikkje ut. Eg les:

Eli står bak meg, no møter ho blikket mitt, ho møter blikket mitt i spegelen. Ho legg handflata mot panna mi, dreg handa over hovudet mitt, dreg håret mitt hardt bakover. Andletet mitt ser heilt annleis ut slik, under handa hennar.

Når vi går inn for landing har eg lese ut boka. Det er den andre romanen Ingrid Z. Aanestad har skrive. Språket er vart og finstemt, klart og stramt. Det er ikkje unødige ord med, heller ikkje for få, teksten er tydeleg med mykje mellom linjene. Ei spenning dirrar gjennom boka. Kva er det med ho som kjem med toget? Korleis er det mellom henne og Eli? Kva vil skje?

Eg tilrår denne boka.
Eg kjem med toget, Ingrid Z. Aanestad.

Ainahttp://www.blogger.com/profile/03146997507456324538aina.basso@gmail.com8tag:blogger.com,1999:blog-14631089.post-56386584936939801722009-06-24T12:20:00.007+02:002009-06-24T12:42:34.271+02:00SommarEin liten sand, han er tørr og mjuk mot fotbladet (eige foto)
Eg hadde eigentleg tenkt å skrive eit lite innlegg om kor kjekt det er med f e r i e , men er blitt åtvara av radioen via Lindkvist mot å røpe slike ting på nettet, så eg ombestemte meg.

Eg skal IKKJE på f e r i e om to timar.
For øvrig er det ingenting av verdi i leilegheita mi. Berre gammalt skrap. Eg har ikkje makka meg til å kjøpe ny datamaskin enno. Og tv-en har skeivt bilete. Og dvd-spelaren kjøpte eg for 400 kr på Rimi i 2004. Eg har også ein stor, sint hund. Og ein stor sint mann. Og ein diger kjøtetande plante like innanfor inngangsdøra. Og veldig mange sikkerheitslåsar og -lenker. Og alarm. Som mannen min plar reagere lynraskt på, OG hunden, dei har mange slags skjulte våpen og lure strategiar. Hunden min er spesielt glad i slike stripete buksebakar som innbrotstjuvar plar ha.

Dessutan skal eg ikkje reise vekk i dag. Eg skal vere heime, ligge og lese bøker på balkongen i oslosommaren medan den store mannen min kokkelerer og vaskar huset og hunden luftar seg sjølv, den smartingen. Han er verkeleg menneskets beste venn.

Så sånn er det med den saka. Så berre ikkje innbill dykk noko.

Ainahttp://www.blogger.com/profile/03146997507456324538aina.basso@gmail.com5tag:blogger.com,1999:blog-14631089.post-74116081198576717082009-06-23T09:28:00.007+02:002009-06-23T10:00:17.022+02:00c, f, h-m, p, r, t, w, xOg best som eg sutrar og syt litt, så skriv eg igjen.

I går fekk eg ein god skrivekveld. Eg har underskrive utviklingsavtale for neste bok med forlaget, og det gjorde tydelegvis susen, for plutseleg skreiv eg igjen. Kanskje trengte eg eit lite spark bak. Å skrive under på å levere noko til ein viss dato er jo nettopp det - eit spark.

Foreløpig (dette kan jo endre seg med tida, med åra) jobbar eg fragmentert og etter puslespelmetoden. Eg veit ikkje om denne metoden er foreinleg (for min del) med eit manus der eg ikkje veit noko om kva som skal hende. Eg trur det då kan bli for laust og uoversiktleg. At fragmenta blir berre fragment, og ikkje skisser eller punkt som skal utvikle seg til noko større, som ligg der, som eg berre treng tid til å skrive ut.

Metoden må altså vere slik.
Først må eg tenke ut ei handling, så skrive henne sånn høveleg ned, ein slags disposisjon.
Så kan eg skrive tekstbrokkar og fragment.

I dag har manuset tre delar (ei logisk og praktisk inndeling), og er delt i tre dokument, då det eine dokumentet byrja bli vanskeleg å manøvrere i. Delane har arbeidstitlar som seier noko om innhaldet. Handlinga er kronologisk.
Det vil seie, eg skriv fragment og plasserer dei der dei kan passe. Så skriv eg bitane saman til ein logisk, eller sannsynleg, heilskap.
I går flytta eg om på nokre tekstbrokkar eg ikkje visste kor eg ville plassere. Eg skriv altså ikkje først a, så b og vidare heilt til å. Eg er ikkje sikker på om eg veit kva som er a enno, eingong. Og å aner eg iallfall ingenting om. Men eg veit ein del om c, f, h-m, p, r, t, w, x.

Scenene byrjar gjerne med ei setning eller to, eller ei råskisse til kva som skal hende. Så skriv eg det ut. Det er gøy å sjå korleis karakterer og omgjevnadar får lys i seg etter kvart som teksten veks.

No har ei av bipersonane fått si eiga historie, sin bakgrunn, personlegdom, lagnad, kan hende. Eg liker henne betre no. Ho synast.

No ser eg at bokstavane eg har plukka ut for å illustrere puslespelteksten min berre er konsonantar. Det tyder nok at det finstemte i språket manglar. Det må kome etter kvart, og mot slutten.

Ainahttp://www.blogger.com/profile/03146997507456324538aina.basso@gmail.com8tag:blogger.com,1999:blog-14631089.post-40236406819304845282009-06-22T11:19:00.007+02:002009-06-22T11:30:22.889+02:00"Dersom dette er skrive av ein mann, må eg revurdere alt"I helgas utgåve av Dag og Tid utfordra journalist Agnes Ravatn litteraturkritikar Cathrine Krøger og sosiolog Unn Conradi Andersen, som er aktuell med boka Har vi henne nå? om korleis kritikarar både umedvite og medvite tek på seg kjønnsbriller når dei vurderer kvinnelege forfattarar.

Utfordringa var ein blindtest på sitat frå ulike mannlege og kvinnelege forfattarar, og dei to deltakarane skulle gjette kjønnet til forfattaren.

"Til Dagsavisen 3. juni seier Unn Conradi Andersen at menn òg skriv om dei nære ting, og kvinner om samfunnet rundt seg: «Tar man bort navnet fra bokomslaget, ville det være vanskelig, enn si umulig, å avgjøre om en norsk samtidsroman er skrevet av en mann eller en kvinne. Så når kritikerne leser forfatterne ulikt, er det fordi de har ulike forventninger knyttet til kjønnet på den som skriver.»

Dagen etter parerer Dagbladets litteraturkritikar Cathrine Krøger slik: «Klart det fins bøker som man umiddelbart ser at er skrevet av en kvinne! Når jeg åpner boka, og det på første side for eksempel står noe sånt som: ‘Jeg ligger i fosterstilling. Jeg tegner en sirkel rundt min egen kropp’, vet jeg at det står en kvinne bak. Ingen menn skriver sånn, med mindre det er ironi eller parodi.» (Dagsavisen 4. juni). Krøger trekkjer fram Hanne Ørstavik som ein forfattar som skriv «med en kroppslig nærhet som jeg får fullstendig fnatt av»."

Så til verket. Eg skal her gi to døme frå blindtesten:

"11. Gardinflor er spent opp mellom kvinnen i kjernehuset sitt og de øvrige, som også besitter egne hjem og egenheter. De fattige, også de har bosteder der de vennlige ansiktene deres er samlet, bare det evig like skiller dem. Slik sovner de: ved å vise til sine forbindelser med direktøren som, pustende, er deres evige fader. Denne mannen, som skjenker dem sannheten som sin egen pust, så selvfølgelig regjerer han, har nå fått nok av damene og skriker om seg at han bare treng­er denne ene, sin egen.
Krøger: – Kinkig. Dette er godt. Eg svarar dame.
Conradi Andersen: – Mann.
Svar: Elfriede Jelinek: Lyst (1989)"

"15. Plutselig, som grepet ut av tomme lufta, sitter hun der.Her.Det må altså være her hun er falt ned nå.Hun.Her er hun dalt ned og svever omkring i sin egen kropp.Hun stirrer ned i hendene sine og studerer dem nøye som om det er første gang hun ser dem.En munn, hennes egen munn, gaper over et stykke skårent wienerbrød, som en hånd, hennes egen hånd, har løftet opp til ansiktet og nå holder der, mellom tennene, et øyeblikk, tomt og hvitt som evigheten.
Krøger: – Dette er akkurat det vi kallar kvinnelitteratur. Akkurat slik. Dersom dette er skrive av ein mann, må eg revurdere alt.
Conradi Andersen: – Mann.
Svar: Hans Herbjørnsrud: Vannbæreren (1984)"

Viss du lurer på kven som vann kan artikkelen i sin heilskap lesast HER.

Ainahttp://www.blogger.com/profile/03146997507456324538aina.basso@gmail.com8tag:blogger.com,1999:blog-14631089.post-13613573755561518512009-06-20T14:52:00.004+02:002009-06-20T15:04:23.318+02:00Sjampis på OperataketI fjor kom det visst 800 stykk på den årlege sommarfesten til Morgenbladet på Operataket.
I år regna det. Då vi endeleg våga oss utandørs kom vi til ein spreidd fest inne i Operafoajeen. Eit glas vin seinare letta det, og festen fortsette på taket, til stadig finare vêr og vakre operasvisker over høgtalarane.

Eg trudde kanskje det skulle skje noko. At nokon ville lese, eller snakke, eller opptre på ein eller annan måte. I staden blei det ein typisk minglefest. Alle trykte seg saman inst mot baren, i ei stor, trong klynge. Og det var hyggeleg. Om ikkje "alle" var der, så var der iallfall ein god del. Himmelen lysna samtidig som han mørkna, det sprudla i glasa og blei stadig tettare med folk. Og då eg i dag tilfeldigvis skrudde på NRK der dei viste reprise av gårsdagens VG-listekonsert på Rådhusplassen, skjønte eg at fyrverkeria vi såg frå Operaen blei sendt opp då A-ha spelte Take On Me.

I kveld er det fest på Litteraturhuset. Kanskje eg skal gå dit?

Ainahttp://www.blogger.com/profile/03146997507456324538aina.basso@gmail.com0tag:blogger.com,1999:blog-14631089.post-46093708597147849222009-06-19T15:01:00.005+02:002009-06-19T15:15:28.816+02:00Det er juni, eg skulle skriveDet er juni, det er lyse kveldar, det er full jobb, men snart er det ferie.

Eg har eit halvt år til å fullføre den neste romanen, om eg følgjer planen. Eg har skrive ein tredjedel av han. Det er juni, på eit halvt år må eg skrive to tredjedelar til.

Det er juni, for eit år sidan var eg ferdig med korrekturen, for eit år sidan blei den første, hittil einaste, romanen sendt til produksjon, for ti månadar sidan fekk eg boka i handa for første gong, for ti månadar sidan kom ho i butikkane. Kor er ho no?

Det er store skyar, som svulmar, dei rammar inn ein lyseblå himmel, eg ser det frå vindauget.
Eg har skrive ein tekst til ei nettutstilling om Ivar Aasen. Eg fekk tilbakemelding på teksten i dag. Vi likte teksten din godt, stod det, vi har ingen forslag til endringar.
Eg las gjennom teksten ein gong til, kjente meg glad for at dei ikkje ville endre han, såg Ivar Aasen føre meg, i det skrå, kalde vinterlyset eg har skrive han inn i. Det vesle andletet hans. Kor knortete han må ha vore.

Det er den nittande. For seks dagar sidan stod mi andre laurdagsspalte på trykk i Nationen. Om tre veker skal eg levere ei ny. Kva skal ho handle om? Eg veit ikkje. Eg har idear, eg skriv på innsida av hovudet, eg skriv i mørkret når eg burde sove, stundom skriblar eg nokre ord ned på ei blokk på nattbordet.

Og romanen. Eg burde skrive på romanen. Korfor skriv eg ikkje? Kva driv eg med?

Ainahttp://www.blogger.com/profile/03146997507456324538aina.basso@gmail.com6tag:blogger.com,1999:blog-14631089.post-79916477869203333872009-06-18T13:29:00.005+02:002009-06-18T14:24:20.649+02:00Eit dikt frå Alfabet
juninatten findes, juninatten findes,
himlen omsider som løftet til himmelske
højder og samtidig sænket så ømt som når
drømme kan ses før de drømmes; et rum som
besvimet, som mættet med hvidhed, en timeløs

kimen af dug og insekter, og ingen i
denne flyvende sommer, ingen begriber at
efteråret findes, eftersmagen og eftertanken
findes, kun disse rastløse ultralydes
svimlende rækker findes og flaggermusens
jadeøre vendt mot den tikkende dis;
aldrig var jordklodens hældning så dejlig,
aldrig de zinkhvide nætter så hvide,

så værgeløst opløste, mildt ioniserede
hvide, og aldrig usynlighedsgrændsen så næsten
berørt; juni, juni, dine jakobsstiger
findes, dine sovende kræ og deres søvndrømme
findes, et svæv af galaktiske kim mellem
jorden så jordisk og himlen så himmelsk,
jammerdalen stille, så stille, og gråden
sunket ned, sunket ned, som grundvand igen

i jorden; Jorden; Jorden i sit omløb
om Solen findes; Jorden på sin rute
gennem Mælkevejen findes; Jorden på vej
med sin last af jasminer, med jaspis og jern,
med jerntæpper, jærtegn og jubel, med Judaskys
kysset i flæng og jomfruelig vrede i
gaderne, Jesus af salt; med jacarandatræets
skygge over flodvandet, med jagtfalke, jagerfly
og januar i hjertet, med Jacopo della Quercias
brønd Fonte Gaia i Siena og med juli
så tung som en bombe; med hjemlige hjerner,
med hjertefeil og hjertegræs og jordbær,
med jerntræets rødder i den jordtrætte jord

Jorden Jayadeva besynger i sit mystiske
digt fra det 12. århundrede; Jorden med
bevidsthedens kystlinie blå og med reder hvor
fiskehejren findes, med sin gråblå hvælvede
ryg, eller dværghejren findes, kryptisk
og sky, eller nathejren, siljehejren findes,
og graden af vingeslag hos jernspurve, traner
og duer; Jorden med Jullundur, Jabalpur og
Jungfrau findes, med Jotunheim og Jura
findes, med Jabron og Jambo, Jogjakarta
findes, med jordfygning, jordrøg findes,
med vandmasser, landmasser, jordskælv findes,
med Judenburg, Johannesburg, Jerusalems Jerusalem

Frå Alfabet av Inger Christensen

Ainahttp://www.blogger.com/profile/03146997507456324538aina.basso@gmail.com0tag:blogger.com,1999:blog-14631089.post-18803531037574566902009-06-16T13:28:00.002+02:002009-06-16T13:36:17.583+02:00Tatt av sjøverkenGjerdekaia, vinter (eige foto)
Ikkje berre er eg frå ei øy, men eg er også frå ei lang line sjøfolk. Far min har reist i utanriksfart på dei store verdshava. Morfaren min dreiv sjøen, det same gjorde farfaren min, og eine oldefaren min var båtbyggar. Så ein skulle tru at det helst var sjøvatn som gjekk i mine årer.

Eg veit korleis sjøvatn smakar. Eg veit kor kalde små fingrar blir av å leite etter krabber i vasskanten. Eg veit korleis det luktar inne i eit naust eller ombord i ein fiskebåt. Eg veit korleis det luktar av sjøstøvlar og jakker stive av fiskeslo. Eg veit korleis ein levande fisk kjennest i handa, eg veit korleis ein ongel kjennest mot fingertuppen, eg veit korleis nyfiska, nytrekt torsk smeltar på tunga. Eg veit korleis grove fiskarnevar kjennest kring mjuke barnehender.

Då eg var tolv hadde eg likevel aldri vore med ut og fiska. Men endeleg skulle det skje. Eg skulle vere med faren min og dorge! Eg hadde gledd meg lenge. Sett føre meg korleis vi skulle kose oss i båten, korleis berre vi to skulle kakke oss utover den spegelblanke fjorden. For båtliv måtte jo vere noko for meg, meinte eg. Havet var noko eg hadde i meg, noko som gjekk meg i blodet. Eg meinte at eg, bokormen, og sjøen var som ongel i fiskekjeft. Eg visste jo det meste om fiskeri. Og all mi tid hadde eg sett morfaren min sitje i kjellaren og bøte garna sine mørke vinterkveldar, med pipa i munnvika. Og var ikkje sjølvaste far min sjømann? Jau, visst var han det! Og ikkje berre ein vanleg sjømann, men ein som sigla på dei sju hav! Som hadde vore over heile den store, runde kloden.

Noko som særleg hadde bitt seg fast hos meg var far min si glede over bøkene ombord. Igjen og igjen hadde han fortalt om dei herlege bokkassene som gjorde dei endelause havstrekka tolelege. Om korleis han slappa av på lugaren sin når han gjekk av vakt, med ei god og spennande bok til selskap. Så er det rart om eg tenkte at det var naturleg å kombinere desse to? Bøker og båtar?

Dagen kom med svartestille. Eg hadde tenkt lenge på dette. Tenkt på kor koseleg det ville vere å ligge i lugaren og lese Tatt av vinden. Så eg tok den tjukke boka under armen og gjekk under dekk medan far styrte båten utover. Det var ikkje ei bølgje utpå. Og den første vesle stunda gjekk alt fint. Men så kom vi til Lestaskjer, der det alltid er sjø. Og med eitt var det gjort. Det var ingen som hadde tenkt på at ei som er kronisk bilsjuk også høgst sannsynleg vil vere sjøsjuk. Det var ingen som hadde nemnt at morfaren min aldri var særleg sjøsterk. Det var heller ingen som hadde nemnt at å lese medan ein sit i eit fartøy som rører på seg, eller endåtil ligge og lese i ei anna retning enn køyreretninga, var eit sikkert steg mot forderving.

Så då vi runda Lestaskjer, var eg allereie grøn om nebbet og kom opp på dekk til far min. Og det var ikkje anna å gjere enn å snu. Det blei med den eine dorgeturen. Faktisk har eg ikkje sett fot på snekka sidan. Far min plar pumpe henne når det regnar, og pussar henne frå tid til anna. Kanskje tek han ein liten runde utpå, men eg trur ikkje det blir særleg ofte. Så eg har tenkt at denne sommaren vil eg bli med far min på sjøen igjen. Men denne gongen skal eg ta ein reisesjuketablett først. Og legge igjen boka heime.

Laurdagsspalte i Nationen 13.06.2009

Ainahttp://www.blogger.com/profile/03146997507456324538aina.basso@gmail.com7tag:blogger.com,1999:blog-14631089.post-14974431438949023052009-06-16T12:15:00.007+02:002009-06-16T13:16:04.258+02:00Slike eg må leseInger Christensen
Etter at eg byrja skrive seriøst sjølv, er eg blitt langt meir oppteken av å orientere meg i den norske og skandinaviske samtidslitteraturen. Det er noko med å vite kva som føregår der ute, kva som skrivast og gis ut, kva og kven ein målast mot i det ein sjølv gjer.

Og det er ikkje til å unngå at eg i same slengen har oppdaga mange nye og spennande bøker, og fått mange nye namn på leselista, dei fleste - må eg innrømme - kvinnelege.

Ei av desse forfattarane er Inger Christensen, den nyleg avdøde danske poeten, som med si diktsamling Alfabet ("aprikostræerne findes, aprikostræerne findes") har bergteke meg på slik ein underleg måte.

Andre forfattarar eg vil lese, mykje av same grunn, føler eg - snakkar dei kan hende til meg med same språket? - er

Ingrid Z. Aanestad, med viss bok Eg kjem med toget eg skal reise heim på ferie
Helle Helle, Inger Bråtveit og Sara Stridsberg, som nok også skal lesast i løpet av sommaren.

Men vi har òg desse som taler til meg på eit noko anna språk, nemleg
Tove Jansson, Sofi Oksanen og Juliana Spahr.

Kanskje skriv eg denne posten mest for meg sjølv. Fordi det er viktig å hugse.

Ainahttp://www.blogger.com/profile/03146997507456324538aina.basso@gmail.com0tag:blogger.com,1999:blog-14631089.post-86483291647046857952009-06-15T10:20:00.005+02:002009-06-16T11:29:18.199+02:00Det er juni, eg tenker på ferieLåvebakken på Giske (eige foto)
I dag er det ganske nøyaktig ei og ei halv veke til eg går ut i ferie.
Eg har ingen ekstravagante planar desse sommarvekene. Skal ikkje verken på verdsomsigling eller storbyferie. Storbyferiane sparer eg til haust og vår, mellom anna blir det to turar til Roma i løpet av første halvår av 2010. Ein skrivetur og ein kosetur. Og kanskje blir det ein tur ein stad i løpet av hausten, òg?

Men i denne omgangen er det Noreg som gjeld. Dei Nynorske Festspela på Ivar Aasen-tunet, der eg skal sjå og høyre Jon Fosse for første gong.

Og Giske.
Sykkelturar på smale asfaltvegar, å gå fjøra rundt øya, setje svake avtrykk i kvit sand, leite etter krabbar i vasskanten, kjenne lukta av solsteikte naustveggar, varm, gammal tjøre, strandnellikar som vaiar i grastuer på berga, lyden av ei snekke som kakkar utpå, gras som kitlar, rosebuskane mor er så stolt av, ei lita niese å plukke blomar med og flette håret til, spele piano så bestemor høyrer det opp på loftet, ligge ute og lese i sola, sjå tåkelarven bukte seg over fjellet, svalane som har reir innunder låvetaket, opne gluggar, kveldar med vin og samtalar og lyse netter.

Og eg må jo lese.
Denne gongen skal eg ta Song for Eirabu med i kofferten, og finne ei smalare bok som kan bli med i veska på turen. Eg trur det blir Ingrid Z. Aanestad. Eg kjem med toget.

Ainahttp://www.blogger.com/profile/03146997507456324538aina.basso@gmail.com8tag:blogger.com,1999:blog-14631089.post-15203401236108727542009-06-14T16:12:00.004+02:002009-06-15T13:07:27.188+02:00Kjære VoltaireI 2007 var det særleg ein debutant eg festa meg ved, av fleire grunnar. For det første fordi eg allereie kjente til forfattaren, for det andre fordi tittelen og temaet var lokkande. Denne debutromanen var Kjære Voltaire av Margit Walsø, forlagssjef for litterær avdeling i Samlaget. Men berre så det er klart: Romanen kom ut på Gyldendal.

Kjære Voltaire er ein biografisk roman frå første halvdel av 1700-talet og handlar om den sterke adels- og vitskapskvinna Émilie du Châtelet, som var den kjente forfattaren og dramatikaren Voltaires elskarinne og nære venn gjennom tjue år. Dei to møtte kvarandre i Paris i 1733, og innleidde det som dei første åra var eit heftig kjærleiksforhold, og seinare gjekk over til å bli ein sterk og inderleg vennskap. Émilie var gift, men forholdet til Voltaire var akseptert både av ektemannen og av krinsen dei bevegde seg i.

Dette verkar å vere solid historisk arbeid, eit interessant innblikk i fleire sider ved overklasselivet i Frankrike for 250 år sidan og ikkje minst ein roman om ei spesiell og imponerande kvinne, viss omsetjing av Newtons Philosophiae Naturalis Principia Mathematica framleis brukast den dag i dag.

Delar av boka er skriven i ein ganske nøktern og refererande stil, og Newtons teoriar blir grundig presenterte. Eg levde meg mest inn i særleg andre og tredje del av boka, der det er meir fokus på Émilie som privatperson. Men det er også interessant å lære om Émilie som vitskapskvinne, med ein stor og brennande lidenskap for matematikken, vitskapen og opplysninga.

HER er ei god og grundig melding av boka, frå NRK.

Ainahttp://www.blogger.com/profile/03146997507456324538aina.basso@gmail.com5tag:blogger.com,1999:blog-14631089.post-26361084403744389332009-06-09T12:46:00.005+02:002009-06-09T13:00:11.280+02:00Ei lita kosebokEg har vore sjuk og heime frå jobb eit par dagar, og kva passa då betre enn å lese den vesle boka En uvanlig leser av Alan Bennett, som eg snappa med meg frå tilrådd-hylla på biblioteket her om dagen?

Den uvanlege lesaren er den britiske dronning Elisabeth II, som plutseleg og nokså uventa byrjar å fatte sterk interesse for litteratur og lesing. I så sterk grad at ho blir relativt uinteressert i alt anna, til bekymring og irritasjon for det kongelege hoffet og den britiske regjeringa.

Det er ei søt, lita bok, som passar fint ein dag (eller to) du treng noko lett og hyggeleg, som kan kvikke deg opp, utan å verke fordummande. Ein bieffekt er at eg blei underleg freista til å ta fatt på Proust.

Her er eit lite utdrag frå ein soare der dronninga har invitert dei store, nolevande, britiske forfattarane, men blir noko skuffa over dei frammøtte:

En skotsk forfatter var særlig skummel. På spørsmålet om hvor han fikk inspirasjonen sin fra, sa han biskt: "Man får den ikke, Deres Majestet. Man må ut og finne den."

Når hun faktisk - nesten stotrende - klarte å uttrykke sin beundring, i håp om at forfatteren ville fortelle hvordan han var kommet til å skrive boken, da fant hun sin entusiasme feid til side, for han insisterte på å snakke, ikke om den bestselgeren han nettopp hadde skrevet, men om den han holdt på med nå, om hvor sakte det gikk og at han dermed, idet han nippet til champagnen, var verdens mest ulykkelige menneske.

Forfattere, avgjorde hun raskt, var det antakelig best å møte i romanene deres, og var like mye produkter av leserens fantasi som personene i bøkene. Og heller ikke virket det som om man hadde vist dem en vennlighet ved å lese det de skrev. Det var snarere de som hadde vist henne en vennlighet ved å skrive det.

Ainahttp://www.blogger.com/profile/03146997507456324538aina.basso@gmail.com4tag:blogger.com,1999:blog-14631089.post-28530062298677103862009-06-06T18:53:00.003+02:002009-06-06T18:58:48.225+02:00To dikt om døden
MENS VI IKKE SNAKKER OM DØDEN

mens vi ikke snakker om døden
tikker de biologiske klokkene lydløst
urviserne krymper som overstrekte muskelfibere

sekundene metter minuttene
med tidspunktets vakuum

en bioteknologisk langdistanserakett
er fyrt opp mot en framtid
der aldersgrensene skal sprenges

imens under gamlehjemmenes dyner
ruger sjelene gjennom natten
med lårene presset mot brystkassen
kropper som selv søker tilbake til fosterstillingen
med et umulig ønske i hodeputen

HALLUSINASJONER FRA EN DISSEKSJONSSAL

en avkappet hånd ligger i en bøtte
med duften av formalin

du løfter hånden
for å berøre døden

som et ubevegelig solur under halogenlyset
avtegnes skygger på linoleumsgulvet

nå bærer du den lange viseren
i et urverk utenfor tiden

Begge dikta er henta frå Kroppsvisitasjoner av Jon Ståle Ritland (2004)

Ainahttp://www.blogger.com/profile/03146997507456324538aina.basso@gmail.com2tag:blogger.com,1999:blog-14631089.post-5425373880157699382009-06-06T15:42:00.005+02:002009-06-06T15:57:49.598+02:00Artige Agnes IINo er essaya til Agnes Ravatn, opphavleg trykte i vekeavisa Dag og Tid, komne i bokform på Samlaget, under tittelen: Stillstand. Sivilisasjonskritikk på lågt nivå.

Her oppsøker unge Ravatn "stadar der ingenting skjer", som den dauaste kafeen i den nedlagte gågata i Ålesund, eit kloster ein stad (der ho ytrar den famøse kommentaren om den drektige klosterkatten: "Oh yes, is she expecting mittens?" Tusen takk grunnfag i engelsk, som eg har flirt av både i tide og utide), beibikino på føremiddagen, kafeteriaen på Rikshospitalet, Bergensbanen, to identiske ex.phil-førelesingar, kjøpesenteret i Haugesund, m.v.

Eg har tidlegare skrive om desse morosame stillstandsrapportane og kor godt eg har likt dei i Dag og Tid, og eg liker dei ikkje mindre no, som dei er komne i bokform. Når det gjeld lesinga av desse, vil eg seie dei passar best til å lesast med litt mellomrom mellom kvar tekst, kanskje ikkje alle i ein jafs, sjølv om det går fint med eit par-tre i gongen. Observasjonane til Agnes Ravatn er gode, vittige, ho har eit godt språk, ein fin ironi, ein endå finare sjølvironi og generelt ein intelligent humor som treffer iallfall denne lesaren.

Og no spør du deg kanskje, kjære lesar: Men ho der Aina, kjenner ikkje ho Agnes Ravatn, då? Er ikkje denne omtalen litt vel inhabil? Jau, kanskje. Men hadde eg ikkje likt det ville eg jo ikkje skrive det. Og det er ein grunn til at eg liker å gå på fest med Agnes, og at eg kjem heim med vondt i magen etterpå. Ho er rett og slett morosam.

Ainahttp://www.blogger.com/profile/03146997507456324538aina.basso@gmail.com5tag:blogger.com,1999:blog-14631089.post-54506379743233691432009-06-05T09:53:00.005+02:002009-06-05T10:22:14.650+02:00Kristine kryssa målstrekenDet var tjukt av folk i kjellaren på Den Gode Kafé i går kveld.
Ein anonym lapp med påskrifta "Lansering for Song for Eirabu" og ein pil (eller noko i den dur) ned trappa var hengt på ein vegg i første etasje, men folk klarte likevel å finne vegen. Dei visste kor dei skulle.

Debutanten sjølv, Kristine Tofte, strålte med ny Song for Eirabu-kjole og fansen pakka seg saman i det tronge, lufttomme lokalet, som for høvet glimra med fråver av bartendar. Vi klarte å kose oss likevel. Debutanten las først det kapitlet i boka ho likte best å skrive:

Eg kjem til å lese frå eit kapittel som eg skreiv ute i sommarhuset i fjor. Det var varmt den dagen, eg sto tidleg opp, satte meg ut på baktrappa med kaffikoppen, der husveggen er okergul og sola alltid varmar. Eg skreiv heile scena med blyant, og etterpå kjente eg at eg var lukkeleg. Akkurat den lukka som det er vanskeleg å finne att i desse nervøse, mest fryktsomme dagane, mens eg ventar på dei første kritikkane. Skrivelukka.

Så fekk ho applaus, skryt og blomar og måtte signere bøker heile pausen, med eit digert smil om munnen.

Så var det to opplesingar til: Forfattar og barndomsvenninne Selma Lønning Aarø fekk alle til å le med ein spesialskriven tekst om Kristine og om kor vanskeleg det er å skrive erotiske noveller, særleg for ei gift småbarnsmor frå ein liten stad, med ei mor som googlar henne dagleg. Så var det min tur. Det einaste eg ikkje ville var å lese etter Selma Lønning Aarø. Snakk om å hoppe etter Wirkola. Snakk om kontrast mellom hysterisk morosamt og nitrist. Men slik blei det, og eg stod det over.

Så var det ny pause, bokstabelen forlaget hadde med svann sakte hen, og etter pausen endå tre innslag: Først ein hyllingstekst til debutanten og skrivinga frå forfattaren Caterina Cattaneo, deretter kortprosa og dramatisk monolog med feministisk tilsnitt frå Ellisiv Lindkvist, som debuterte i 2007 med Alt jeg skriver er sant, og til slutt to dikt frå Ida Jackson, kanskje betre kjent som Virrvarr.

Og alle som las fekk Bong for Eirabu som kunne brukast i baren. Ein staseleg kveld og ein svært høveleg måte å krysse målstreken på for den ferske debutanten. Skål!

Ainahttp://www.blogger.com/profile/03146997507456324538aina.basso@gmail.com10tag:blogger.com,1999:blog-14631089.post-52211092885920524692009-06-04T09:16:00.004+02:002009-06-04T09:29:47.179+02:00EppSå fekk eg endeleg hentebeskjed frå biblioteket om Gunhild Øyehaugs Vente, blinke. Kor lenge har eg stått på venteliste, tru? Sidan i haust, kan hende?

Berre så synd, då, at eg nett har kjøpt boka sjølv. Eller rettare sagt: Vald henne som innmeldingspremie i Bokklubben Epp, som eg blei lurt til å melde meg inn i av at dei delte ut vakre bøker til alle festivaldeltakarar i Lillehammer. Dei har også eit veldig godt innmeldingstilbod: tre gode bøker (for det er mest berre gode å velje i) OG ei filmboks med anten Woody Allen-filmar eller Oscar-vinnarar (m.a. The Hours).

Eg valde Woody Allen-boksa, Gunhild Øyehaug, Pushwagners Soft City (ekstremt fascinerande bok) og Heidi Marie Krizniks Borte en vinter. Og boka dei delte ut gratis? Axel Jensens Epp, sjølvsagt, illustrert av nettopp Hariton Pushwagner. Er det rart ein blir forlokka?

Ainahttp://www.blogger.com/profile/03146997507456324538aina.basso@gmail.com16