tag:blogger.com,1999:blog-126704122009-07-03T13:34:33.002+03:00Øyvind Rangøy ... sånn av og tilPerspektivet til ein estiskyndig nordmann i Estland. Der ikkje anna framgår er både meiningane og fotografia mine eigne. Bloggen kan siterast og refererast med kjeldetilvising. Fotografia kan nyttast med kjeldetilvising. Høgoppløseleg foto kan skaffast etter avtale.rangoyhttp://www.blogger.com/profile/15761158941438705019rangoy@gmail.comBlogger70125tag:blogger.com,1999:blog-12670412.post-32802869012787532622009-07-03T13:32:00.001+03:002009-07-03T13:34:33.011+03:00Umyndig eller 90-årsjubilant?I fjor feira den sjølvstendige republikken Estland 90-års-jubileum. Nabolandet Russland legg til grunn at den same republikken då var ein umyndig syttenåring. Den ulike forståinga er ein nøkkel til å skjøne kvifor det er så mykje turbulens mellom grannane.

Estland og dei andre baltiske statane vart sjølvstendige i 1918 og har aldri slutta å eksistere. Dei vart ulovleg okkuperte av Sovjetunionen, først i 1940 og på nytt i 1944. Landa gjenoppretta sjølvstendet i 1991, dei siste russiske soldatane forlét Estland i 1994. Dei fleste vestlege landa godkjende aldri anneksjonen de jure, og institusjonar i eksil var berarar av kontinuiteten. Difor er dei baltiske landa prinsipielt noko anna enn andre «etterfølgjarstatar» til Sovjetunionen. Difor har dei som hadde røter i statane frå før krigen, særlege rettar. Dette er òg bakgrunnen for at det blir stilt krav om ein viss kjennskap til språk og kultur for at seinare innvandrarar skal få statsborgarskap. Det estiske prinsipielle synet handlar altså kort sagt om at det var ein folkerettsleg realitet at dei i sovjettida var ein suveren stat som vart ulovleg kolonisert.

Russland har eit ganske anna syn på saka og har heilt sidan Sovjetunionen fall, rekna Baltikum som eit område som høyrer naturleg til i deira interessesfære. Eit ferskt døme på det er eit lovframlegg som skal handsamast i Statsdumaen i Moskva som mange tolkar som eit svar på vedtaket i EU-parlamentet frå 2. april i år om europeisk samvit og totalitarisme. Russland har ei rekkje gonger kome med skuldingar om revisjonisme og rehabilitering av fascisme og nazisme i ein del europeiske land, særleg i Baltikum, men òg i Polen og Ukraina. I mange av tilfella har årsaka til irritasjonen eigentleg vore jamføring av dei kommunistiske regima med nazistiske og andre totalitære og valdelege regime, noko EU-vedtaket gjekk langt i å gjere til offisiell europeisk politikk. Det uroande vidt formulerte russiske lovframlegget kriminaliserer medverking til rehabilitering av nazistar og kollaboratørane deira. Det mest provoserande for Estland og dei andre baltiske landa er jurisdiksjonen, som er alle etterfølgjarstatar etter Sovjetunionen – eksplisitt medrekna dei baltiske landa – men altså ikkje andre land. Dette kan lesast som at den estiske staten i dag er fødd 20. august 1991, ikkje 24. februar 1918, og at Russland har særlege rettar i landet.

Kommunisme versus nazisme
Lovframlegget er bore fram av eit grunnsyn mange russisktalande i Estland deler, nemleg at det er blasfemi å samanlikne Sovjetunionen og Nazi-Tyskland, fordi Sovjet ofra så mykje for å knuse nazismen. Her finn vi bakgrunnen for striden om flyttinga av «bronsesoldaten» i Tallinn i 2007. Det handlar om at det for russarane er ein heilag verdi å kunne definere sine (for)fedrar som heltar og frigjerarar som sigra over den umenneskelege fascismen, medan den estiske vonde erfaringa er at dei same «frigjerarane» var okkupantar og seinare kolonistar i teneste for ei anna totalitær og like umenneskeleg okkupasjonsmakt.

Den sovjetisk okkupasjonen påførde landet enorme lidingar. Fleire titusen vart deporterte, hundre tusen utsette for stalinistisk terror. Éin ting er at Russland meiner landa gjekk frivillig inn i unionen, og når Estland konfronterer Russland med terroren, vil ein vanleg respons vere at det var vanskelege tider, at dei som hadde ansvaret, ikkje er identiske med den russiske staten i dag, og at det russiske folket fekk lide minst like mykje under dei destruktive sidene ved systemet. Alt dette er i og for seg sant, men samstundes i direkte strid med den dyrkinga av sigeren som moderne russisk nasjonsbygging legg så stor vekt på. Når ingen lenger har noko medansvar for ugjerningane, korleis kan Russland samstundes arve æra for å ha knust nazismen?

Grensestrid
Spørsmålet om kor gammal Republikken Estland er, ligg òg under overflata i det uløyste spørsmålet om grenseavtale. Den estisk-russiske grenselinja er i praksis ESSR-grensa som okkupasjonsmakta fastsette etter krigen. Dette gjer landet fem prosent mindre enn det var i mellomkrigstida. Estland er villig til å akseptere dette tapet, og difor kom dei to landa så langt at ein grenseavtale vart underteikna. Før ratifisering av den underteikna avtaleteksten i parlamentet la Estland til ei historisk innleiing som nemnde Tartu-freden frå 1920. Dette fekk den store grannen i aust til å trekkje tilbake sine underskrifter. Dette er bakgrunnen for at ein del av EUs og NATOs austgrense framleis er ei mellombels kontrollinje.

For Russland er det mykje som står på spel. Ei anerkjenning av at Estland i heile sovjettida var ulovleg okkupert, opnar i prinsippet både for territorielle og økonomiske krav, og sjølv om Estland truleg vil avstå frå slike, er perspektivet skummelt nok. Like skremmande er det at ei anerkjenning av den vonde sanninga om okkupasjonen ville gjere det langt vanskelegare å byggje den nye nasjonale identiteten på krigsromantikk og dyrking av heltestatusen frå krigen.

Objektivt sett måtte det nye sjølvstendige Estland bli ein hybrid, kjenneteikna både av å vere ei gjenoppretting av den gamle staten og av å måtte hanskast med arven frå sovjettida. Men kontinuiteten kan ikkje kastast på båten som prinsipp for sjølvstende. Det ville vere å snu situasjonen på hovudet, og landet ville sitje att med potensielt medansvar for sovjetisk statsgjeld og ikkje minst vidareføring av ei privilegert stilling for dei gamle undertrykkjarane. I ytste konsekvens ville det vere ei anerkjenning av at det er greitt å kolonisere ulovleg okkuperte statar, så lenge ein held stillinga lenge nok til å ha «hevd» på det oppnådde.

«Omvendt apartheid»
I det siste har fleire polemiske røyster, òg i Noreg, kalla krava til naturalisering av Sovjet-innvandrarane for «apartheid». Bakgrunnen er at vel ein tredjedel av dei russiskspråklege framleis står utan statsborgarskap. Det er utan tvil vanskeleg for russarar i det gjenoppretta Estland å finne sin identitet, men skal ein først jamføre med sørafrikanske tilhøve, er det meir nærliggjande å sjå nykomarane frå sovjettida som dei kvite, tidlegare privilegerte. Estarane måtte bite det i seg. Mange av dei russisktalande veit difor den dag i dag ikkje korleis det estiske folket eigentleg opplevde okkupasjonsåra og kor privilegerte dei sjølve var. Dei trudde alt var i orden, og greier ikkje å tolke det som kjem fram som anna enn aggressiv estisk sjåvinisme. Ved å manipulere denne tilstanden av sjokk og forvirring med ein massiv kampanje som konstruerer ei stor forteljing om russiske frigjerarar og «baltisk fascisme», gjer Kreml situasjonen langt vanskelegare.

Når begge partar meiner den andre har mest å be om forlating for, finst ingen enkle utvegar. Begge partar har eit ansvar. For Estland er det likevel utelukka å late den tidlegare okkupasjonsmakta definere korleis dei skal oppleve eiga historie. Arvtakaren til ei totalitær supermakt har eit særleg ansvar for å ta på alvor dei såra forgjengaren har påført nabolanda. Difor sit òg Russland med nøklane til forsoning mellom folkegruppene i Estland.

Denne kronikken står på trykk i Dag og Tid i dag. På nett: http://www.dagogtid.no/nyhet.cfm?nyhetid=1549

rangoyhttp://www.blogger.com/profile/15761158941438705019rangoy@gmail.com0tag:blogger.com,1999:blog-12670412.post-82901741929414293752009-04-09T20:51:00.011+03:002009-04-13T11:30:36.925+03:00Offer og andre overgriparar?Den 6. april hadde Bjørn Nistad ein interessant og fyldig kronikk i Klassekampen under overskrifta «Ofre og overgripere». Det er mykje ein kunne kommentert i den velskrivne og provoserande kommentaren, så eg kan jo byrje med det eg er samd med Nistad i: Det er absolutt rett at baltarane (og konkret estarane) bør erkjenne at historia ikkje er noko enkelt svart-kvitt-forteljing der dei sjølve alltid er offer. Dette er ein problematikk som er svært forståeleg på psykologisk grunnlag, og like vanskeleg å finne lettvinte løysingar på. Mange estarar forstår dette alt i dag, og eg helsar velkommen ønsket om ei nyansert historieforståing.
Når dette er sagt, synest eg ikkje at ein norsk lesar sit att med noko særleg nyansert bilete etter å lese kronikken i Klassekampen. Det er vesentleg skilnader mellom dei baltiske landa, så i det vidare vil eg halde meg til å kommentere den estiske situasjonen, som eg kjenner best. Det er tydeleg at Nistad kjenner den russiske versjonen av historia frå innsida, medan han kommenterer situasjonen for estarane som ein (informert men ikkje nøytral) utanforståande. Ei ærleg sak, det.

Kronikkforfattaren slår an tonen med å fortelje om den kreftsjuke Arnold Meri som mellom anna har vore leiar av Estlands antifascistiske komité og som har vore «plaget av en rettsprosess der estiske myndigheter hadde prøvd å få ham dømt for folkemord». Min første reaksjon når eg les denne retorisk effektive opninga er at ein gjennomsnittleg norsk lesar neppe vil ha ei forståing av kva Estlands antifascistiske komité er, langt mindre kva tyding ordet fascist vil ha for ein estar i denne samanhengen. Eg må bruke litt plass på å klargjere dette, ettersom ordet «anti-fascistiske» er eigna til å vekkje sympati hos norske lesarar.

For estarane er det ein del av den grunnleggjande livsopplevinga at dei i 50 år var fråtekne historia si. Dei som gjorde ein innsats for den sovjetiske sida, vart offisielt heidra og dekorert, og som Nistad er inne på hadde nok mange av dei ærlege nok motiv, uansett om den estiske opinionen ser dei som landssvikarar i dag. Men alle dei som kjempa mot den ulovlege okkupasjonen måtte vente eit halvt hundreår før dei fekk lov til å fortelje si historie, og den historia var at dei såg på tysk uniform som det einaste høvet dei hadde til å verje fedrelandet sitt. Når så mykje undertrykt historie og fortrengde minne kjem til overflata, og når offisiell sovjetisk propaganda har diskreditert seg sjølv så mykje at ein estar ikkje lenger vil tru på dei delane av den versjonen som trass alt var sann, er det mykje forlangt å vente at alt som kjem opp er særleg nyansert.

Men tilbake til den historiske forståinga av omgrepa fascisme og antifascisme: Estland har aldri hatt noko vesentleg organisert politisk rørsle som svarar til vanlege definisjonar på fascisme. På 1920-talet var Republikken Estland på mange måtar ein freistnad på å skape eit mønster-demokrati, men valordningane førte til ustabilitet og for små fraksjonar, og dette var med på å undergrave demokratiet. På 30-talet bana dette vegen for mindre demokratiske krefter og mildt diktatur, men ikkje for noko ein kan kalle fascisme. Det næraste måtte då vere den populære rørsla kring veteranane frå fridomskrigen (VAPSane), men statskuppet til krinsen kring Konstantin Päts og etableringa av regimet før andre verdskrigen var om noko eit kupp for å hindre at slike krefter skulle kome til makta. Vi kunne med ein viss rett hevde at kuppet var eit «anti-fascistisk statskupp».
Då den andre verdskrigen kom, og mange estarar etter kvart kjempa i tysk uniform, hadde dette ikkje noko å gjere med fascismen som ideologi. Det var det høvet dei såg for å forsvare landet mot eit regime dei hadde sett før – Stalin-regimet. Utan tvil fanst det krigsforbrytarar blant estarane på «tysk» side, og dette er noko Nistad kan ha rett i at mange estarar har vanskeleg for å takle. Men det gjer ikkje fascismen til nokon estisk ideologi.

Men så skjer det som på mange måtar har gjort orda fascisme og antifascisme til ubrukelege ord i estisk samanheng: Då Sovjetunionen går sigrande ut av verdskrigen, blir fascisme eit generelt skjellsord for alle estarar som ikkje er begeistra for sovjetmakta. Sjølvsagt blir alle dei som av ein eller annan grunn samarbeidde med tyskarane til fascistar, men det er berre byrjinga. Dei fleste estarar vil ha opplevd at nokon (som regel russisktalande) har kalla dei fascistar, og særleg var dei av estarane erke-fascistar som gav uttrykk for at dei ikkje såg på Sovjetunionen eller Russland som den store frigjeraren.
Det er dette ein estar høyrer når han eller ho høyrer om Estlands antifascistiske komité. Og mykje tyder på at dette heller ikkje ligg langt unna den tydinga komiteen sjølv legg i det. Dei fleste av medlemmene er russarar, i tillegg var altså same Arnold Meri aktiv saman med forfattaren Uno Laht som har ei fortid i NKVD, forgjengaren til KGB.
Komiteen har som føremål å granske nynazististisk ideologi og fiendskap mellom etniske grupper og slike tendensar i den estiske statsmakta. Underforstått: Dei meiner den estiske staten i dag har fascistiske og nazistiske tendensar.
Det er mykje ein kan kritisere den estiske staten for, men dette verkar likevel som ein bom på målet, og blir best forståeleg i lys av den bruken av «fascist» som estarane berre har vorte så altfor kjent med. Og det tristaste av alt er at nettopp denne bruken ofte er med på å gjere det nesten umogleg å få til ein fornuftig offentleg samtale om fascisme og nazisme i Estland.

Men så til prosessen mot Meri. At denne ikkje skulle vere ei rettferdig rettssak men ein propagandistisk farse er noko alle estarar har høyrt før, men då frå russisk side, der dei er altfor vane med å høyre ting som ikkje er sant. Om det skulle vere sant, har Russland sanneleg ikkje gjort det enkelt for estarane å innrømme det. Men det er heller ikkje grunn til å ta det for god fisk at det skulle vere rein propaganda å gjere etterkrigstida i Estland til ei kriminalhistorie. På mange måtar var det akkurat det ho var, og anten deportasjonane etter formelle definisjonar var folkemord, brotsverk mot menneska, eller noko anna, var dei eit så djupt traume for det estiske folket at det kjem til å ta mange tiår enno å kome over det. Ikkje minst fordi ein aldri har hatt høve til å ta oppgjeret før.

Dei 251 personane, blant dei spedborn og personar som ikkje kan ha hatt skuld i noko som helst, som vart sende til Sibir i krøttervogner, ein stor del av dei for å døy, fekk ikkje nokon rettargang, langt mindre fikk dei utsetjing eller fritak for å møte i retten på grunn av dårleg helse. Alt dette fekk Arnold Meri.
Det er godt mogleg han på sett og vis var ein ærleg og heilstøypt mann som heile livet meinte han kjempa for gode motiv. Men det gjer ikkje medansvaret hans for deportasjonane mindre. Vi får aldri vite kva dommen ville blitt, men etter sjølv å ha høyrt Arnold Meri fortelje i intervju at han såg på det han var med på som heilt vanleg reinsing av strategiske område for farlege element, er det vanskeleg å sjå på det som anna enn nødvendig for den psykiske helsa og rettskjensla til eit heilt folk at ein prøver å ta eit sivilisert oppgjer med dette.

Nistad går vidare med å nemne fem punkt i den baltiske historieforståinga som han meiner er skeiv. Han har nokre poeng, men fleire av dei kan opplevast som stråmannargumentasjon, ettersom det er relativt få estarar som vil ha eit så unyansert syn som analysen kan tyde på.
Eg har alt vore inne på kvifor eg meiner det er heilt villeiande å kalle regima i mellomkrigstida for fascistiske. Nistad har heilt rett i at det er gale å idyllisere desse regima, men dette er eit ukontroversielt standpunkt som ein stor del av den estiske opinionen vel vere samde med han i.
At ein «betydelig del» av folket skulle vere for innlemminga i Sovjetunionen gjer dei ikkje til eit demokratisk fleirtal – og dessutan hadde dei ikkje då sett den terroren som følgde i den første stalinistiske perioden.
Men særleg interessant er kommentaren om at dei hundretusena som «deltok i gjenoppbygginga» blir karakteriserte som okkupantar. Det er klart at det kan opplevast som himmelropande urettferdig for alle dei som trudde dei berre flytta til ein nyoppteken medlem i Sovjetunionen når ein estar kallar dei okkupantar. Det er ikkje vanskeleg å forstå at dette vil kjennast som unyansert sett frå russisk side. Og ikkje desto mindre vil det vere reinaste sanning sett frå estisk side. Det var ein okkupasjon med påfølgjande kolonisering, og det at dei hundretusena av russarar som kom ikkje var medvitne om dette opplevde det på ein annan måte, forandrar ikkje saka for estarane.

Det er tendensiøst når Nistad snakkar om det sjølvstendeperioden i mellomkrigstida som ein «parentes» i Baltikums historie. Gjer det at mindre og større stormakter har kjempa om, vunne og tapt herredømmet over områda i fleire hundre år det til ein parentes når urfolket oppnår sjølvstende?
Nasjonalstaten er historisk sett eit nytt fenomen uansett om vi snakkar om Norden, Baltikum eller andre land, og det verkar på ein pussig måte som om kronikken impliserer at denne konstruksjonen skulle vere meir naturleg i Skandinavia. Det er soleklart at tysk adel, svenske generalguvernørar og russiske embetsmenn er ein viktig del av historia om landa. Men størstedelen av folket i Estland var nettopp estarane. I 1934 – før andre verdskrigen gjorde ein tragisk slutt på både den tysk-baltiske og Estlands-svenske minoriteten -- utgjorde dei etniske estarane 88% av folketalet. Rett etter krigen utgjorde dei heile 97% av folketalet – i dag utgjer dei vel 68 prosent.
Det er vanskeleg å sjå på det som følgde som noko anna enn ei kolonisering, uansett kor uskuldige og bortnarra dei enkelte kolonistane måtte vere.

Mange russarar er truleg heilt uskuldige i at dei har fått inn storrussiske, sjåvinistiske haldningar med morsmjølka – men det er desse haldningane som lever når mange russiskspråklige ikkje ser det som relevant eller nødvendig å lære seg estisk. Det estiske folket har opplevd å vere truga av utsletting, og estisk som det einaste riksspråket (men med høve til å nytte russisk på lokalplan) ser – sei gjerne diverre – ut som den einaste løysinga som inneber reell integrering utan at det i praksis er estarane som mistar retten til å bruke morsmålet sitt i eige heimland. At dette er vanskeleg for mange av Estlands-russarane, kan vi godt forstå, og debatten held fram i Estland.

Atten år etter gjenopprettinga av sjølvstendet er estarane framleis prega av eksistensiell angst for å miste fridomen. Velmeinande vestlege meiner ofte dette er reine etterverknader og har lite å gjere med situasjonen i dag, men bur du i Estland lenge nok til å sjå kontrasten mellom samfunnet her og den russiske framstillinga av det, er det vanskeleg å ikkje bli engsteleg når bjørnen brummar.
Ein debatt om meir nyansert forståing av historia er viktig. Men det inntrykket vi sit att med etter å ha lese Nistad, minner likevel altfor om den versjonen Russland nyttar for å fremje sin politikk, som slett ikkje er å late Estland gå vegen mot eit velfungerande demokrati på eigne premissar, men heller splitt og hersk. I ein sum er dei politiske framlegga til Nistad framleis nok til å skremme estarane, og kanskje ikkje utan grunn. Dei minner rett og slett altfor mykje om ein stor, brummande nabo som under flyttinga av Bronsesoldaten kravde at ei lovleg, demokratisk estisk regjering skulle gå av.

Arnold Meri er død, men mange som hugsar deportasjonane i 1941 og 1949 lever. Av dei 920 000 etniske estarane som bur i Estland i dag er det få som ikkje har kjent nokon av dei over 30 000 som vart deporterte eller 100 000 som vart arresterte i etterkrigstida. Å ta tilbake historia om dette og gjennomarbeide ho på ein konstruktiv og balansert måte er ei gigantisk utfordring. Men det verste vi kan gjere er å bagatellisere desse trauma. Jau visst blir det gale å samanlikne deportasjonane med det eineståande tilfellet Holocaust, men for alle dei som faktisk vart sende til Sibir med heile familien og kom åleine tilbake gjer ikkje det saka betre.

rangoyhttp://www.blogger.com/profile/15761158941438705019rangoy@gmail.com3tag:blogger.com,1999:blog-12670412.post-24714010574815440842009-03-29T02:10:00.002+02:002009-03-29T02:22:23.568+02:00Arnold Meri er død. Og Russland smir mens liket er varmt ...Så vart Arnold Meri òg innhenta av det uunngåeelege natt til laurdag, vel tre månader før han ville fylt nitti. Rettsaka mot han er i prinsippet framleis open, men det er truleg at saka no blir lagt til sides. Dei fleste ser det nok som det viktige at han vart stilt til ansvar gjennom det at saka faktisk vart handsama i rettsapparatet.

Men Russland var raskt ute gongen og «smidde mens liket var varmt» - medan Estland helst ville dømme mannen for brotsverk mot menneskja ved deportasjonane under andre verdskrigen, meiner Russland at mannen ikkje er nok heidra for sine «heltegjerningar» gjennom berre frå før å vere Helt av Sovjetunionen, og Russlands president Dmitri Medvedev gav han i tillegg posthumt - få timar etter at han døydde (av lungekreft) - ein ny heidersorden.

Rett nok er det ikkje deportasjonane som utgjer «heltegjerningane» til Meri. Men ein klår illustrasjon på kor langt historieforståingane i dei to landa står frå kvarandre er det like fullt.

rangoyhttp://www.blogger.com/profile/15761158941438705019rangoy@gmail.com0tag:blogger.com,1999:blog-12670412.post-75406958951190019972009-03-23T15:35:00.005+02:002009-03-23T17:48:34.860+02:00Kva er det som skjer i Helsingfors i dag?Det er sanneleg lenge sidan eg har skrive blogg no, kvardagen har vore full av mykje anna, som slett ikkje har vore uinteressant, men heller ikkje blogg-stoff, eller så har eg berre ikkje fått tid til å skrive. I Estland har livet gått vidare, relativt fredeleg får vi seie, trass i at økonomisk vekst no er erstatta av økonomisk depresjon og mangel på arbeidkraft av stadig aukande arbeidsløyse.

Den russiske bjørnen har av og til brumma litt over grensa, men ikkje meir enn vi har vore vane med. Georgia-krigen er over og dominerer ikkje lenger nyhendebiletet., sjølv om det hender det kjem eit lite drypp. Røyrleidninga gjennom Austersjøen er det òg av og til snakk om, men alt i alt er det lite krisestemning og meir business as usual med omsyn til utanrikspolitikk og tryggleik.

Men etterdønningane etter bronsesoldaten, sure grynt fra Nasji og likesinna, ligg jo av og til og murrar under overflata. I Russland finst det framleis mange som ikkje er blide på Estland, og dei er ikkje redde for å bruke sterke ord, anten dei no trur på det dei seier eller ikkje. Det dei seier er i alle fall at Estlands-russarane er diskriminerte og undertrykte, og at Estland ikkje er noko demokrati, men eit diktatur som har innført ein rein Apartheid-politikk mot dei russiskspråklege.

For dei av oss som kjenner Estland innanfrå er det vanskeleg å ta slike utsegn alvorleg. Om det no finst nokon kjerne av sanning i det, så er han i så fall så liten at det knapt finst noko utgangspunkt for rasjonell debatt. Ein debatt om kva posisjon russisk skal ha i Estland er sjølvsagt heilt på sin plass, men då er det ein føresetnad at ein aksepterer utgangspunktet: at Estland er eit sjølvstendig land som vart okkupert i ly av kaoset i Andre verdskrigen og etter krigen først utsett for stalinistisk terror, deretter for ein medviten koloniseringspolitikk, før Sovjetunionens fall til slutt gjorde det mogleg for det estiske folket å gripe sjansen og få sjølvstendet tilbake. For dei av oss som aksepterer dette som eit utgangspunkt -- og der med aksepterer den grunnleggjande livsopplevinga til nesten alle estarar -- er det utfordrande å ha å gjere med meiningsmotstandarar som meiner sjølve premissa våre ikkje held mål.

Ein av dei som meiner det er sjølv slett ingen russisk Putin-ungdom, men ein finsk universitetslærer som heiter Johan Bäckman. Han har markert seg med uvanleg kvass kritikk av Estland -- kritikk av same slag som vi har vorte vane til frå Nasji, men ikkje frå finske akademikarar. Men trass i at han kallar Estland eit udemokratisk Apartheid-land, får han paradoksalt nok fritt reise til Estland og arrangere pressekonferanser her, utan at det gjer han mildare i ordvalet.

Den estisk-ætta finske forfattaren Sofi Oksanen og den estiske filmregissøren og forfattaren Imbi Paju har nyss redigert ei finsk-språkleg artikkelsamling med namnet Kaiken takana oli pelko ("Bakom alt låg frykten"), der dei prøver å få fram perspektiv på korleis Estland tapte historia si. Blant skribentane finst mange anerkjende analytikarar, politikarar, skribentar og forfattarar av ulike slag, frå Edward Lucas og Anne Applebaum via Estlands president Toomas Hendrik Ilves til Igor Kotjuh, forfattar og Estlands-russar.

I samband med lanseringa av denne artikkelsamlinga har forlaget WSOY i samarbeid med det finske audiovisuelle nasjonalarkivet og dei baltiske ambassadane i Finland skipa til eit seminar i Helsingfors som ber namnet Pelko muurin takana ("Frykt bak muren"), og dette har tydelegvis fått Bäckman og ein del av forbundsfellene hans til å gå heilt av skaftet. Framfor å engasjere seg i ein debatt ved å kome med motargument mot det dei reagerer på i artiklane eller i dokumentarfilmane som blir vist, vil Bäckman heller invitere 30 Putin-ungdommar til å demonstrere mot det dei karakteriserer som fascisme, revisjonisme og mykje anna stygt.

Og på toppen av det heile går det finske muslimske partiet ut og erklærer at dei vil delta i demonstrasjonen mot "historieforfalsking om Estland under andre verdskrigen og undertrykking av muslimar og russarar i Estland". At nokon er sinte og frustrerte, er ikkje vanskeleg å sjå, men for oss som kjenner Estland innanfrå er det heile så absurd at det er like får vi seier "Stopp verda, eg vil av!"

Korleis det ender, veit vi vel snart. Kanskje skjer det ikkje noko å skrive heim om -- kanskje blir heile demonstrasjonen berre ein storm i eit vassglas, slik den finske akademikaren Arto Lukkanen meiner. Slik han ser det, er dette byrjinga på slutten for Nasji, som ikkje lenger har full støtte hos styresmaktene og alt i alt lite att å fare med, anna enn desperate freistnader på å få merksemd.

Vi får håpe han har rett. Men sjølv ein slik storm kan vere nok til å skremme mange dersom media skuvar glaset oppunder nasen på oss.

rangoyhttp://www.blogger.com/profile/15761158941438705019rangoy@gmail.com2tag:blogger.com,1999:blog-12670412.post-92026742824403287272008-05-23T20:34:00.001+03:002008-05-23T20:34:07.431+03:00Arnold Meri -- krigsforbrytar, helt eller stakkar?
Det er lenge sidan eg har hatt tid og overskudd til å blogge no. I mellomtida har det gått over eit år sidan dei mest dramatiske hendingane i Estland, og livet går vidare. Integrasjonsproblem og historieforståing er framleis på dagsordenen. Men den offentlege samtalen handlar likevel mest om andre ting, som budsjettkutt og sannsynlege økonomiske nedgangstider, parlamentarikarløner og mykje anna. Frå tid til anna brummar den russiske bjørnen litt irritert over eit eller anna. Og framleis er det langt fram -- om det i det heile er nokon veg dit -- til ei felles forståing av historia.

Men det er særleg ei aktuell sak som minner oss om dette, og det er rettssaka mot Arnold Meri. Om nokon skulle dra kjensel på etternamnet, er det kanskje fordi han er søskenbarnet til tidlegare president Lennart med same etternamnet. Men bortsett frå visse nedarva tendensar til sterk personlegdom er det ikkje mykje dei har felles, og ideologisk kan ein sjå dei nærast som motpolar.

Arnold vart fødd den 1. juli 1919 i Tallinn og er krigsveteran frå «Den store fedrelandskrigen» -- som dei fleste av oss i dag kallar andre verdskrigen -- og han var den første estaren som fekk status som «helt av Sovjetunionen». I sovjettida var han aktiv i det politiske livet i Estland.

Men dei seinare åra har det kome fram meir og meir som tyder på at den gamle mannen ikkje berre hadde ein utopisk draum som skilde seg frå dei fleste estarar hadde, men at han aktivt deltok i å skape det marerittet som har sett så djupe sår i den estiske folkesjela i dag. Stadig meir dokumentasjon har peika mot han ikkje berre var ein idealist (eller opportunist) som aksepterte sovjet-systemet, men at han var direkte delaktig i dei såkalla mars-deportasjonane i 1949, då til saman over 20 000 estarar -- alt frå eit tre dagar gammalt spedbarn til ei 95 år gammal kvinne -- vart sende til Sibir.

Arnold Meri verva seg i raudehæren i 1940. Han vart såra fire gonger i slag ved Porkhov, men heldt likevel stand. Det var i alle fall dette han i 1941 fekk krigsheltmedaljen sin for i 1941, og i 1948 fekk han Lenin-ordenen, men det er påstått at han eigentleg fekk heideren fordi han hadde gode kontaktar i partiet, medan den eigentlege helten ikkje var idelogisk korrekt og fekk fint greie seg utan.

I 1949 representerte han statsmakta som medlem i sentralkomiteen i EK(b)P og som leiar dei i kommunistiske ungdomsorganisasjonane. Seinare sat han mellom anna i Sovjetunionens øvste sovjet.

I 1995 vart det igangsett etterforsking av rolla til Meri i deportasjonane i Estland, og i august 2007 vart han formelt tiltala for folkemord. Og nyss no, tysdag den 20. mai, byrja sjølve prosessen i Kärdla på Hiiumaa. Sjølv erklærte Meri seg «ikkje skuldig» etter tiltalen.

Meri står ikkje tilbake for å gi intervju, og han er framleis stolt av å ha vore (av å vere?) helt av Sovjetunionen. Han innser at det hende ting som ikkje var bra, men han ser framleis ut til å meine at det han var med på i det store og heile var rett. Han nektar ikkje for å ha vore med på deportasjonane, men han meiner dei må tolkast som heilt nødvendig evakuering, slett ikkje som folkemord eller noko i den retning.

Som det framgår av tiltalen var Meri den som i 1949 hadde ansvaret for å ha tilsyn med gjennomføringa av deportasjonane i Hiiumaa-regionen. Han skulle passe på at akkurat dei rette vart sende til Sibir. I tillegg til dei konkrete oppgavene han fekk frå partiet, skal Meri og ha delteke frivillig i transport av dei deporterte. Tiltalen legg vekt på at sjølv om Meri gjorde det han gjorde etter ordre frå overordna i partiet, kan dette ikkje reknast som formildande i og med at han organiserte transporten på eige initiativ og heller ikkje har vist teikn til anger.

Når vi ser på korleis Meri sjølv tolkar det som hende den gongen, må vi tydelegvis prøve å setje oss inn i eit tankesett som er så langt frå det vi driv med til dagleg at det nesten gjer vondt. Han meiner at han berre administrerte avgjerdene til ei legitim regjering, og at deportasjonane sjølvsagt ikkje var trivelege, men derimot heilt nødvendige. Dette grunnar han med at kollektiviseringa elles ville medført motstand og vald, noko som deretter vil utløyst straffeaksjonar. Dermed meiner meiner han at deportasjonane faktisk spara folk for meir liding enn dei utsette folk for.

Aktor (Sirje Hunt) meinte at ei slik grunngjeving er karakteristisk for den stalinistiske ideologien i eit totalitært samfunn, men ikkje noko vi kan ta alvorleg i dag. Vidare gjorde han det klart at det å vise til høgare ideal og mål ikkje kan rettferdiggjere brotsverk mot menneskeslekta.

Forsvararen (Sven Sillar) meinte på si side at helsetilstanden til Meri bør vurderast igjen, ettersom det no er fire år sidan den 88 år gamle mannen vart undersøkt. Den gongen kom dei fram til at mannen er svært tunghøyrt og ikkje toler rettsmøter på meir enn eit par-tre timar. Forsvararen bad vidare om mange pausar. Aktoratet hadde ikkje noko problem med å gå med på dette, og førebels er vidare møter i saka utsett til doktoren får sagt sitt.

Etter rettsmøtet tysdag var Arnold i form til å gi intervju, men han ville helst late seg intervjue av dei russiske stasjonane, som han meiner er meir opne og vennlegare innstilt. Han gjorde det klart til journalistane at han først og fremst ville hindre vilkårleg maktbruk under deportasjonane, noko han ikkje fekk til så godt som han gjerne ville. Han meiner altså først og fremst at hans rolle i deportasjonane blir skeivt skildra.

Estarar flest er ikkje særleg glade i Arnold Meri. Den gamle mannen er av dei som gjerne har stått fram med sovjetiske medaljar 9. mai og som den dag i dag meiner at Sovjetunionen var heilt på sin plass, og dei fleste legg ikkje vekt på at dei ser han både som ein landssvikar og ein krigsforbrytar. Men frå russisk side er haldninga ei heilt anna. I dag vedtok den russiske statsdumaen ei erklæring til ei rekke estiske og europeiske instansar, der dei krev av prosessen mot Meri blir avslutta. Heile 426 av representantane røysta for erklæringa, der dei òg gjorde det klart at dei ser framferda til dei estiske styresmaktene mot 88-åringen som skammeleg.

På mange måtar er dette akkurat ei sak av den typen som kan bringe spenningane mellom historieforståingane til overflata igjen, og Meri sjølv er gjerne med på å spisse det til. Til dei russiske kanalane har han nemleg gjort det klart at han er overtydd om at heile rettsaka er eit politisk show. Det er ei tolking som passar godt med det russiske biletet av røyndomen. Ein leiar i Postimees meiner derimot at det ikkje berre er på høg tid prosessen kjem i gang -- det er på mange måtar altfor seint, ettersom fleire vitne har døydd medan saka vart førebudd. Avisa meiner at dei russiske journalistene er svært lite interessert i det faktiske innhaldet i rettsaka, til dømes forlet dei salen då dei ikkje lenger fekk bruke kamera. Det var altså ikkje meining i å følgje sjølve rettsforhandlingane.

Og som ein siste prikk over i-en har den russiske byene Gorno-Altaisk gått inn for å kalle opp ei ny gate etter Meri. Sovjetisk helt, russisk helt. Men altså ingen estisk helt.

rangoyhttp://www.blogger.com/profile/15761158941438705019rangoy@gmail.com2tag:blogger.com,1999:blog-12670412.post-50633513731286449322008-03-27T14:37:00.001+02:002008-03-27T14:37:16.938+02:00Snart Schengen i lufta med
Den 21. desember vart Estland fullverdig medlem av Schengen-området, noko som mellom anna gjorde det langt lettare for dei som bur langs den latvisk-estiske grensa. Men for flytrafikken har lite endra seg, for der ville dei vente med å fullføre implementeringa. Passfridomen kjem her saman med innføringa av sommarruter den 30. mars. Samstundes vil det nye Schengen-tilpassa tilbygget ved Tallinn lufthamn Ülemiste bli teke i bruk.
Snart er det altså passfritt på flyplassane òg. Frå grensevakta si side, vel å merke.

rangoyhttp://www.blogger.com/profile/15761158941438705019rangoy@gmail.com0tag:blogger.com,1999:blog-12670412.post-54985195270231814882007-12-20T13:53:00.001+02:002007-12-20T14:19:52.274+02:00I kveld kverv dei siste spora av jarnteppetStatsminister Andrus Ansip kallar det som skjer ved midnatt til i morgon for den største hendinga i år. Når klokka slår tolv og kalenderen viser 21. desember, blir nemleg Estland (i likskap med Latvia, Litauen, Slovenia, Slovakia, Polen, Tsjekkia, Ungarn og Malta) fullverdig medlem i det europeiske grense- og politisamarbeidet. På flyplassane kjem reisande ikkje til å merke skilnadene før 29. mars 2008, men for land- og sjøtransporten forsvinn grensekontrollane altså før jul.
Mest har dette helst å seie på sørgrensa -- for no blir det mogleg å krysse den estisk-latviske grensa kvar og når som helst. Mange sidevegar som sidan sjølvstendet har vore gravne i to er no sett i stand og blir opna for trafikk. Ikkje minst er dette ei viktig hending for dei som bur i grensebyen Valga/Valka. Dei får endeleg høve til å gjere røyndom av det dei alt lenge har hatt som motto -- "Ein by -- to land". Med EU-midlar har dei til og med fått i stand eit flott rekreasjonsområde langs elva på begge sider av grensa, men til no har ein berre kunne nyte landskapet på ei side om gongen.
Denne historiske hendinga tyder slutten på nokre av dei siste formelle skilja mellom Aust- og Vest-Europa. Og kartet over Schengen-området seier sitt.

rangoyhttp://www.blogger.com/profile/15761158941438705019rangoy@gmail.com1tag:blogger.com,1999:blog-12670412.post-15390640886622352482007-12-18T17:25:00.000+02:002007-12-18T17:44:47.571+02:00Maktspråk om menneskerettar. Igjen.Er det ein ting vi kan vere sikre på, så er det at det med visse mellomrom kjem nye skuldingar frå russisk side om brot på menneskerettane i Estland. Denne gongen er det pressetalsmannen for det russiske utanriksdepartementet, Mikhail Kamynin, som tek opp tråden. I eit intervju i Izvestija (referert på estisk i Postimees) klagar han over det han ser som "doble standardar" i Europa -- kort sagt meiner han at ministerrådet EU burde vore gått langt hardare til verks med Estland og Latvia, sidan desse landa systematisk krenkjer menneskerettane til dei russiskspråklege.
Det er som regel lite nytt i slike meldingar -- det handlar denne gongen til dømes om statsborgarskapspolitikken (det er framleis mange som ikkje er statsborgarar), om haldningar til dei som kjempa på tysk side under krigen og om handsaminga av dei som demonstrerte mot flyttinga av bronsesoldaten i april.

Det er sjølvsagt heilt legitimt at Russland talar om menneskerettar, og det beste ville vore om dei tok det på alvor både heime og ute. Men det problematiske med desse utspela er at dei ber meir preg av propagandaåtak og tåkeleggjing enn av ønske om ein reell debatt. Det er nemleg svært sjeldan vi høyrer om konkrete døme på brot mot dei individuelle menneskerettane -- skuldingane er mest alltid diffuse og handlar om generelle tendensar. Då er det lite konkret att å svare på.

Det kan òg vere heilt legitimt å meine at dei russisktalande som minoritet skulle hatt fleire særrettar enn dei har no, i kraft av å vere så mange. Då får ein argumentere prinsipielt for dette. Men det er derimot problematisk å gjere dette til eit spørsmål om menneskerettar, når krava i realiteten handlar om særordningar som ville gi dei russisktalande særrettar som ingen andre minoritetsgrupper i landet skulle nyte godt av. Slike utspel handlar ikkje om ønske om dialog, men om maktspråk. Og det tristaste av alt er at nett dette maktspråket forsøplar debatten og gjer det vanskelegare å snakke skikkeleg om menneskerettar i Estland.

rangoyhttp://www.blogger.com/profile/15761158941438705019rangoy@gmail.com0tag:blogger.com,1999:blog-12670412.post-86528843433788237362007-12-17T10:13:00.000+02:002007-12-17T10:22:46.674+02:00... sine hus uppå deimDenne teksten stod som "Baksiderapporten" i Dag og Tid nr. 49 (7.-13. desember 2007).

Vi som bur i Tartu må opp i slik ei ukristeleg tid, skal vi nå eit morgonfly til Oslo. Det hjelper ikkje eingong om det eigentleg er Molde eller Ålesund vi skal til – det finst ingen innanriksflygingar i retning den estiske hovudstaden. – Jaså, til Noreg? Drosjesjåføren er i alle fall vak klokka halv tre om natta. – Ja, du skal vel byggje? Tene litt pengar?
Eg kjenner korleis ei varm kjensle breier seg i kroppen. Det vart rett nok aldri noko av den sjølvproletariseringa, men her er det i alle fall eit medmenneske som meiner eg like godt kunne vore ein av dei mange som reiser til Noreg for å gjere noko nevenyttig og kome heim med pengar til familien.
I går tala eg på eit norsk-estisk næringsseminar her i byen. Omsetjaren og kulturkjennaren, skreiv dei i avisa, og det siste visste eg ikkje sjølv. Nokre av dei andre som tala der visste forresten eit og anna om nordmenn. Til dømes at vi er ærlege til det naive. Eller var det omvendt? Korrupsjon vil vi alle fall ikkje vite av. Utvidar vi austover, byggjer vi heller våre eigne kraftverk enn å betale nokre småpengar under det rette bordet for få straum. Slik er vi.
Eg har høyrt det før, ikkje minst av nokre av dei mange estarane som reiser til Noreg for å byggje bitar av landet og andre hus. Nordmenn er ærlege på så rare stader, meiner dei. Som han erkekjeltringen dei jobba for ein stad oppe i ein dal. Han han gjekk ikkje av vegen for å snyte både kundar, leverandørar og skattefut, men ein dag bad han ein av estarane om å stikke og kjøpe Windows. – Kjøpe, spør estaren, kvifor det? Vi kan jo berre leggje inn frå denne plata her. Men nei, slikt vil ikkje nordmenn vite av.
Nuvel, eg er ikkje viss på at det var det mest typiske dømet dei hadde funne, men moro var det lell. Elles hadde nokre av seminardeltakarane i går fått med seg at levestandarden er lågare i Noreg enn i Estland. Greitt nok, lønene er fleire gonger større, men det er berre på papiret – alt er så dyrt at vi ikkje har råd til noko som helst i Noreg , og dessutan er det uansett ikkje noko att av pengane når dei horrible skattane er betalt, noko overærlege nordmenn sjølvsagt gjer.
Dessutan er det heilt uråd å vere sjølvstendig næringsdrivande i Noreg. Slike har nemleg ingen rettar i det heile, ikkje så mykje som eit lite trygdemedlemskap, og pensjon får dei heller ikkje.
Det er tydeleg at Noreg har mange slags ambassadørar som har drive folkeopplysning. Godt at det arbeidet er gjort, så eg kan konsentrere meg om andre ting. Det hadde jo vore for gale om folk skulle gå rundt og tru at mange nordmenn stort sett har det dei treng.
Vi er altså både fattige og naive midt i oljemilliardane våre. Likevel er det ikkje tvil om at det står høgt i kurs å vere norsk her sør for Finskebukta. Ikkje berre har vi både fjell (som vi sikkert meiner vi har bygd med eigne hender, glapp det likevel ut av nokon i ein svak augneblink) og fjordar og mange andre gode fiskar, men vi har aldri okkupert Estland. Det siste er det ikkje så mange av nabolanda som kan skilte med. Og så har vi Ibsen, Undset og Jon Fosse. Hurra for Noreg!
Det er mykje snakk om integrasjon i Estland for tida. Slik midt på natta kjem eg ikkje i hug nok av gymnasmatematikken til å kome på kva det er for noko, men sjølv trur eg at eg er ein stad mellom integrert og assimilert. Likevel kan det vere eit ork å vere ein som går mot straumen – er du verkeleg heilt norsk? Du er ikkje eksil-estar eller noko? Kvifor kom du hit for å lære språket vårt, når de har både fjell, fjordar og språk i Noreg? Det kan røyne på å vere ein raritet og lire av seg svar som du for lengst har slutta å tenkje på om du meiner eller ikkje.
Difor seier eg ikkje noko, berre nyt den varme kjensla av å vere eit vanleg menneske og let drosjesjåføren fortelje om slektningar som har vore både i Noreg, Sverige og Tyskland og tent seg nokre slantar i byggjenæringa. Ute fossar regnet ned, og det gjer det rett i, når det først er haust, og det hadde jo vore noko gale fatt om hausten ikkje kom, seier drosjesjåføren og svingar inn på rutebilstasjonen.
Eg takkar for turen og betalar for meg. Det heiter seg at eg har rett til å nekte å betale om sjåføren ikkje nyttar taksameter eller kan skrive ut maskinell kvittering. Det kunne han sikkert gjort, men då han leitar etter vekslepengane ber eg han berre behalde dei. Litt ekstra for nattarbeidet, seier eg. Ha ei god natt vidare! Han helsar og køyrer sin veg, sikkert overtydd om at han har møtt ein av dei mange som skal til Noreg for å byggje landet.
Nei, dette var kjekt, tenkjer eg på veg til gamlelandet og studia i nynorsk skriftkultur. No lyt eg sanneleg lage meg ein alternativ barndom til den nye estiske drosje-identiteten min.

rangoyhttp://www.blogger.com/profile/15761158941438705019rangoy@gmail.com0tag:blogger.com,1999:blog-12670412.post-37622217294034300652007-09-28T21:09:00.000+03:002007-10-02T08:42:56.796+03:00Bør Estland ha fleire offisielle språk?FNs spesialrapportør for rasisme har nett vore på offisiell vitjing i Estland. Spesialrapportøren Doudou Diene gjer heilt sikkert eit viktig arbeid når han reiser rundt til ulike land og vurderer tilstanden med omsyn til ulike former for rasisme og diskriminering.

I Estland kan det likevel verke som spesialrapportøren ikkje ser at det prinsipielle nokre gonger kan verke feil veg. Han gjer nemleg framlegg om at Estland, som har i underkant av 30% russiskspråklege innbyggjarar, burde hatt to offisielle språk: estisk og russisk.

Det er ingen som vil at russarar i Estland skal oppleve å bli diskriminerte, men faktum er at dei er ei innvandrargruppe, ikkje ein nasjonal minoritet i vanleg forstand. Det vil seie at utfordringa er integrasjon, ikkje "urfolksrettar".

Vidare kan det verke som om spesialrapportøren ikkje ser at det i tilfellet Estland ikkje er umogleg at russisk som likestilt med nasjonalspråket i praksis ville føre til diskriminering av majoriteten. Det kan vere vanskeleg å forstå for den som ikkje har levd ei stund i Estland, men det er faktisk slik at offisiell status til verdsspråket russisk ville føre til at estarar i praksis ikkje lenger ville ha rett til å få ordna ting på estisk i sitt eige heimland. Det er eit spørsmål om mentalitet og om ei historie som framleis er altfor nær.

På 80-talet var det estiske språket i stor fare for å bli fullstendig fortrengd av russisk . Takka vere sjølvstendet er det ikkje slik no -- det er i alle fall ikkje russisk som nett no trugar med å ta over. På den andre sida er det neppe nokon som vil påstå at det russiske språket på nokon måte skulle vere utsett for utryddingfare.

Men dette tyder ikkje at faren for estisk ikkje kan gjenoppstå. Vonleg kjem det ei tid då ein offisiell status til russisk ikkje ville setje det estiske språksamfunnet i fare. Men den tida er faktisk ikkje her no.

rangoyhttp://www.blogger.com/profile/15761158941438705019rangoy@gmail.com3tag:blogger.com,1999:blog-12670412.post-55685166649271732902007-09-20T14:22:00.000+03:002007-09-20T16:39:10.953+03:00Estland sa nei til Nord StreamMange austeuropeiske land har uttrykt sinne og frustrasjon over at Russland og Tyskland gjekk inn for å byggje ei rørleidning på botnen av Austersjøen -- frå Vyborg til Greifswald -- utan å snakke med eller ta omsyn til interessene til nabolanda langs leidninga. For Estland har det store spørsmålet den siste tida vore om det er aktuelt å sleppe rørleidning inn i estisk farvatn, og i dag gjorde den estiske regjeringa ei viktig prinsipiell avgjerd:
Utbyggingsselskapet Nord Stream (der russiske Gazprom eig 51%) får ikkje tillating til å gjere forundersøkingar av havbotnen i estisk farvatn. Denne avgjerda er i prinsippet uavhengig av eit seinare nei til utbygging, og mange meinte at løyve burde blitt gitt til desse forundersøkingane, slik at ein kunne få eit betre grunnlag for argumentasjon. Finske miljøstyresmakter har tidlegare vurdert prosjektet svært negativt, og undersøkingar av havbotnen i estisk farvatn ville etter alt å døme gitt same resultat. For Estland er òg tryggingspolitiske argument svært sentrale -- landet kan ikkje utan vidare akseptere at russisk marine tek til å patruljere estisk farvatn for å "forsvare" rørleidninga, slik det har vore tale om. Dessutan ville undersøkingane gitt russiske interesser mykje strategisk informasjon om estiske naturressursar.
Ein av dei som er glade for avgjerda, er partileiar (IRL) Mart Laar, som meiner at utfallet er ein siger for sunn fornuft. Leiaren for det estiske utanrikspolitiske instituttet, Andres Kasekamp, er derimot kritisk til avgjerda, og meiner Estland gav frå seg høvet til å påverke prosessen vidare. Endel Lippmaa frå det estiske vitskapskademiet, som ofte blir sitert som ein autoritet i energispørsmål, meiner på si side at avgjerda var klok og rett.
Nord Stream er tilbakehaldne med kommentarar, men tek avgjerda til etterretning. Alternativet deira er no å gå attende til den opphavelege plana, der rørleidninga går gjennom finskebukta i finsk territorialfarvatn.

rangoyhttp://www.blogger.com/profile/15761158941438705019rangoy@gmail.com1tag:blogger.com,1999:blog-12670412.post-77396561690682311302007-08-20T07:26:00.000+03:002007-08-20T07:46:55.929+03:00I dag er det 16 år ...... sidan Estland under dei heite kupp-dagane i Moskva visste å nytte det historiske høvet og kome seg ut av Sovjet-unionen. Og det er grunn nok til å minne meg på at det er lenge sidan eg har skrive her på bloggen. Det har vore ein lang sommar, dels eit stykke borte frå Estland.

Men dagen i dag -- dagen for gjenopprettinga av sjølvstendet -- gir grunn til refleksjon. Sjølv har eg budd her i Estland i sju år -- det er meir enn ein tredjedel av tida landet har vore sjølvstendig etter andre verdskrigen. Og i løpet av denne tida har eg sett enorme endringar. Det kan vere god grunn til å diskutere om veksten har hatt ein for høg pris, om han har kome for dei svakaste si rekning, og om han er berekraftig. Men at den økonomiske politikken har ført til store endringar og eit enormt oppbyggjingsarbeid i Estland, det kan det ikkje vere tvil om.

Det estiske demokratiet fungerer -- trass alt. Ikkje perfekt, for perfekt er ingen demokrati. Og ein del problem som er med arven frå okkupasjonstida kjem til å vere med oss i lang, lang tid framover. Men det viktigaste er at landet er fritt og framleis får vere fritt, då er det von om at problema kan løysast.

Det har roa seg kring bronsesoldaten i Tallinn -- ingen krev det er knapt nokon som lenger krev at soldaten skal setjast attende dit han stod før. Men propagandamøllene hos den store naboen i aust mel vidare på andre ting. No er det til dømes snakk om Erna-løpet, det militære løpet med deltakarar frå mange land som har fått namn til minne om den estiske kampen i 1941. Russland kallar dette for "Nazi-løp" og "fascistkrig", slik til dømes Dagbladet skriv om. Dette er skuldingar Estland opplever som grovt urettvist og usakleg -- det handlar nemleg om å heidre minnet om kampen for estisk sjølvstende, som ikkje har det minste med nazisme eller fascisme å gjere. Men dette propagandakortet vil nok like fullt Russland spele for alt det er verd for vestlege som ikkje held tunga beint i munnen og som berre ser andre verdskrigen som ein kamp mellom gode allierte på den eine sida og nazistane på den andre.

Men bortsett frå dette har Estland trass alt opplevde at det har roa seg mykje sidan det stod på som verst. Livet går sin gang, økonomien viser teikn til mindre vekst, og kanskje er det nett det som trengst. Overoppheiting ville nok elles vere den mest reelle faren, men no står det att å sjå kor mjuk eller hard landinga vil vere.

Men for nordmenn og resten av den vestlege verda har fleire andre hendingar -- som Litvinenko-saka med Storbritannia, auka militær aktivitet i nordområda, flaggplantingstokt til sørpolen og så bortetter -- sidan den tid gjerne vore med på fylle ut biletet.

rangoyhttp://www.blogger.com/profile/15761158941438705019rangoy@gmail.com0tag:blogger.com,1999:blog-12670412.post-43697729130733949712007-06-20T20:40:00.000+03:002007-06-20T20:49:08.983+03:00Tortur i Estland?Neste veke skal to av dei arresterte under opptøya i Tallinn, Juri Zjuravljov og Aleksei Rattik, snakke om lidingar og tortur i Europa-parlamentet under eit arrangement på den internasjonale torturofferdagen. Arrangementet er organisert av den russiske EU-parlamentsrepresentanten Tatjana Zjdanoka frå Latvia, formidlar den estiske representanten Katrin Saks referert i Postimees.

Tilfelle av overdriven maktbruk frå det estiske politiet blir etterforska og tekne på alvor i Estland, og det er sjølvsagt ingen grunn til å rekne dei estiske styresmaktene som heva over kritikk i så måte. Like fullt er det vondt å sjå korleis torturofferdagen på denne måten blir misbrukt i framhaldet av den russiske propagandakrigen mot Estland.

rangoyhttp://www.blogger.com/profile/15761158941438705019rangoy@gmail.com0tag:blogger.com,1999:blog-12670412.post-79339562365797610912007-06-20T20:23:00.000+03:002007-06-20T20:49:51.219+03:00Forsvarssjef Laaneots: Russland blir ein stadig større fare for EstlandDen estiske forsvarssjefen Ants Laaneots heldt i dag eit foredrag der han peikte på at det at Russland har teke til å ruste opp den baltiske flåten er ein trussel mot tryggleiken for Estland, skriv EPL.

«Russland snakkar om det russisk-tyske gassrøyret og korleis det må tryggast, men dette er berre eit påskot for å kunne styrkje flåten kraftig her i våre område,» seier Laaneots, og oppfordrar til å ta ein kikk på kartet for å sjå kva endringar gassrøyret kan føre med seg.

Laaneots gjorde eit poeng ut av at opptøya i april i Estland ikkje var nokon spontan folkeoppstand men «ein vidtrekkjande og nøye planlagt og førebudd spesialoperasjon mot Estland, godkjend på høgt hald i Den russiske føderasjonen».

Forsvarssjefen meinte aprilhendingane og bakgrunnen for dei viste at det er naivt å tru at Estland er godt trygga berre ved å vere medlem i EU og NATO.

rangoyhttp://www.blogger.com/profile/15761158941438705019rangoy@gmail.com0tag:blogger.com,1999:blog-12670412.post-48704575769084871192007-06-14T21:11:00.000+03:002007-06-14T21:25:06.939+03:0014. juni -- ein dag for sorg og ettertankeI dag var flagget senka på halv stong i heile Estland. Den 14. juni er nemleg dagen for den såkalla junideportasjonen i 1941, ein av dei store deportasjonane av estarar til Sibir. Meir ein 10 000 personar vart sende i veg. Vaksne menn vart skilde frå familiane sine og fekk status som arresterte. Dei fleste av dei døydde i fangeleirar. Kvinner og born vart sende til "omplassering" i Kirov og Novosibirsk, om lag halvparten av dei overlevde.

Junideportasjonen var ikkje den største. Til saman vart over 30 000 estarar deporterte til Sibir gjennom de to største aksjonene i 1941 og 1949, og ofrene for Stalin-terroren var alt i alt over 100 000. Det har sett sine spor i eit lite folk på knapt ein million.

rangoyhttp://www.blogger.com/profile/15761158941438705019rangoy@gmail.com1tag:blogger.com,1999:blog-12670412.post-21367569860438146952007-06-14T20:54:00.001+03:002007-06-14T21:10:51.187+03:00Ein ny alkoholpolitikk i Estland?I likskap med mange andre område er òg alkoholpolitikken eit område der Estland sidan 90-talet har vore svært liberale. Argumenta for ein slik politikk har for ein stor grad vore prinsipielt liberalistiske, men det kan ikkje stikkast under ein stol at eit av resultata av svært god tilgang til rimeleg og lovleg alkohol har vore eit stort forbruk og store alkoholproblem. Forfattaren Olev Remsu, som er aktiv i det estiske fråhaldsforbundet AVE (Alkoholivaba Eesti -- "Alkoholfritt Estland"), har spissformulert det som det estiske folkets kollektive sjølvmord.

Men det er sterke teikn som tyder på at trenden held på å snu. Det er i ferd med å bli fleirtal for sterkare regulering på fleire plan. Mellom anna har bystyret i Tallinn vedteke å innføre restriksjonar på salstidene for alkohol -- frå 1. juli i år vil alkoholsal i butikkar vere forbode frå klokka 20.00 til klokka 08.00 i Tallinn.

Men ein marknad og eit samfunn som er van med minimal regulering har vondt for å svelgje slike tiltak, og reaksjonane har ikkje late vente på seg. Det estiske kjøpmannsforbundet EKL har gått så langt som å truge med like godt å stengje heile butikkane klokka 20.00 om kvelden dersom dei ikkje får selje alkohol fram til klokka ti.

Vi har truleg ikkje sett dei siste reaksjonane av denne sorten. Like fullt er det liten tvil om at Estland er nøydde å gjere noko med alkoholproblema, og det er stadig meir politisk vilje for òg å nytte avgrensing av tilgangen som eit av fleire verkemiddel.

rangoyhttp://www.blogger.com/profile/15761158941438705019rangoy@gmail.com0tag:blogger.com,1999:blog-12670412.post-65518795821716124402007-06-05T20:48:00.001+03:002007-06-05T22:05:25.264+03:00Kadri Liik: Krigen minus Stalin
Kadri Liik har mange år bak seg som estisk Moskva-korrespondent og no er ho leiar for det internasjonale senteret for forsvarsstudier (RKK/ICDS). Denne kronikken stod i Postimees den 12. mai og er her attgjeven i mi omsetjing med tillating frå forfattaren. Omsetjinga står sjølvsagt for mi rekning.

I løpet av dei åra eg arbeidde i Moskva – og av og til seinare òg – har det hendt at eg har hamna i ein situasjon der eg måtte diskutere historie med russiske politikarar. Nøkkelspørsmålet er som kjent om Estland vart okkupert eller ikkje. Og ofte har det hendt at etter kvart som samtalen har skride fram kjem motparten til slutt fram med ein påstand om at «det var ikkje vi som okkuperte dykk, men bolsjevikane som okkuperte oss bege. Dei gjorde meir skade for det russiske folket enn for nokon andre. Vi er lagnadsfeller, så det er ingen grunn for dykk til å skulde oss!»

Dette argumentet er ikkje så dårleg som det ved første blikk kan sjå ut for ein estar. Det største problemet med argumentet er at den einaste staden Moskva-politikarar nyttar det er i bitre ordskifte med journalistar frå Aust-Europa. I det verkeleg liv tek dei ikkje utgangspunkt i denne offerposisjonen. Ikkje berre det: no har det offisielle Moskva igjen svært aktivt byrja å overta sovjetisk symbolikk og retorikk.

Det er veldig trist. For hadde offerposisjonen deira verkeleg vore oppriktig, ville det herska ein mykje større grad av gjensidig forståing mellom Estland og Russland i nesten alle spørsmåla som no er så smertefulle.

Vi kan til dømes ta andre verdskrigen: om Moskva i handsaminga av krigsrøynslene hadde greidd å unngå å rettferdiggjere den stalinistiske politikken til Sovjetunioen, ville Moskva og Tallinn stå kvarandre temmeleg nær i historieforståing og problema rundt bronsesoldaten hadde truleg vore ikkje-eksisterande.

I så fall ville alle vite at då krigen byrja var den stalinistiske Sovjetunionen i nesten to år (frå 1. september 1939 til 22. juni 1941) faktisk ein alliert av Nazi-Tyskland. Etter Molotovi-Ribbentrop-pakta kunne sistnemnde vere trygg på at Sovjetunionen ikkje ville gå til åtak, og dermed kunne dei uforstyrra føre krigen i Vesten; denne tida var desto vanskelegare for dei vestlege demokratia.

Sovjetunionen valde ikkje dei godes side straks, dei valde det ikkje ein gong frivillig, men først når det reagerte på eit åtak. Tida før dette hadde Stalin derimot nytta på å skaffe seg fiendar i Polen, dei baltiske landa og Finland ved hjelp av erobringspolitikken sin, og dessutan skyte den beste delen av offisersstaben sin.

Med politikken sin sette Stalin både folket og hæren før kriten i ein mykje dårlegare situasjon enn dei elles ville vore i. Hadde Sovjetunionen vore ein sympatisk, demokratisk stat, ville kvaliteten på militæret vore intakt og dei baltiske landa og Finland kunne vore frivillige og trufaste allierte. No var det annleis. Feila som vart gjort i politikken vart vanlegvis betalt med liva til vanlege russiske soldatar -- og ikkje berre russiske.

I Russland i dag er det to svært utbreidde tankemønster som ikkje kunne finnast i eit Russland som kjenner seg som eit offer for bolsjevismen. For det første er det vanleg å seie om Stalin – og det gjeld og dei som vanlegvis kallar han for ein brotsmann – at «men han vann jo trass alt krigen». Han var det han var, men det var ein stor dåd som i alle fall delvis på sett og vis rehabiliterer han.

Eit anna vanleg grep er å vektleggje at nett Sovjetunionen -- eller Russland -- var dei som tapte flest menneskeliv i andre verdskrigen; dette skulle dermed gjere landet til den største av dei allierte og sigeren deira til den mest strålande.

Eit Russland som såg seg sjølv som eit offer for bolsjevismen ville sjå anneleis på desse tinga. Då ville det forstå at krigen ikkje vart vunnen på grunn av Stalin -- men på trass av han. Ein soldat som forsvarar heimlandet stod i røynda overfor to diktatorar, der ein av dei no ein gong var leiar i landet hans og gjorde det mykje tyngre å skulle forsvare heimlandet, med langt fleire offer enn det elles kunne vere. For eit stort tal av falne er jo i grunnen ikkje noko å vere stolt av. Ein klok hærførar tek vare på liva til soldatane sine! Stalin for derimot medvite brutalt og omsynslaust åt med dei.

Eg er lei meg for at Russland i Jeltsin-tida ikkje visste å ta til seg den de-staliniserte forståinga av krigen som eg har skildra. Det ville vore nyttig for oss alle: dei kunne teke vare på sigersdyrkina si, for det folket gjorde var verkeleg eit stor heltebragd, til og med dobbelt så stor -- å forsvare heimlandet mot eller på trass av to diktatorar. Samstundes ville dette firgjort dei frå den umoglege plikta det er å skulle rettferdiggjere dei sovjetiske brotsverka: den tåpelege retorikken som ingen i Europa forstår eller deler, som no har fått dei til å bli uvener med alle og som forgiftar sjølve den russiske sjela med sterk framandfrykt.

Dei ville ha halde på sigeren sin, på heltedåden, dei ville hatt ei mengd gamle heltar og mange nye òg (kvifor har ikkje Moskva gjort heltar av dei anti-sovjetiske dissidentane?!). Og kanskje det viktigaste av alt – dei ville ha ei historiske sanning som blir støtta, ikkje undergrave, av fakta. Dei ville ha ei forståing av verda som dei ikkje ville trenge å forsvare irritert mot resten av Europa, men som resten av Europa uansett ville dele med dei.

For femten år sidan kunne Jeltsin verkeleggjort dette verdsbiletet. No er det for seint – og ikkje berre fordi Putin har smitta heile samfunnet med sovjetnostalgi, men òg av mange meir praktiske årsakar. Eit land som føler seg som eit offer kan jo nemleg ikkje late dei leve ustraffa som forårsaka lidingane deira. Lenin og Stalin var sjølvsagt døde i 1991, men mange andre som sende dissidentar i fengsel i Bresjnev-tida var svært oppgåande.

Dei skulle vorte stilt for retten. Men i Russland i dag sit dei tvert om med makta. Og av den grunn kan vi ikkje vente endringar i Moskvas historieforståing før autoritarisimen i si noverande putinske drakt nok ein gong har svikta og vist seg som ikkje levedyktig. Då opnar det seg eit nytt høve.

Men eigentleg tok eg ikkje til å skrive denne artikkelen for å analysere Russland-spørsmål. Eg ville nå attende til Estland og foreslå at vi kan gjere det som er for seint: vi kan destalinisere minna om krigen. Hos oss burde det vere mogleg og for oss er det og svært naudsynt.

Etter alt det skremmande og rystande som hende dei nettene i slutten av april i Tallinn, spør vel mange seg om kva vi bør gjere no. Ein ting som har vore framme er betre historieundervising i dei russiske skulane.

Det er i seg sjølv truleg ei rett tilråding, men det må gjerast klokt. Det er ingen gagn i å kreve av russiske ungdommar at dei skal pugge eit heilt bind om lidingane til det estiske folket, samstundes som dei får høyre ei anna historie heime. Ei generell destalinisering av minna om krigen ville gi oss eit høve til å foreine desse historiene – eller i det minste før dei langt nærare kvarandre og gjere dei gjensidig forståelege.

For kva var problemet med bronsesoldaten? Han vart ein stad for sovjetisksinna propaganda, og det var støytande for størsteparten av samfunnet. Samstundes forstår eg svært godt dei russarane som seier at dei gikk og går til bronsesoldaten for å sørgje over sine døde, for å minnast slektningar når leivningane er ein stad langt borte eller heilt forvunne.

Eg har mange slektningar sjølv som leivningane etter ligg i Siber, men som har namnet sitt på ein gravstein i Estland – det er svært likt. Nei, det ikkje noko gale i å minnast dei døde; og når vi ser dei falne i krigen ikkje som folk som kjempa for Stalin, men folk som vart kasta mellom to diktatorar, då blir heile historia svært-svært nær den estiske røynsla. Og den estiske historia burde bli forståeleg for russarane – den same diktatoren som gjorde tapa deira under krigen langt større enn dei kunne ha vore, var det jo som påførte estarane deira tap.

Destalinisering av krigsminnet tyder derimot ikkje at det berre er den russiske folkegruppa som må korrigere sine oppfatningar. Estarane, som berre har hatt forakt til overs for nesten kvart godt ord om raudearmeen og sett det som restar av sovjetisk propaganda, bør òg bli langt meir empatiske.

I den armeen var det jo òg menneske som prøvde å forsvare heimen sin, uansett kva diktator som stod i spissen. Kva val hadde dei?! Og desse menneska sørgjer barna over.

Eller denne ulukkelege bronsesoldaten – for stordelen av estarane var han heile tida ei «Sovjetisk greie». Vi ville ikkje sjå han som ein stad for å sørgje og minnast. Dette kan vi jo forstå – alle visste jo at monumenet opphaveleg skulle stå til minne om «frigjeringa» av Tallinn; det at minneplatene vart skifta ut var i ikkje nok til å skulle endre denne tydinga.

No kan ho endrast – for merkeleg nok har flyttinga til ein gravlund verkeleg gitt statuen eit nytt tydingsfelt – eller i alle fall gjort eit slikt mogleg.

I det heile har alt det som hende, så fælt det enn var, eigentleg òg reinsa lufta og opna opp for nye potensial. Alle er litt rysta. Alle vil vite meir enn før om kva dei andre tenkjer. Alle er klare til å korrigere stereotypiane sine litt.

Lat oss då nytte høvet og skape ei slik historie om Estlands fortid som alle som bur i Estland kan dele! Hos oss, til skilnad frå Russland, er det frameleis mogleg. Og det er mogleg å gjere slik at ingen treng å kjenne at han eller ho er fråteken historia si, minnet sitt heilagdomane sine.

rangoyhttp://www.blogger.com/profile/15761158941438705019rangoy@gmail.com0tag:blogger.com,1999:blog-12670412.post-38995152025321612692007-06-05T20:18:00.001+03:002007-06-05T20:47:13.890+03:00Fleire Nasji-aktivistar utvist frå EstlandDet meste har forlengst roa seg i Estland, men i Russland har ungdomsrørsla «Nasji» framleis tungt for å finne seg i det som har skjedd. Dei har gjort mange freistnader på aksjonar i Tallinn, som regel ved å stille seg opp på staden der bronsesoldaten stod før og leike «levande minnesmerke». Eit juridisk problem med slike aksjonar er at dei vanskeleg kan skildrast som typisk turisme -- og personane det er snakk om kjem til Estland frå Russland på turistvisum. Og dermed er det berre å sende dei ut igjen.
Først ute var Andrei Kalugin som stod på post ei stund frå og med klokka 12 den 22. mai, ifølgje Postimees. Hans stilte seg altså opp midt i blomsterhavet der Aljosja ein gong stod -- iført ei uniformliknande som var meint å skulle minne om ei raudehærsuniform. Aksjonen vart snart avbroten av politiet, og turistvisumet hans vart annulert same dag. På heimesidene til Nasji blir dette sjølvsagt skildra som eit overtramp frå estisk side.
Den 4. juni er det på'n igjen -- då begjærer politiet annulering av visumet til Aleksandra Bondarenko, som òg har prøvd seg som æresvakt.
I dag var den estiske grensevakta raskare ute -- dei tre Nasji-aktivistane Maksim Urusov, Mijhail Sytsjov ja Ivan Stepin vart nemleg avvist på grensa i Narva. Dei tre fekk annulert turistvisuma sine på staden og fekk eit stempel i passet som kan gi dei problem med reiser i Europa dei neste fem åra.

rangoyhttp://www.blogger.com/profile/15761158941438705019rangoy@gmail.com0tag:blogger.com,1999:blog-12670412.post-56390635094832811872007-05-24T20:32:00.000+03:002007-05-24T20:42:53.696+03:00Europaparlamentet støtta Estland på alle punktDet er ein stor siger for Estland at Europaparlamentet i dag vedtok ein resolusjon som sterkt og tydeleg uttrykkjer at EU har forstått kva problem Estland har å stri med, og stiller seg solidarisk og støttande i ein vanskeleg situasjon. Resolusjonen vart vedteke med 460 stemmer for, 31 mot og 38 blanke røyster.
(EPL)

rangoyhttp://www.blogger.com/profile/15761158941438705019rangoy@gmail.com0tag:blogger.com,1999:blog-12670412.post-26442953652163663472007-05-23T08:24:00.000+03:002007-05-23T08:37:02.198+03:00EU-parlamentet drøfta støtteresolusjon om EstlandEU-parlamentet i plenum drøfta i går ein resolusjon om situasjonen i Estland som skal opp til røysting i morgon.
Hovudpunktet i resolusjonen er solidaritet med Estland ut frå at Estland som sjølvstendig stat har handla ut frå allmenne europeiske normer og at Russland har blanda seg inn i indre tilhøve i Estland.
Resolusjonen legg vekt på at både koordering av uro frå russisk side, beleiring av den estiske ambassaden og åtak på ambassadøren, elektroniske åtak, skjulte økonomiske sanksjoner eller krav frå statsduma-delegasjonen om at den estiske regjeringa skal gå av, er heilt uakseptable.
"Innblanding i Estlands indre tilhøve er heilt uakseptabelt," sa mellom anna nestleiar for den sosialdemokratiske fraksjonen, Jan Marinus Wiersma. Han meinte at det er opp til Russland å gjere sitt beste for å komme i dialog med Estland og Latvia.
Dei estiske EU-parlamentarikarane som deltok under drøftinga var Tunne Kelam, Toomas Savi, Andres Tarand og Katrin Saks. Representantane avviste påstandane som Vladimir Putin la fram under toppmøtet i Samara om at Dmitri Ganin, som omkom 27. april, ikkje skulle ha fått medisinsk hjelp. "Nok ein gong tok Russland i bruk direkte løgn," sa Andres Tarand.
(Postimees 22.05.07).

rangoyhttp://www.blogger.com/profile/15761158941438705019rangoy@gmail.com0tag:blogger.com,1999:blog-12670412.post-82736796481303285692007-05-21T10:28:00.001+03:002007-05-21T10:40:38.400+03:00Tivolibrannen i Rakvere -- Estland får nye ting å tenkje påEtter at det estiske mediabiletet i lang tid har vore dominert av ein viss tematikk, har dei siste par dagane vore prega av tivolibrannen i Rakvere. Det var seinkvelden den 18. mai at redningstenesten fekk inn melding om brann i ein karusell på tivoliet i Rakvere.
Det er ikkje usannsynleg at brannen kan vere påsett.
Ingen omkom i brannen, men 41 personar har vore innom sjukehuset i Rakvere til kontroll,
av dei hadde 31 personar skadar. To mindreårige var skadde, men det er ikkje snakk om livstrugande skadar for nokon involverte.
I etterkant har brannen utløyst ein debatt om kontrollsystem for tryggleik ved tivoli og liknande stader. Fram til no har eigaren nærast stått åleine med det tekniske ansvaret.
(Kjelder: EPL, Postimees)

rangoyhttp://www.blogger.com/profile/15761158941438705019rangoy@gmail.com1tag:blogger.com,1999:blog-12670412.post-4096675032535678502007-05-16T22:43:00.001+03:002007-05-16T22:50:37.445+03:00Shimon Peres: Bronsesoldaten var ei indre sak for EstlandShimon Peres vitja Estland i dag og la mellom anna ned krans ved minnesmerket over Holocaust-ofra ved Klooga vest for Tallinn.
Peres meinte mellom anna at Estland har takla krisa bra og at avgjerda var Estlands eiga sak,
står det mellom anna i Postimees i dag. "Slik vi ser det gjekk regjeringa dykkar forsiktig fram og gjorde eit stort arbeid," seier israelaren.
Den israelske politikaren rosar òg Estland for utvikling på fleire område.

For Estlands del er det viktig at det faktum at den israelske visestatsministeren ope seier dette er med på å setje nazisme-påstandane frå Kreml i perspektiv.

rangoyhttp://www.blogger.com/profile/15761158941438705019rangoy@gmail.com0tag:blogger.com,1999:blog-12670412.post-6297476003818445512007-05-16T22:37:00.000+03:002007-05-16T22:42:04.301+03:00Statsminister Ansip: Det var snakk om forsvar av landetAndrus Ansip har vore både utskjelt og lovprisa sidan dei dramatiske hendingane i slutten av april, men sjølv har han vore tilbakehalden med kommentarane.
No har han teke bladet frå munnen og kommentert kvifor han og regjeringa hans gjorde som dei gjorde. Det handla om tryggingspolitikk, seier Ansip, ja rett og slett om å forsvare Estland mot ei framand makt. Hadde ikkje flyttinga vorte gjort no, ville Estland ved hjelp av destabilisering og misbruk av "landsmennene" meir og meir bli dominert av Moskva, meiner statsministeren, slik han i i dag kommenterer det under overskrifta "CCCP forever -- eller aldri meir" i Postimees.

rangoyhttp://www.blogger.com/profile/15761158941438705019rangoy@gmail.com0tag:blogger.com,1999:blog-12670412.post-67786199514542315102007-05-13T11:14:00.000+03:002007-06-01T08:37:23.717+03:00Moskvas rolle i uroa i TallinnDet relativt nyoppretta Senteret for forsvarsstudier (RKK/ICDS) i Tallinn, under leiing av tidlegare estisk Moskva-korrespondent Kadri Liik, offentleggjorde for nokre dagar sidan ein oversiktsstudie om Moskvas rolle i hendingane i Tallinn -- ein studie som vart mykje omtala og kommentert i estisk presse.
Engelskspråkleg tekst finst på heimesida til senteret.

rangoyhttp://www.blogger.com/profile/15761158941438705019rangoy@gmail.com1tag:blogger.com,1999:blog-12670412.post-75222179110824803772007-05-12T18:09:00.000+03:002007-05-13T10:15:23.072+03:00TILBAKEBLIKK: Kva bør gjerast med bronsemannen?Ein gammal leiarartikkel frå Postimees:

Kva bør gjerast med bronsemannen?

Kor viktig aktør i politkken er ein mannsfigur støpt i bronse? Eit merkeleg spørsmål - kva politikk kan vel ein bronsemann gjere? Likevel er det stadig noko oppstyr rundt soldatstatuen på Tõnismägi i Tallinn. Ein gong i året samlar dei russiskspråklege veteranane seg der for å drikke vodka, synge og minnast gamle tider. Russiskspråklege politikarar møter opp og handhelsar på dei, dei blir filma og fotografert.

Ein annan dag kjem ein lastebilsjåfør og tippar eit søppellass for føtene på bronsemannen og blir bøtelagd av politiet.

I går morgon hadde det dukka opp ein hakekross på magen til bronsemannen som einkvan i all hast fekk måla over att. Var det nok ein gong ein provokasjon, kjem hendingane i Riga til å gjenta seg her hos oss no?
Vi kan sjølvsagt ikkje utelukke at det kan vere ein provokasjon. Det nyttar ikkje å lure seg sjølv til å tru at det hos oss ikkje finst krefter som er interesserte i å destabilisere situasjonen og skade Estlands internasjonale omdømme.

Det er heller ikkje umogleg at provokatørane blir styrde utanfrå. Vi kan berre minne om det temmelege illevarslande tipset som ein delegasjon for det estiske parlamentet Riigikogu fekk i Moskva i byrjinga av april - at demonstrasjonen til dei russiske pensjonistane i Riga er småtteri i forhold til det ein ville sjå om det skulle kome militært utdanna offiserspensjonistar ut i gatene. Og sanneleg, 9. mai er jo alt om to veker.
Vi kan heller ikkje utelukke at tilgrisinga av statuen er ein estisk ekstremistorgansiasjons verk, det er berre det at ingen slik organisasjon har late høyre frå seg. I så fall vil det nok vere tale om ein leikeorganisasjon som har målingsboksen som våpen.

Det mest trulege er nok likevel tryggingspolitiets første versjon, at det var tale om vanleg hærverk - truleg eit vågestykke frå ein eller annan ungdomsgjeng. Med andre ord, ein guttestrek, men for ein reaksjon! Interessant nok vakte ikkje skjendinga av gravsteinane frå frigjeringskrigen i Pärnu nyleg nokon reaksjon i liknande målestokk. Er det staden eller gjenstanden det handlar om?

Det er tydeleg at kven det enn var som skjenda bronsemannen og kva dei no ville med det, noko positivt for Estlands land og folk fører det ikkje med seg. I likskap med alle andre arrangement og tiltak dei siste åra ved den same statuen.

Kva skal vi så gjere med bronsemannen og eventyra hans? Å utplassere ei permanent politipatrulje til å passe på ham ville nok vere i meste laget, særlig når det ikkje er nok politifolk i byen til å ta vare på menneske av kjøtt og blod.

Kanskje skulle likevel by- og statsleiarane ta mot til seg og flytte statuen til ein rolegare kvilestad, for eksempel til kyrkjegarden?

Det interessante med leiarartikkelen over er ikkje først og fremst synspunkta - for dei har vi høyrt mange gonger dei siste åra. Det interessante er datoen.

Leiaren stod nemleg i Postimees den 24. april 1998, altså for meir enn ni år sidan, mindre enn sju år etter at Estland vann at sjølvstendet og mindre enn fire år etter at dei siste russiske soldatane reiste frå landet -- og altså seks år før Estland vart medlem i både EU og NATO.

rangoyhttp://www.blogger.com/profile/15761158941438705019rangoy@gmail.com1